tirsdag 4. januar 2011

Vesker

Vesker er ein  god ting å ha.  Det er noko eg likar å ha. Då eg var ung hadde eg alt eg eigde i lomma. Så fekk eg born og plutselig skulle ein dra med seg ting for alle eventualiteter. Så blei det sekk, men etterkvart som ungane blei større, minka behovet. Eg gjekk over til vesker. Det var igrunnen greit med vesker. Praktisk og  smart. Eg oppdaga  veskenes verden.

Minstajenta fekk eit spel i jula der ein skal finne synomym, eller omskrivingar på ord. Der var ordet veske. Då fann den mannlige deltakaren på følgende omskriving: nåke damer likar å ha rundt armen....

For meg stemmer det. Eg likar å ha det rundt armen. Helst skal det henge fast, for eg har ikkje alltid tid til å passa på den. I godt lag, når iveren får meg til å letta og hender og føter går for å få sagt det eg så inderlig har på hjarta.. er det godt veska heng fast.

Det er ikkje nok at dei er praktiske og heng fast. Dei skal også vere stilige og heilt på kanten balanserende til det vulgære, dog uten at tippe over. Det er ein vanskelig balansegang. Mine vesker skal stå i stil og signalisere meg.

I min yrkeskarriere mens veskene ennå var for store til å henge fast slapp, eg å tenke på veska. Alle kom springande om eg hadde gløymt den, for ingen ville bli sett aleine i same rom som mine vesker.
Far til den store forfattaren Renberg fekk angst med tanken på å vere åleine på personalrommet med mi veske, for ikkje å snakke om dersom eg gløymde den på hans kontor.

Eg har ikkje heilt talet på veskene mine, men eg har nok vesker for dei fleste anledningar. Til vanlig bur dei i eit klesskap. Der trur eg dei har det godt, men kanskje eg burde vurdere Dronning Sonja sitt system; kartotek.

DSC00137
Døme på veske eg eg sleit med å gå forbi. Eg måtte stålsette meg for å gå forbi

Dagen kviss: Kva er spesielt med ein pompadour?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch4. januar 2011 kl. 07:34

    Pompadour eller pompadur er betegnelse på flere moteelementer som, med rette eller ikke, er oppkalt etter den franske Madame de Pompadour, Ludvig 15.'s elskerinne fra 1745. Det gjelder blant annet et kraftig silkestoff med blomstermønster, en poseformet dameveske som er laget av dette stoffet og har rynkesnor, et pyntebånd, en kjole og en hårfrisyre for kvinner og menn, formet som en høy «rockesveis». Pompadour er dessuten navn på en retning innen rokokkostilen fra cirka 1745 til 1764.

    SvarSlett
  2. the librarian bitch4. januar 2011 kl. 07:36

    Og eg er sikker på at du har ein pompadour i samlinga di. Kvifor gjekk du forbi den veska på biletet? Greit - du har ei ugleveske frå før av, men eg har ikkje!!!

    SvarSlett
  3. Heilt rett! Skulle meste tru at du har gulpa opp heile leksikonet ;)
    Hadde ein pompadour før, men skifter av og til ut i samlinga..

    Ja, skulle ha tenkt på deg. Eg tør ikkje heilt utbre slike vaner på andre folk...

    Men eg tok hintet før jul og sendte badne over heile Norwich og London på leit etter julegave til deg.
    Men trur du me fekk tak i .... Forresten så tok veska i scandinavian style kvelden på Rørosturen. Mulig den ikkje tålte kulden? ;) iallefall gjekk glidelåsen av og den rivna i saumane :(

    Det var et typisk : "proudly made in UK " produkt.....

    SvarSlett