tirsdag 28. desember 2010

Den store barnedåpen

Den store  barnedåpen i Røros kirke 19 desember. 
4 born vart døypte i same vatnet. Dåpskjolen vart ferdig og skrøyt vart det. Ei dame kom bort etter dåpen og sa ho hadde sydd mange dåpskjoler og ville sei at den var veldig fin. Då blei eg varm om hjarta og alt strevet vart gløymt.

Dåpskjolen er sydd av gullfarga thaisilke. Sjølvsagt måtte vere det til gullguten.
Det eg ikkje tenkte på at våt silke ikkje er noko særleg. Gullguten suglar. Han suglar så ein skulle ikkje tru det er sant. Mora gløymde suglekluten i sakrestiet og før me var ute av kyrkja såg guten ut som om han var døypt etter gamal måte; total nedsenking..
Dåpskjolen hong som ei vådra rundt han;)


Det ferdige resultatet før stryking



Dåpslua

Kyrkja

 Dåpsborna vert borne inn 

 Foreldre og fadrar

 Nå går det gale: min tålmodighet er slutt

 Nokså irritert

Her klarte eg å laste opp eit uklart bilde av familien Hiim Molland/ Garmager


Foto: Einar Aasen
 Bergstadens Ziir

Denne flotte kyrkja er Norges 5. største kyrkje. Den har plass til 1600 mennesker, og er bygd til : "Guds ære og Bergstadens pryd"

Dagens kviss: Når er Bergstadens Ziir bygd?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch28. desember 2010 kl. 10:22

    Kyrkja blei innvia i 15.august 1784.

    Et lite klipp fra Wikipedia her: Over inngangsdøra til kirka står det: «Til Guds Ære og Bergstadens Ziir». Ziir betyr pryd, og denne formuleringa har gitt navn til kirka. Kirka ble innviet 15. august 1784. Røros Kobberverk bekostet kirka, og verkets merke ble satt på alle sider av tårnveggen. Den kvitkalka steinkirka hever seg over alle bygg på Røros.

    SvarSlett
  2. the librarian bitch28. desember 2010 kl. 10:34

    I Danmark har dei ein fin skikk. Der kjem dåpsbarnet (blir sjølvsagt bært) inn, saman med foreldre og fadrar, nede ved inngongen (våpenhuset?) og går opp heile midtgangen og fram til alteret. Då får alle sett skikkeleg på kven dagens hovudperson er og kor han høyrer heime.
    Eg reknar med at dåpskjolen ligg att på Røros, så du får legga ut skikkelege bilete av den. Vil sjå detaljar osb. Litt dårlege bilete her på bloggen din.

    SvarSlett
  3. kirken ble påbegynt i 1780, og som TLB sier, den ble innvia 15 aug. 1784.Selv om den ble innviet da, ble den ikke vurdert som helt ferdig ved innvielsen, og byggeregneskapet ble ikke ferdigstilt før 1786!

    Dvs at svaret på dagens kviss er : Kirken ble bygd fra 1780 til 1786!

    SvarSlett
  4. Mange fine innspel. Eg likar godt problematisering av svara. Det er det som er det kjekke med kviss:)

    Kvissvaret er 1784, sjølv om Anne kommenterer at ho ikkje var heilt ferdig. Eg går utfrå den offisielle opninga. Så vinnaren er TLB. Gratulerer.

    I røros kyrkja gjekk dei og inn i prosesjon. 4 dåpsborn med foreldre og fadrar. Du ser eit bilde frå inngongen, og så eit der dei går i prosesjon.

    Ein annan ting eg likte var at presten haldt kvart dåpsbarn fram for menigheten etter dåpen og presenterte han for menigheten. " Her er Ask, vår bror i Menigheten? og eit eller anna med Jesus.. eller noko liknande"
    Eg var så rørt då at eg ikkje tok det heilt inn.

    SvarSlett