torsdag 9. desember 2010

The Dog Poo fairy finns ikkje

Drit er ikkje kjekt å trø i. Drit trør me i heile tida når me er ute på tur.
Som sikkert alle har fått med seg har eg vore i England, og der fekk eg masse inspirasjon. Engelskmenn likar heller ikkje å trø i drit.
Dei har nok sikkert sett det samme som eg; at nokre hunde-eigarar plukkar driten fint opp i posen, knyter den og kastar den frå seg. 

Då har engelskmennene funne ut at dei må ta ein illusjon frå sine innbyggarar. Dei som feilaktig trur at ein Fe fyk bort med posen. 
Denne plakaten fall eg for. Den er litt vanskelig å sjå for den var inni ein monter. Men teksten er slik: “There`s no such thing as the Dog Poo fairy” med eit fint bilde av ein rosa Fe som fyk vekk med dritt-posen
DSC00112

Så kan eg  fortelje dykk at mange i Norge og trur på  “the Dog Poo fairy”. Denne sirlig knytte hundeposen fann eg i vegkanten på Hiim, på vegen opp til Stemmen.  Eg fann den i vår og sidan the Dog  Poo fairy ikkje finns ligg den vel der ennå…. ..

DSC00073
Dagens kviss: Kva skal folk gjere med hundeposane?

9 kommentarer:

  1. the librarian bitch9. desember 2010 kl. 07:36

    Gå heim til deg med de? Ikkje det nei. Då får dei bera dei med seg til dei finn ei bosskorg. Fortrinnsvis sitt eige bosspann eller eit offentleg; i allefall ikkje hjå naboen.
    Forresten så er det vel feil å kalla det hundeposar; du puttar jo ikkje hunden oppi. Bæsjeposar er vel det rette uttrykket. Du Liv treng vel ikkje slike posar, sjølv om du opererer med lavendelfarga posar med tilhøyrande duft - hundane dine går jo ikkje ut likevel.

    SvarSlett
  2. Eg tror på "the dog poo fairy".. ;-)
    Eg måtte plukka opp etter hunden min borte før skulen på Eide, og siden bosspannet på skulen var innegjerda pga. arbeid på skulen og neste bosspann ikkje står før Rimi, så valgte eg å sette posen ifrå meg der, for å heller ta den med meg på heimvegen og kaste i mitt eige bosspann. (eg liker ikkje å gå lenger enn nødvendig med en drittpose i hånda.)
    Men når eg kom tilbake, knapt 40 min seinare, var posen søkk borte.. Altså, her har "the dog poo fairy" vært på ferde.. :-P

    SvarSlett
  3. Ska de ha hund for de jaggu ta med seg driten og... Var ei som gjekk forbi oss, med dritpose i hånda, ho kikka seg rundt, og vips - så heiv ho han oppi boss spannet te stakkars Holm!! Eg vurderte sterkt om eg sko banka på vinduet og veifte med peikefingeren.. Jaja, det er jo bare boss oppi likavel tenker du kanskje, men det betyr ikke at andre ska hive drolten te bikkja si oppi??

    Og det med å gå med ein drit pose i hånda , ser det er mange som "knytte" posen fast i båndet....

    SvarSlett
  4. Bag that poo - any rubbish bin will do !

    SvarSlett
  5. the librarian bitch var først med rett svar! Gratulere!

    Hundeposar er misvisandes på lik linje med leverposteibokser med bilder av unger utenpå;)

    Du såg kanskje at eg kalla posane dritt-posar, men sidan eg er oppvaksen på gard og ikkje alltid er så følsom i uttrykket, tenkte eg å roe meg litt ned... til hundeposar ;)

    Dei få gongene våre små vil ut på driting er det bedre å bære på velduftendes lavendelposer, enn de svarte fæle :)

    SvarSlett
  6. Tord. Eg skjønar du har opplevd det som kalles et under. Det har skjedd i de fleste religioner. Nå også i the Dog Poo faify mytologien.

    Eg vel å vere tvilaren Thomas litt til, ellers mister eg heilt autoritet her ;) Ikkje få meg til å dementere dette og;) Er det fleire der ute som har opplevd liknande under??

    SvarSlett
  7. Anne. Eg vil heller ha driten innpakka i mitt boss, enn at den ligg på plenen min. Eg er glad når eg ser drt istaden for som på bildet; at den ligg innpakka på bakken ... Det viser at dei har begynt å lære ;)

    ingrid sa veldig klokt på denne sida:Bag that poo- any rubbish will do :)

    SvarSlett
  8. Mitt vannvittige store hageanlegg ligg så opp fra veien at eg slepp hundelortar....

    SvarSlett
  9. Du er heldige med plasseringa:) Verre er det at eg heller ikkje kjem opp :(

    SvarSlett