lørdag 11. desember 2010

Duracell eller Polynevropati

Ein del av oss hugsar nok Duracell-kaninreklamen. Om den elleville kanina som gjekk på duracell-batteri. Ho for rundt og tromma iherdig heilt til ho vert utbrend og bråstoppa. Ved sida var der ei anna kanin. Ho gjekk på "vanlige" batteri. Halvvegs ut i tromminga byrja ho å bli sløv. Rørslene blei langsomme. Ho flytta seg seint, og sakka etter den elleville. Halvvegs til målet var ho heilt død. Tom for strøm, livlaus...

Å ha den ærverdige sjukdommen polynevropati kan samanliknast med å vera den "vanlige- billig-batteri-kanina".  Me startar overmodigt og ambisiøst som alle andre, men ikkje ein gong halvvegs til målet går me tome for straum og ligg som slakt.
Fleire batteritypar er oppladbare og gir energi nå ny og på ny. Men våre batterier er av ein slik type at dei ladar seg veldig sakte opp igjen.

Eg vil og vil og vil, men får det ikkje til....

Då kjenner eg orda som  Bjørnstjerne Bjørnson lar Taylor seie i skodespelet  "Maria Stuart i Skottland ", utan samanlikning forøvrig   -Hver gledesstund på jord betales må med sorg.


Kjære julenisse : gi meg superduracell- batteri til jul!!

                                                Tomt batteri på tur

Dagens kviss: Kva er det medisinske ordet for tomt batteri?

4 kommentarer:

  1. Hm... nå blei eg litt usikker kva medisinsk utrykk du vil fram til - men eg held ein knapp på FATIGUE sidan eg har det sjølv ;)

    SvarSlett
  2. heilt rett, Anne! Du begynne å bli ein farlig konkurrent til de to på toppen av lista:) :)

    SvarSlett
  3. Eg syns nissen ska gi deg nytt batteri te jul!

    Du e ein av heltane mine Liv!

    SvarSlett
  4. Tusen takk, Ingrid! Håper nissen lese bloggen ;) God jul

    SvarSlett