onsdag 22. desember 2010

Gata

Hovudgata vår heiter Gata. Enkelt og greitt. Dei fleste byar har eit lengre navn på gata si. Som Karl Johan, Haraldsgata, Storgata, eller Kirkegaten...  Men det kan vere at dei har fleire gater å halda styr på. Det er enklare hjå oss. Me har berre ei gate..

På mine reiser i England kom eg over ei gate som heiter akkurat det same som vår.. Gata. Berre på Engelsk då.
Og det akkurat i den landsbyen mor mi var housemaid for 63 år sidan. Botesdale.

På 80-talet var det populært med vennskapsbyar, eller vennskapskommunar. Suldal hadde og det, i Finland og Danmark.  Dei svann visst hen med tidsånden. Årsaken kan kanskje vere at dei hadde for lite til felles. Men kva er meir felles enn same navn på hovudgata. Så skal ein ta opp att tradisjonen med vennskapsbyar, slår eg eit slag for at det blir Botesdal i East Anglia.

DSC00110
Gata si navnesøster i Botedale

Dagens kviss: Kva heitte Suldal sin  vennskapsby i Danmark?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch22. desember 2010 kl. 07:32

    Christianfeldt

    SvarSlett
  2. the librarian bitch22. desember 2010 kl. 07:34

    Då kan eg dusja i fred

    SvarSlett
  3. the librarian bitch22. desember 2010 kl. 07:43

    Hugsar den venskapsby-tida. Dei høge herrar for i flokk og følgje både sørøve og austette. Eg trur begeistringa var størst for pannekakelandet i sør. Der fekk dei "en lille en" då dei lønsja på ein sjukeheim dei fekk omvisning på.
    Christianfeldt. Heilt sør i Danmark. Grunnlagt av herrnhuterne og elles kjend for gode honningkaker dersom eg ikkje hugsar feil. Det var ein kunstnar frå Christianfeld, trur han hette Friis, som kom til Suldal. Han var heilt i frå seg øve Suldal. Han ville bli gravlagt her til og med. Men på eit eller anna tidspunkt og av ein eller annan grunn så blei han uvenner med Suldal og ville ikkje kvila med nasen mot Låjen. Han fekk døy i fred mellom honningkakene.

    SvarSlett
  4. Veldig god idé, Liv! I grunnen er det nok med ei gate - der er nok noko felles mellom menneske som veit det. Det kunne ha vore eit ypparleg utgangspunkt for eit vennskap.

    Koss får ein eigentleg sine venner? Det ligg vel ein ganske stor faktor X der? Noko som ikkje er så lett å vedta i eit kommunestyremøte. Elles gir The Street assosiasjonar til den nydelege TV-serien "The Street" - me kan godt vere venner med nokon som kan lage noko med så stor menneskeleg innnsikt.

    Håplaust å vere med i kvissen! Då må ein visst vere bonde og stå opp i 5-tida..

    SvarSlett
  5. Tusen takk til TLB og Suldalsrypa for fine informasjonar og refleksjonar.

    TLB vann overlegent denne dagen. Gratulerer!

    Suldalsrypa; ein treng ikkje vere bonde for å nå kvissen. Det er nok å ha eigen butikk, vere driftstilpassa eller legge seg seint ;)

    SvarSlett