søndag 5. desember 2010

juleverkstad


Adventstid er kosetid. Me har vanligvis juleverkstad kvar dag i advent og huset flyt av stoff og maling.  Dette året har me lagt lista litt ned med omsyn til aktiviteter i den retning, fordi eg har ein dåpskjole som skal bli ferdig til 17. desember. Me putlar på i småskala. 

Her ein dag vart eg overraska av minstejenta. Ho hadde hatt juleverkstad heilt åleine. Mens eg var på møte hadde ho designa ein julesokk til meg. Den er så pass unik at den tåler visning. Liva syns det vart for stusslig med ein sokk som heng framme ei natt, så ho kom på ei ny løysing; advent- og julesokk. På den eine sida har den lilla farge og den andresida  er julegrøn. Då kan den henge framme både i adventstida og i jula. 
Den smarta jentå mi !


Adventsida


julesida

Dagens kviss: Kva tid skal julesokken henges fram?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch5. desember 2010 kl. 08:39

    Då eg var liten så var det alltid spennande å sjå om det hang ein julesokk på handtaket på døra inn til rommet mitt, første juledagsmorgon. Oppi der fann eg alt gotteriet eg skulle få ha heilt for meg sjølv heile jula. Dette inkluderte ikkje det vanlege julegodsakene som julekaker, appelsiner osb. Nei, oppi sokken var det gjerne eit par av dei små Riegelsjokoladane (litt mindre enn dagens Kindersjokolade) innpakka i sølvpapir, med raud eller bla skrift på alt ettersom det var nøtter eller ikkje i dei. Kosta 25 øre trur eg. Eit par store tyggiskuler var det og oppi (10 øre pr stk)eller ein liten pakke Toy. Slikkepinne fantes og. Det var om å gjera å spara på det heile helga, men det for ofta 1.juledagen for den var så kjedelig. Då fekk me ikkje lov å gå ut og då me fekk TV blei det endå kjedeligare for den dagen var det iallefall berre seriøse program. Men julesokken blei gjedna hengt opp natt til 1.juledag og ved peisen, slik at Santa Claus ikkje måtte leita lenge, når han kom settandes ned pipa. Svaret er avgitt

    SvarSlett
  2. Julestrømpå blir hengt opp julaften kveld el. natt til 1 juledag, slik at den er klar til inspeksjon 1juledagsmorgon.

    SvarSlett
  3. Så kjekt med fine barndomsminner, TLB.
    Der kom heile barndommen min trillande ut av ein julesokk.. Det var i den tida då ungane sette pris på smågodt:) Takk for du delte det på bloggen.

    Ja sokken skal henges opp natt til 1. juledag. Så berre rette svar i dag, men TLB var først til mølla. Så gratulerer til deg!

    SvarSlett
  4. Så fine sokk Liva hadde laget til deg! Flinke tante Lutten, sier Ask også :-)

    SvarSlett