søndag 12. desember 2010

Kjøt og supa

Noko av det beste som finns er kjøt og suppe. I min barndomsheim stod det på menyen, og mors løksaus var verdens beste. Som vaksen med eigen heim ville eg vidareføre denne retten. Men det var ikkje lett. Det blei aldri som mors.

Matlaging er kunst. Ikkje alle meistrar denne kunsten. Men som formingslæraren min på vidaregåande sa: "Talent er 10 prosent, hardt arbeid er 90 prosent!" Så ved å prøve på nytt og ikkje gi opp, kan ein overvinne mangel på talent.

Først etter mange års prøving og feiling fekk eg taket på kjøtt og suppa. Eg knekte koden for balansering av sausen. Og med gode mjølne poteter vart det verkeleg smakfullt. Nå kan eg servere ungane mine verdens beste kjøtt og suppe... fohåpentligvis

DSC00100 (2)

Dagens kviss: Kva er trikset for å få løksausen perfekt balansert?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch12. desember 2010 kl. 11:09

    Tja,det er noko med forholdet mellom eddikk og sukker. Forresten så var det mor mi som lagte verdens beste løksaus. Me hadde og melboller attåt. Seie de klimper t melboller på Sand og eller er det noko som berre blir brukt i Erfjord og lenger uti fjordane

    SvarSlett
  2. Bingo!
    Jasså, så det var di mor som laga den beste løksausen ;)

    Me hadde mjølboller, eller eg huska ikkje nåke anna ord, men kan spørja mor.Trur det uttrykket kom lenger utante. Eller... oppfordring til blogg lesarar.

    Hadde mjølbollene eit anna navn?

    SvarSlett
  3. Å smaka til med eddik, sukker salt og pepper??

    SvarSlett
  4. Anne, det viktigaste er forholdet sur/søt :)

    SvarSlett