lørdag 18. desember 2010

Me har det på Sand!

Som alle store byar med respekt for seg sjølv har Sand ei julekrybbe.  Då meiner eg byar av stor  størrelse som dei store tyske byane. Reis rundt i Noreg og sjå kor mange julekrybber de ser som står ute . Eg trur ikkje det er så mange, men av dei få… så står ei på strandstaden.

Julekrybba er i to variantar. Når julegata opnar første søndag i advent ser me Josef, ei høgravid Maria og eselet på veg til Betlehem. 
-Det skjedde i dei dagar at det gjekk ut befaling frå  keisar Augustus at heile verda skulle skrivast inn i manntal.  Josef drog frå Nasaret til Betlehem då han var av Davids hus og ætt. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho var då med barn…..

Andre søndag i advent får me eit nytt tablå. Jesusbarnet er fødd, svøpt  og lagt i ei krybbe. - Ho fødte sin son, den førstefødde, svøpte han  og la han i ei krybbe. For det var ikkje rom for dei i herberget.
Hyrdane på marken kjem for å sjå og dei vise menn kjem med gull, røkelse og  myrra .
-Frykt ikkje. Eg kjem til dykk med bod om stor glede for heile folket. I dag er det født ein frelsar i Davids by.

Denne nydelige julekrybba er skoren ut av Magnus Overskeid og gir glede og påminning om ei hending i Betlehem for 2000 år sidan.

P1010006 P1010007

P1010008
Dagens kviss: Kven var det i desse dagar som ikkje visste kor jesusbarnet var fødd?

6 kommentarer:

  1. Statsminister Jens Stoltenberg..

    SvarSlett
  2. Heilt rett, Tord! Me har ein vinnar.

    SvarSlett
  3. Hei
    Kjekt å sjå den fine Julekrybba på Sand her. All honnør til han som laga den. Spørsmålet kunne eg, men var for seint ute. Marit

    SvarSlett
  4. the librarian bitch18. desember 2010 kl. 22:36

    Heisan! Der fekk eg og endeleg tid til å komma innpå. Har vore ein travel dag.
    Skal setta på alarmen i morgon så eg kjem meg opp før Rimi-guten :-)

    SvarSlett
  5. me e så seine oppe at me orkar ikkje legge inn svar eingong, for anten har T el. TLB lagt inn svaret allereie... Sluttar du med kvissen te jul Liv, elle vil du fortsetja med de? (hvis du ska ha i julaferien, ikkje ver så tidleg då...;))

    SvarSlett
  6. Eg skulle gå til første med 20 rette. Det har me ikkje klart ennå.
    Så nå er det opp til dykk om me skal ta juleferie på kvissen...

    SvarSlett