onsdag 29. desember 2010

Midt i livet

Ein kan sei mykje om det å vera midt i livet, rundt 50 og der omkring, men kjedeleg kan ein ikkje sei det er.

Livet byr på store og små overraskelsar og utfordringar.
Ein tenkjer ikkje over det. Me er alle litt slik som dronning Sonja uttalte i ei intervju i høve hennar 70 års dag: “ -men inni er vi dog så meget yngre”

Ein dag kjem avkommet og seier: mamma, du har bart!  Bart eg, eg har då aldri hatt bart… 
Så blant livets nye utfordringar er det å saumfara fjeset som møter deg i speilet, ikkje etter rynker,det har me gitt opp. Men etter hår! Hår som stikk ut stadar det ikkje skal…

Ein annan ting er tap av ferdighetar. I takt med  synking av hormon-nivå i kroppen dalar evna til multitasking. Det er ikkje lenger så lett å gjer tre ting på ein gong. Ein sporar mykje lettare av..

Eg har alltid vore ein frostpinne. Kledd meg godt i ull, lag på lag. Det er eg ennå Men i tillegg  har eg utvikla evna til å brått bli så varm som om eg var inni ein mikrobølgeovn. Då er det om å gjere å rive av seg nokre lag utan at det ser for hysterisk ut. Tida går mykje til å kle på og av seg. Tid som ein nytta til andre ting før.

Eg kan stå på badet og legge krigsmaling, så ser eg.. oj. der pipla det fram ein svettedrope, så ein og endå ein. Plutselig er eg dekka av sveitte som om eg hadde sprunge maraton. Eg som aldri i mitt liv har svetta før. Så nå har eg lært å svette..

Ting er har merka meg om mennesker midt i livet er at mens kvinner misser kvinnelige hormoner, så får menn dei. Dei blir rundare og misser ein del av sitt maskuline preg.. Fleire menn blir flinkare å klare seg sjølv. Dei lagar middag.

Då er spørsmålet;  Får dei også evna til å gjere fleire ting på eing gong……..? 
Dette er ikkje dagens kviss, men ein ting eg gjerne vil ha kommentarar på….

P1010051 P1010060
Men inni er man dog så meget yngre!!

Dagens kviss: Har menn overgangsalder?

6 kommentarer:

  1. Ja, menn har overgangsalder, ofte kalt 40 års krisa...

    SvarSlett
  2. ps, tvilar på at menn klarer å gjere fleire ting på ein gong, sjølv om dei er komt i overgangsalderen;) Dette er nok eit typisk kvinneleg fenomen og under!

    SvarSlett
  3. the librarian bitch29. desember 2010 kl. 12:00

    Eg får svara i kveld når eg får tid :-)

    SvarSlett
  4. Heilt rett, Anne! Du er den suverene vinner i dag. Inger over, ingen ved siden!!

    Javel, så du meiner at det ikkje endrer seg. Kan di aldri multitaske? ;) Skulle hatt fleire kommentarer på det, for eg har ingen erfaring med menn i overgangsalder ;)

    Det var vel ingen som turde svare på dette spørsmålet ;)

    SvarSlett
  5. Jada, å det e'kje et hakk betre for menn enn det er for kvinner, les berre her: http://www.sinnetshelse.no/artikler/overgangsalder.htm

    SvarSlett
  6. ja, innante, det er mest så eg er glad eg ikkje er mann ;)

    Det er eit forsømt og oversett område. Livet kunne vore betre for fleire av dei menn som blir hardt ramma om det hadde vore meir kjennskap til dette. Eg har lese artikkelen.

    SvarSlett