tirsdag 7. desember 2010

Ny butikk på Sand

På Sand har me fått ny butikk.
I det siste har me hatt to nyopningar, butikkar som bytte lokale. Men kjellaren til Hiimen  har stått tom sidan Wenche- salongen flytta.  Det har vore låst og lukka.
Så byrja det å skje noko. Det kom lys på om kveldane, rykta byrja å gå . Fleire meinte å vite kva som skulle inn, men sikre kunne me ikkje vere. Etter lengre tid i spenning vart det opning.

Me hadde fått ein antikvitetsbutikk!
Så flott. Ein skikkelig antikvitetsbutikk med litt snurrrepiperier.  Eg har eigentlig forbod mot å gå inn i slike butikkar, men det gjeld vel ikkje lenger, nå som eg bestemmer alt sjølv.

Då eg kom inn i butikkken ropte denne skulesekken mot meg. Der var barndommen min. Ein slik skulesekk hadde eg dei første skuleåra. Den var så flott, med to rom og og plastlomme til timeplan. Eg syntes den var aldeles nydelig. Det er nok fleire som starta skulelivet sitt på slutten av 60- talet som hadde lik sekk. Det var ikkje så veldig stort utvalg.

Eg rota vidare gjennom butikken og kva fann eg så. Eg følte meg mest som askeladden der eg rota gjennom sakene. For der fann eg eit klassebilde frå  Stavanger Amts husmorskule frå 1917 Og der smilte mi mormor, Anna Fattnes, mot meg.

Eureka:













                                                                

Slik såg ein skulesekk ut på -60 talet

Dagens kviss: Kva heiter den nye butikken?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch7. desember 2010 kl. 07:48

    Den var vrien, Liv. Eg seie berre Butikken te Ove og Elisabeth, men det er jo ikkje det rette. Nå tar eg ein sjans - eg kunne jo ha svinta meg fort borti Gata for å sjå, men kjølen held meg inn enn så lenge. Ikkje gidd eg å rota fram gamle suldalspostar heller. Eg trur butikken heiter Gatas antikvitetsbutikk.
    Heilt sikkert ikkje rett.
    Men den sekken var kjenslige ja. Eg hadde og penalhus med same mønster, berre i blått. Hugsar det var litt fortærandes, for det var jo ein gutafarge, men raudrutete penalhus var dei utseld for.

    SvarSlett
  2. the librarian bitch7. desember 2010 kl. 08:03

    Nå hugsar eg det: GATAS BRUKT OG ANTIKK!!!Forresten så var eg innom og handla hjå Ove eg og herom dagen. Innerst inne oppå eit radiokabinett sto det ei røys med LP-plater. Det var helst ei samlinga med religiøst og anna oppbyggelegt og slikt som fører deg lukt til helvete: dansebandmusikk! Men innimellom fann eg 2 perler. "Bangla Desh" The Tribes. Er litt usikker på om det er originalinnspillingar på denne. Iallefall så skal skiva innehelde My sweet Lord av George Harrison og Bob Dylans Blowing in the wind og andre klassikarar frå 60 og tidleg 70-tal. Dette var noko som kom ut i samband med naudhjelpa etter flomkatastrofen i Bangla Desh, Den andre perla var Carmen Jones. Filmmusikk. Ein karibisk Carmen med musikk av George Bizet. Harry Belafonte har hovudrolla. Nå ventar eg berre på at ein platespelar skal openbara seg. Kanskje til jul? Kven kveit?

    SvarSlett
  3. Bingo!
    ja, er det ikkje ein kjekke butikk vel:)
    Lurer på korleis det skal gå med Guro sin økonomi. Ho og eg trava alle loppemarkeder og auskjonar i byen på -80 talet.

    Stakkars deg så hadde blått "penaljehus" Mor og far hadde heldigvis vore ned til Bårdsen i god tid og skaffa jenteutstyr til meg;)

    Fann du Bangla Desh? Det var vel den første naudplata som nokonsinne var utgitt. Du er berre nødd til å endre ønskelista slik at du kan spele desse perlene i jula:)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch7. desember 2010 kl. 11:07

    Eg har googla litt på den LP'en. Eg var litt i tvil om originaliteten. Den originale naudhjelpsplata var ein trippel-Lp! Skal bli spennande å sjå kva ho inneheld.

    SvarSlett
  5. Me blir vel invitert på naudhjelpsfest når spelaren er vel innstallert etter jul:)

    SvarSlett