fredag 17. desember 2010

Reisefot og andre føter

Eg står på reisefot. Eg skal reise frå heimstaden midtvinters. Heilt til Røros går turen. Og det er ikkje lett når ein bur på Sand.

Reisa var "bokka" i god tid. Så får eg ein mail frå SAS at dei har dessverre gjort endringar på rutene som har innvirkning på min reisefot. Meldinga frå dei såg eg så seint at dei ville  ikkje gi meg pengene tilbake. Trudde dei kanskje eg levde på så stor fot. Eg trudde dei, som engelskmennene seier, -was pulling my leg;) Men det er viktig å stå på eigne bein, så eg gav ikkje opp.

Eg rykka tilbake til start og "bokka" igjen.  Det var om å gjere å halde hovudet kaldt. Det er ikkje lett for meg som berre har kalde føter. Røros er langt vekke. Og på Røros er det kaldt. Der er det om å gjere å vere godt skodd.

Å vere på reisefot, leve på stor fot, flyttefot, godfot,  det rykke i dansefoten   Kva er det med desse føtene. Lever dei sitt eige liv?  Alle har eit forhold til føter. Det må me. Desse apostlanes hestar skal få oss fram.

Og mine skal få meg til Røros.

                                                Norske føter

Dagens kviss: Det er om å gjere å ha bein i nasen. Men det er i beina det er mest. Kor mange bein er det i foten ?

6 kommentarer:

  1. 7 fotrotsknokler, 5 mellomfotknokler og 14 tåknokler.
    26 altså..

    SvarSlett
  2. the librarian bitch17. desember 2010 kl. 09:12

    Å søren, nå står eg og Rimi-guten likt! Her må eg ha vekkarklokka på skjønar eg. Barnet har tatt julaferie og difor var det ingen som trong å stå opp tidleg i dag. Sånn er det med den saken.
    Kva var det som fekk deg til å sjå at du hadde fått mail fra sas? Var det då eg sa at eg hadde sendt ein mail til deg? Eg spurde deg på fjesboka om kva skyss du skulle dra med? Eg foreslo fly, tog, båt, luftmadrass, men eg gløymde apostlane sine hestar. Kanskje det kan vera ein kviss? Kva heitte apostlane sine hestar? God tur! Helsa til dåpsbadnet og foreldra hans. Ta masse bilete frå kyrkja og ikkje minst den så mykje omtala dåpskjolen, som eg aldri fekk lagt mi proffe sy-hand på.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch17. desember 2010 kl. 09:15

    Forresten .... mine føter er alltid kalde. Eks nr 1 meinte på at eg fint kunne få jobb på fryselageret til Findus. Eg kunne heilt sikkert kjøla ned heile greia ved berre å stikka tedne innforbi.

    SvarSlett
  4. Når SAS hadde endra reiseruta vår i haust, fekk me SMS, så me kunne enten svara på den om me godtok endringa eller ville kansellere, el, me kunne gå inn på e-mail og svara.. Rekne med du e vel framme i vakre Røros nå iallefall..
    Lykke til med dåpen og heimturen, (om me ikkje ser deg på bloggen i helga)

    ps, me orka ikkje svara i dag heller, sidan Tord er morgenfugl og svarte leeenge før me fekk stått opp(klokka blei 0815 idag, sidan tøttå va sjuk og ikkje sko på skulen)

    SvarSlett
  5. Bingo Tord. Gu så kloke du blir av denne morgonkvissen min. Du e snart ekspert på alle områder av livet. Gratuere. Vinnarlista blir oppdatert etter Røros oppholdet:)

    SvarSlett
  6. the librian bitch!
    Dine innlegg er de flottaste blogg innlegg. glede meg kvar dag til dine syrlige svar ;)
    Eg såg aldri mailen frå sas, d var d så var probemet. de sende sms tilslutt,, den fekk eg m meg.
    Jaa dåpskolen er vel mest det einaste du ikkje har lagt di proffe syhånd på :)
    Du får nok nye muligheter.

    Anne ja, Røros nå. Fyldig referat følger ;)

    SvarSlett