søndag 19. desember 2010

Underet i B

I desse dagar for 2000 år sidan skjedde det ei under . Jesus blei fødd i Betlehem og verda vart aldri den same igjen.
Snikkaren Josef hadde ei av birollene i hendinga. Han var mannen som måtte vere tilstades for at profetiane om Davids ætt skulle oppfyllast.

I desse dagar har det skjedd eit nytt under. Underet i B skjer på ny. Denne gongen har Josef fått hovudrolla.

Litle Josef fødd i B gjer at politikarane i Suldal ikkje endrar vedtaket om fritak for ungdomskulesamanslåing for elevar frå Nes.

Etter vedtaket vaart gjort i  2008 kom det fram at det slettes ikkje var lengst frå øvre Suldal, men derimot frå andre deler av kommunen. Deler som ikkje var fritekne.

Her kjem då Josef inn. Han bur i Bråtveit. Då han om 13 år skal byrja på ungdomskulen vil det ta 5 minutt lenger for bussen. Dermed trekte politikarane vedtaket om å busse ungdomane til Sand. I staden skal dei utgreie reisevegen frå Bråtveit/Vetrhus til Sand.

Så, i staden for nedlagt ungdomskule, får dei betre veg. Dette må vel vera ikkje mindre enn eit juleunder..

Dagens kviss: Me får ta ein test på om de har betre kunnskaper enn vår statsminister, så me spør; Kor kom Josef og Maria frå?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch19. desember 2010 kl. 11:15

    Nasaret i Galilea

    SvarSlett
  2. the librarian bitch19. desember 2010 kl. 11:22

    Ska sei!! Var det ingen av dykk som gadd å sjekka om eg var tidleg oppe? Nå har eg aldri lese Bibelen så grundig, men eg reknar med at dei kom frå Nasaret. Det er i allefall derifrå dei reiser for å bli registrerte i manntalet.

    SvarSlett
  3. Hehe, me kan gå ut frå at de andre ikkje kunne svaret. TLB, til ikkje å vere i registeret er du imponerande oppdatert i livets bok. Statsministeren hadde hatt noko å lære av deg. Gratulerer!!

    SvarSlett
  4. the librarian bitch20. desember 2010 kl. 14:01

    Jens we can...
    Rimi-guten var snille med meg sa han. Søndagen kunne eg få....

    SvarSlett
  5. ;) oppesen den Rimiguten :) Begge to må jobbe hardt. Nytte kje sove frampå om søndagen ;)

    SvarSlett