torsdag 23. desember 2010

Wenn jemand eine reise tut...

so kann er was erzahlen!

Me har vore på reisefot. Av og til er det helst på gyngande fot...  Eg har i tidlegare innlegg skrytt over engelskmenn og skottar si høflighet og hjelpsomhet, men den  finns i Noreg og! Nå meiner helst avkommet at det skuldast mi evne til å virke heilt LOST !, men hjelp, det får eg.

Me reiste med tog til Røros. På reis er det viktig å halda hendene reine, så me har alltid med oss rensegele på flaske. Eg skulle rense Liva sine hender og trykte ut ein god sprut i handa hennar, men ingen ting kom ut.. "hm", så eg trykker igjen og ein god sprut kjem ut, men ikkje i handa hennar.
"Hm" seier eg igjen, kor for den hen?" Svett i hovudet spør eg dama i setet rett over: "traff eg deg?"  Så ser eg ei klyse heng rett over henne og eg skundar meg å kneka det vekk mens eg seier med ein nervøs lått: " ja, så blei det reint der i allefall"  Ingen reaksjon frå dama.
Eg set meg i setet mitt og etter ei tid kjem det komiske i situasjonen for meg. Og eg set og ler så tårene sprett... heilt åleine for ungane har sovna.

Å vera på reisefot vinterstid kan vere ein kald opplevelse.  Her på toget. Propellflyet på returen hadde kuldegrader ombord ;)
 Vestlendingane

 Matøkt for dei tilreisandes

 Garmakerane har si eige gate

 Noregs største "kvite stein" finn me i ein bakgard på Røros

 Båpsbadnet nekter å ligge, så me ser det kan bli ein vanskelig dåp

 Rørosidyll

 Korleis skal dette tolkast?

 Nisse på sparketur

 Frøyas hus, kafe og butikk





Garmakargården med klokketårnet

Garmakarane hadde ein viktig jobb i bergverkstida. Slekta til dåpsbadnet tok navnet, Garmager, då "forfaren" var den første norske som fekk den jobben. De styrte med "garren", garr- makarar, og hadde ansvaret for at koparen hadde rett temperatur før den for i forma. Rørosmuseet har ein flott utstilling frå gruvedrifta. Dei har heile drifta i bergstaden i  "levande "miniatyr.  Eg blei bergteken :)

Dagens kviss: Kva er ein "kvit stein"?
 Dette er siste kvissen før jul. Neste kjem mandag 27. desember, men då klokka 10

14 kommentarer:

  1. Kvit stein?? hm.. kan det vere marmor????

    SvarSlett
  2. dessverre,Anne. Du som var så yidlig ute :) men til ingen nytte.
    Ser du det står i gåse øyne"".....

    SvarSlett
  3. Det bildet du hadde med Noregs største "kvite stein" ser ut om eit gedigent fallos symbol med piggar på ;)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch23. desember 2010 kl. 09:23

    Eg forsov meg i dag. Såg mystisk ut den steinen. Fallos tenkte eg.
    Kan løysinga ligge i denne artikkelen. Her er det ein kunstnar som har litt penismisunning.
    http://www.fineart.no/doc/kunst_for_alle_2008/05_lysgaard

    SvarSlett
  5. Nå har eg jobba som ein helt, og håpar eg fant svaret nå, KVARTS (el, koss det skrives)

    SvarSlett
  6. the librarian bitch23. desember 2010 kl. 09:25

    Eg ser Anne har fundert vidare medan eg sat og tenkte og skreiv her

    SvarSlett
  7. kunne du kje stoppe når du såg ka det likna på, Anne!!!!

    SvarSlett
  8. Det du hadde på bildet er eit fallos symbol - men er "kvit stein" eit fallos symbol????Svar avgitt(nå blir eg sprø snart)

    SvarSlett
  9. Kan det være alabast?

    SvarSlett
  10. nei! det er ikkje bergarten eg er ute etter

    SvarSlett
  11. "kvit stein" er eit fallos symbol - svar avgitt ;)

    SvarSlett
  12. me har endelig ein vinnar! Anne Gratulerer!
    Eg legg ut eit innlegg med henvisning til kvite steinar. Det er gamle fruktbarhetssymbol og ein viktig del av kvinnekulturen :)

    SvarSlett
  13. the librarian bitch23. desember 2010 kl. 11:40

    Eg kan nå få poeng for å ha funne gjerningsmannen ....

    SvarSlett