mandag 30. april 2012

Titanic volum ll

Me har sett i media, og nokre av dykk har vel lese på bloggen min, om uhella som følgde "Titanic"  Eg kan sei dykk at til å med å lage film om "Titanic" kunne vere speligt. Det fekk Goebbbels erfare i 1942


Propagandaministeren som elska amerikanske filmar.

Goebbels hadde funne ut at rein propagandafilm ikkje slo så godt an som propaganda pakka inn i romantikk og heroisme.  Etter suksessen med Jøden Suss bestemte han seg for å lage ein film om "Titanic" , frå ein tysk ståstad.

Han tilsette Zerlet og Selpin til å lage filmen.  Zerlet hadde Jernkorset frå første verdskrig  og hadde dermed den rette ånden.  Dei skreiv inn ein tysk offiser som helt i manuset. Denne tyske offiseren var ein førstekaptein som hadde stor kunnskap om isfjell.  Har var den einaste som såg trusselen. Hadde dei høyrd på han kunne katastrofa vore unngått.  Slik fekk dei inn tysk heroisme og det skulle bygge folkets moral.

Goebbels var ikkje den einaste som tok i bruk film som verkemiddel. Etter angrepet på Pearl Habour blei Hollywood medspelar i krigen. Filmindustrien laga klassiske venn- fiende filmar som den anti-nazistiske filmen Casablanca.

Hilter og Goebbels elska amerikanske filmar, og såg mange  filmar saman i Hiltler sin private kino. Goebbels såg verdien av å bruke filmkunst i propaganda.  

Før krigen var Berlin Europas Hollywood. Men mange av dei store filmskaparane for  til Amerika nettopp fordi dei var jødar og ikkje kunne lage filmar i Tyskland. Slik mista Tyskland mange talent. 

Då Titanic skulle lagast hadde dei få filmskaparar att til å lage gode filmar. Innspelinga starta i 1942 og alt gjekk bra til dei skulle skyte søkkjescena. Det var gjort ved Scharmutelsee. Frå nå gjekk alt som gjekk gale for Titanic, gale her også. Det var regn, vind og storm.  Dei gjekk tom for filmrullar, og det var uråd å få meir av  i  eit krigs-slete land. Filmapparata måtte reparest. Dei krangla om lys. Tyskland var under bombardement og skulle mørkleggast om kvelden. Selpin nekta, og fekk lov av Goebbels å ha lys på om kvelden.





I 1943 blei den "totale krig annonsert" og rett etter blei eit krigskip brukt som"Titanic". Omlag 100 soldatar blei flytta  frå austfronten for å vere statistar. Soldatar som skulle kriga for Tyskland.

Krigen sleit på alle og nervøsiteten greip om seg på filmsettet. Selpin slo ein vits for mykje. Jernkors-vitsen blei hans, og tilslutt filmen sin undergong. Selpin blir fengsla. Han blir funnen hengd i fengselet, av eigen, eller andre sin vilje. Ny regissør blir tilsett.

Krigslykka snur, og Goebbels finn ut at filmen om Titanic ikkje har kunstnerisk, eller propagandisk verdi. Han er redd at det tyske folk skal oppfatte det synkande skip som ein metafor på det tyske riket, og virke demoraliserande. Han  forkastar prosjektet. Enorme summar er kasta ut på denne filmen.

Goebbels ser det ferdige resulatet og konkluderer med at denne filmen aldri må synast i Tyskland. Filmen blir forbudt i Tyskland. Den blir ikkje vist der før i 1950, då i ein sensuret versjon.


Det var også ein norsk skodespelar med i denne filmen. Kirsten Heiberg var gift i Tyskland og jobba som skodespelar der.

Her kan de kikka litt på filmen:
http://www.filmfront.no/release/17074/Titanic

søndag 29. april 2012

Ut på tur, noken blir sur...

I dag er det søndag og turdag. Me nordmenn har mange gode slagord om dette: "ut på tur, aldri sur", "frisk i friluft", eller "det finns  ikkje dårleg vær, berre dårlige klær" etc. Det er gildt å gå tur, men det må seiast at familieturar kan bli ei utfordring. Krangling og klaging og gløymde ting, tærer på. I dag skal eg vise dykk eit minne frå ein av dei betre turane. Då veit de nok at det med stor sannsynlighet er vikane ( Sahara for sandbuar)  Då gjetta de rett!

Eg hadde i over 20 år ein kaffikjel, men den hadde inkvan låna og slengd frå seg slik at El- verket køyrde over den.  Eg hadde og i omlag 20 år ei grillrist.  Det var alltid spanande å sjå om inkvan hadde gjort hærverk, og slengt den frå seg. Kvar sesongopning var det til å leite. I år var eg ikkje så heldig å finne den. Inkvan hadde nok laga seg bål og latt rista liggje att. Så har flaumen kome...  og exit grillrist.


Her har eg skaffa meg ny grillrist. Mange kan ha glede av den, men legg den tilbake. 

Den som nyttar denne rist
gjer som sist
så blir ho ikkje mist!


Me nyt skogen ro og god mat


Dette var ein ny variant eg laga. Knallgod dessert,  men trur de ikkje at det blei repetisjon på fotograferinga. Dette er altså eit bilete, ikkje ein film.


Bålbrød skal ver svidd.


Me feira den siste nattverd i Vikane. Kan det bli betre?


Det blei litt bråk likevel


Livet er herleg... 


Ungane blir latare med åra. Føtene er til å gire med.



Det heile vart avslutta med denne gode regnboge-kaka som dotter nummer 4 hadde laga. Ho brukte 5 timar på å få den ferdig.

Ha ein fin søndag. Gå ut på tur, og ver ikkje sur!

lørdag 28. april 2012

Hu hei! kor er det vel friskt og lett

Kom opp, kom opp frå den tronge dal. Kom på fjellet.  Her leikar livet med kåte sprell, oppå fjellet. Eg har sitert vel fritt etter K. Janson. Det er fint å komme seg i høgda. Om ein ikkje lenger kjem seg på ein nut er det likevel fint å sitje i høgda og sjå på nutane. Dei er mykje nærare her.


Ingen stad i verda er eg så glad i som Hiimsheia. Ja, det må vere Vikane ( Sahara for Sandbuar) Her ved Hiimsvatnet er nutane låge. 



Utsikt mot Holmen og Torgålen. Dette er ei veke før påske og isen bryt opp. Mens me sat der, opna isen seg mellom Holmen og land.


Mor er plassert på ein stol slik at ho kan sitje og nyte livet og sleppe å gå i dalen og starva så tung og heit. Og auga flyg over nut og tind. Det er som flyg det i himlen inn.



Men, utan mat og drikke duger heltane ikkje.



Det vart vel litt for friskt og lett oppå fjellet.








opp frå fjellet, opp frå fjellet.



Ha ei fin helg. Hugs å gå en tur på stien og nyte skogens ro..

fredag 27. april 2012

Rhonda Byrnes hemmelighet

Eg fekk ei kjekk gåve til jul. Det var ein kalender med kloke ord. Det fine med den kalenderen er at den er utan datoar, så den er gyldig til alle tider.Det er ei frå dag til dag bok. Den starter ein mandag og fortset med vekedagane.

Det fine med dette er at er ein utan form, så kan ein berre hoppe over og kople ut. Når ein så er i form att, er det berre å fortsette på rett dag. 




                                                  Rhonda Byrne si hemmelige dagbok

Rhonda Byrne er forfattaren bak boka Hemmeligheten. Ho inspirerte millionar av menneske over heile verda til å verkeleggjere det livet dei drøymde om. Ho delte den enkle hemmeligheten med leserane.  No er ho tilbake med hemmeligheten frå dag til dag. Der viser ho oss kva steg ein må ta for å leve slikat hemmeligheten fungerer godt for kvar og ein.

Og hemmeligheten for å oppnå det livet ein drøymer om, kva er så den?  Jo, den er heilt enkelt:
Det viktigste ein menneske kan gjere er å: LEVE DET.  Du kan sjølv bli herre over ditt eige liv ved Å LEVE DET.   Akkurat som eg sko ha sagt det sjølv!

Men ho set det i system. Dette deler ho med oss gjennom små tekstar kvar dag i 365 dagar, så tusen takk,  Wonderwoman , for den gilde julegåva.  Det har vore mange kloke og gode ord, men nokre er heilt borte i veggene.

I dag torsdag skriv ho om korleis ein kan komme i positiv harmoni med universet og lova om tiltrekning. Ho forklarar korleis me skal slappa av .. Når heile kroppen er avslappa, slappar du enda meir av, så enda meir... Så seier ho at nå er eg i betre harmoni med universet og lova om tiltrekning.

Desverre har dette motsett virkning på muskelsjuke, så nå kriblar og stikk det over heile meg.
Lykke til de andre! Eg håpar på ein betre hemmelighet i morgon.

Oppmerksomme lesarar har vel sett at det er  blitt fredag mens de les. Det skuldas all kribling i føter og hender torsdag :P

torsdag 26. april 2012

Kollektiv straff

Kollektiv straff er som dei fleste veit ulovleg. Det vart  gjort stor nytte av kollektiv straff i Noreg under andre verdskrig. I fredstid vart det mindre av det. Skulane gjorde nytte av det ei tid, men det blei ulovleg.  Så lite likt er dette at Genevekonvensjonen  artikkel 33 tek opp dette og seier at kvar og ein skal straffast for sine gjerningar. Det er ulovlig  å straffe ei gruppe for det ein eller fleire personar har gjort.

Men det er nokon  som hevar seg over både norsk lov, Genevekonvensjonen og folks rettsmoral: det nylaga selskapet Norled. Dei meinar å vere så store at dei kan heve seg over alt dette og innføre kollektiv avstraffelse av alle reisande i helgene.

Dei tykkjer det har vore for mange som bestiller billett til og frå Ryfylke i helgene utan å nytte seg av plassen. Det fører til at dei får for få reisande dersom desse ikkje møter opp.  Dei brukar eit anna argument for å dekke over dette. Dei seier det er alt for mange som vil bestille som ikkje får plass fordi det er fullt. Derfor vil dei nå slutte med heile ordninga.  Kva hjelper det dei som dei hadde så omsut for. Dei får framleis ikkje bestille billett.

Tenk dykk å vere på reis kanskje i opp mot eit døgn og så endar reisa på hurtigbåtterminalen i Stavanger fordi det var umulig å bestille billett inn til Sand. Så reisa må forlengas med ei natt på hotell fordi det var fullt på båten, eller ein må vase i timevis rundt om i byen for å håpe å få plass på siste båten heim.  Strandstaden, så nært, men dog så fjernt.

Det nye mottoet til Norled bør vere: " Ein kan bestille billett over heile verda, men ikkje hjå oss". " Her tykkjer eg de lesarar skal legge inn, i kommentarfeltet, fleire gode slagord som Norled kan nytte seg av i si marknadsføring av "stopp å bestill-ordning".


Image
Ikkje gildt syn; å sjå revå på båten utan å vere med.

Norled legg opp til at det skal bli som i gamle dagar då Stavangerske regjerte fjordane. Då stod me som sild i tønna og trengde oss fram for å komme med på båten. Ungar blei trødde ned. Det var hyling og skriking. Me burde vel tenkt at når Tide gjekk tilbake til Stavangerske sin logo, så gjekk alt tilbake i tid. 

Kolumbus direktør, Aksland, er inne på at det bør få konsekvensar for den som misbrukar ordninga. Det er heilt på sin plass, men kvifor i all verda går de inn for kollektiv avstraffelse frå 1. mai?  I følge Genevekonvensjonen er det framleis ulovleg.

I denne virtuelle verda skal det altså ikkje gå an å få bestille billett til båten i helgene. Bruk toppetasjen og tenk ut ei betre ordning enn dette.


Dette står det å lese om kollektiv straff i leksikon:

kollektiv straff



UTTALE
kˈollektiv straff

straff som idømmes slektninger eller befolkningen i et distrikt under ett. Dette straffansvar er nå forlatt i de fleste land. Det har imidlertid vært anvendt under krig, særlig under okkupasjon av fiendtlig territorium. I henhold til 4. Haagkonvensjon av 1907 (landkrigsreglementet) artikkel 50, kan befolkningen ikke ilegges felles bøtestraff eller annen straff på grunn av enkeltpersoners handlinger som den ikke kan ansees solidarisk ansvarlig for. Bestemmelsen åpner motsetningsvis adgang til i visse tilfeller å anvende kollektiv straff, noe som ble sterkt misbrukt både under den første og den annen verdenskrig. Dette førte til at man i artikkel 33 i Genèvekonvensjonen av 12. august 1949 om beskyttelse av sivile i krigstid forbød enhver anvendelse av kollektiv straff.



onsdag 25. april 2012

Naken hund

Det seiest så mongt om masse. Alle har ei meining om mongt. Nokon likar mora, mens andre likar dottera.  Smaken er som baken... den er delt. Slik kan me halde på i det uendelige. Me vil likevel ikkje einast.

Noko meinar at kosedyr skal ha pels, mens andre får dei ikkje nakne nok. Nakne kosedyr kan kles opp som dokker, eller små ungar. Nakne hundar kan anbefalas til frosne sjeler. Hundane  produserer varme som ognar.


Indiana, glatt som ei barnerumpe.



Girls don`t stop Qi- Qi og Go with love Indiana lar seg ikkje stoppa av litt snø. Blir det for kaldt gjer dei som matmor, klær på seg.


Ny og naken, glatt som baken.



Nakne hundar har antrekk for ein kvar anledning. Indiana i rosa silkekjole, og Qi-Qi i Chanel-drakt.

Så er det dei som går ennå lengre. Det er ikkje nok å ha nakne hundar, til og med nakne  mus vil folk ha. Det er helst i forskningsmiljø nakenhet er in.  Tenk kva lykka nakne hundar hadde gjort der. Døtrene i heimen diskuterer så fillene fyk kva som er best og verst. Igjen er smaken som baken....


Ei kvit mus nydusja og fin


Som eg nå kan avsløre, er ikkje kvite mus kvite... Ialle fall ikkje under pelsen.

Det er ikkje alltid så lett å avgjere kva farge me har under pelsen. Mi mor seier alltid at ein skal ikkje undervurdere ei blondine, for under kan det skjule seg ei skarp brunette. Dette er nå bevist i museverda.

tirsdag 24. april 2012

Snøkunst i Åmot

I dag vil eg dele med dykk eit levande kunstverk. Det er borte nå, men minna består. På veg over fjellet til Oslo kom me over desse vakre installasjonane i Åmot i Telemark. Eg trur dei er laga av skuleklassar, men eg er ikkje sikker. I alle fall, fint var det. 

På veg austover var det mørkt, men intallasjonane var opplyste. Det var  trolskt og vakkert.  På veg heim, om dagen, tok me desse bileta. Då hadde me gått rundt og sett, og leika oss lenge. 


Dette kunne vore skattekista til Skattkammeret Suldal.



Denne innstalasjonen heiter "Samtun".


Eg har funne meg ein tenkjar.



Heilt topp!


Ikkje berre ein, men to tenkjarar...


.. nei, tre tenkjarar!


Her byrjar fascinasjonen. Me går inn i Tarjei Vesaas si verd. Isslottet....

På veg heim såg ho fossen. Den var frosen. Ho sklir ned og blir ståande i opninga til Isslottet.




Få fint det er her. 


Unn klatrar lenger og lenger inn i slottet.


Så er det som om ho vaknar.


 
Eg vil ikkje vere her lenger. Eg vil heim i tide før fossen lukker seg.


Isslottet.

Takk til Åmot og skaparane av installasjon for den fine Isslotstsopplevinga me turistane fekk. Og, viktig, vår Unn kom seg ut or fossen.



mandag 23. april 2012

Dagen i dag den er din

 I dag har dotter nummer 2  fødselsdag. Det er ikkje berre ho som har dag i dag. Det har også søskenbarnet hennar. Mor og far sitt barnebarn nummer 1 var van med all oppmerksomhet. Det var greit å få eit søskenbarn å leike me. Men når søskenbarn nummer 2 kom til verda på hans dag vart det ugreit.

Ein gong var han heilt åleine på dagen sin. Til og med mor hans hadde gått i selskap til søskenbarnet. Men i dag får han dagen i fred, for søskenbarnet sit og svettar over bøkene. Ho er i innspurten av eit langt studium og tilbringer dag og natt på laboratoriet.


Trans-sibirske 236
Dotter nummer 2 har konstant reisefeber. Her er ho på Mongolias sletter kledd som seg hør og bør. Her budde ho i ein Gert ( telt). Det var iskaldt, så mongolske klær gjorde stor nytte.


DSC00011
Prikkedilla har ho også. Denne byblomen vart ho glad for. Når ho kjem heim til mor sine gryter skal ho få god mat.


Festfin med "pricks all over"  med kjole kjøpt i Bulgaria.


DSC01423
Ma og onkel Tor i pelshattane sine. Ma har kjøpt sin  i Russland



gammelt piano_thumb
Eit slikt piano hadde den musikalske dotter nummer 2 i barndommen. Har nokon eit slikt vil ho bli veldig glad om eg kan gi henne det i bursdagsgåve.

Ha ein fine dag på labben, kjære dotter nummmer 2!  Ha ein fine dag kjære nevø og fadderunge! 


Din dag.

Dagen i dag er en merkelig dag,
den er din.
Dagen i går slapp deg ut av hendene.
Den kan ikke få annet innhold
enn det du alt har gitt den.
Dagen i morgen har du ikke noe løfte på,
du vet ikke om du kan regne med
å råde over den.
Men dagen i dag har du.
Det er det eneste du kan være sikker på.
Den kan du fylle med hva du vil.
Benytt deg av det.
I dag kan du glede et menneske.
I dag kan du hjelpe en annen.
I dag kan du leve slik at noen i kveld
er glad for at du er til.
Dagen i dag er en betydningsfull dag.


J. Alsaker



søndag 22. april 2012

Hønsegarden

Når ein bur i ein heim med berre hokjønn, kan det av og til kjennast som om ein bur i ein hønsegarde. Det er nå heilt greit det. Høns er ålreite fuglar. Det har eg nå alltid tykt.

Det finns hønsebutikkar også. Då  meinar eg ikkje fjørfesalg. Ein kjede som består av fem butikkar,  kallar seg: "Fem høns". Dei sel allslags dill som hønsa vil ha i hønsehuset.

Eg har min eigen hønsegarde som består av fem høns. Nå har høne nummer ein fått seg ein liten hønekylling. Så strengt tatt er me seks høner nå. Gamlemor legg ikkje egg lenger, men nektar å ha gått ut på dato. Ho har ala opp fire småhøner som kan leggje egg i årevis framover. Hønemor reknar med at dei er ypperlige rugehøner.


Før påske laga eg min eigen versjon av hønsegarden. Fem flotte høner har vagla seg opp på sofaen. Dette er høner som ikkje legg egg, eller går ut på dato.

Mine supre høner er vinhøner. De har sikkert høyrd om ølhøner, men det er for pingler. Ekte høner legg vin i litervis. Dei legg pappvin. Dei er så smarte at når det er tomt, kan me legga inn ein ny pose. Så, nå kan "seminarkofferten"  byttast ut. Ta høna under armen og gå på fest.


Lille Lilla klar til å leggje.. vin.


Påskehøna har ein rank haldning og fint kyssenebb.


Den Grønnkledde venta på Peer.....


Den grønnkledde har glimt i auga.


Perlehøna er blitt grå i håret, egga har gått ut på dato, men høna er, som de ser, i full vigør!


Perlehøna, mor i huset, med sitt fine perleband. Klar til å gå på fest om ho blir invitert.


Kvit Italiener sett bakfrå



Kvit Italiener i farta..

Ha ein fin søndag! 

Og hugs, har du høna under armen, veit du kor du har henne.