lørdag 30. april 2011

75 år!

April er ein månad då bursdagane står i kø i familien. Det er vel slik når ein lever i pakt med naturen. Det blir vårbærarar av konene. Mor har tre barnebarn med bursdag i april. Tanter og onklar spring rundt i selskap heile månaden. Tilslutt spring dei ikkje, dei trillar. Mellom anna har min kjære onkel Ottar også bursdag i april. 

For 75 år sidan vart den siste i ungeflokken til Valborg, fødd Helland, og Magnus Hiim fødd.  Han kom til verda 9. april 1936, og vart kalla Ottar Kjell.  To år etterpå døydde faren. Mora sat att med fem små ungar: Lars 10 år, Valborg 9 år, Tor Kåre 7 år, Anne Marie 5 år og Ottar 2 år. To år etter det att, kom krigen til Noreg, og det på hans bursdag.  Det var slitsomme år for bestemor, men ho fekk alle ungane opp og ut i verda. 

Onkel Ottar studerte i Tyskland. Han skulle bli ingeniør.Han må ha studert meir enn bøker der nede,for han kom heim med tysk kjærast. Onkel Ottar må også ha vore god å springe , for han fekk tak i eit løpstalent.  Ein skal ha god kondis for å springe etter sprinterar.  Veni, Vidi,  Vici ,og Marla Maria Luice blei tanta mi.

Som sivilingeniør har han arbeidd over heile verda, men basen har alltid vore Bergen. Dei siste åra har han residert på toppen av Einarkollen med god oversikt over Vadmyren og andre tilliggende herligheter, som Vannkanten. 

Det gror i fara til tante Marlies og onkel Ottar. To søner er blitt til fem barnebarn, der både Jørgen og Magnus Hiim har dukka opp.  

Eg heiter onkel Ottar og er så grei ein kar.
nå har eg hatt min bursdag og festen den var snar.
Eg bur her oppå fjell
og kaka eg deg lova, eg svik det ikkje hell.

Eg reiste ut i verda og såg så mange land.
Men kjærast var jo Hiim det forstår de alle mann.
Eg heiter Ottar Kjell
og kaka eg deg lova, eg svik det ikkje hell.

(mel: Håvard Hedde)

Onkel Ottar feira med måte, men har lova meg kake når eg kjem. Nå håpar eg at kaka blir laga når eg kjem, ellers kan ho bli vel harsk før eg får eta den ;)

Vel overstått dag, kjære onkel Ottar!


Onkel Ottar var yngst av ungeflokken. Dette er truleg dåpen hans.


Ungane på Hiim


4 årsdagen til onkel. Reknar med at det blei lite feiring.

Ungane på Hiim veks til...

Dei blir større og større...

Motiv frå garden Hiim då onkel Ottar var ung.

Alle mann i arbeid.  Hatt ser ut til å vere ein del av arbeidsantrekket i onkel Ottar si tid.

Bestemor Neset. Valborg Lunde, gift Helland, ga gode gener frå seg. Ho blei 93 år.

Vasstøl i vinterdrakt

Veding i Heiå. Kven er det som alt har lært å sette andre i arbeid?


Den unge, pene, student Hiim

Her er mor hans, tanter, søster og nevø ein sommardag. Me ventar, og ventar på onkel Ottar.


Ein triveleg heilaften mellom to gilde onklar :)

fredag 29. april 2011

å melde seg sjølv

Eg har meldt meg sjølv. Nei, det er ikkje heilt rett. Eg skal melde meg sjølv. Når eg budde i Stavanger måtte eg angi meg sjølv. Eg veit nå ikkje kva som er verst, eller best.

I uminnelige tider var sjølvmeldingsfristen 31/1  Det var greit. Jula var overstått og vekkrydda, og det var liksom ikkje anna å finne på resten av månaden. 31/1 skulle ein også skifte batteri i alle røykvarslarar.  Verda var forutsigbar og oversiktelig.

Kvelden den 31. januar var det folkevandring i Stavanger. Skatteetaten hadde postkassar utstilt fleire stadar i byen for å unngå kork. Det stod politi og dirigerte trafikken. Ein gong kom eg ned 3 minutt på tolv. Akkurat når eg hadde pressa konvolutten inn i sprekka, kom dei og tok den. Jezz, eg klarte det! Så sprang eg heim og bytte batteri i røykvarslaren min.

Nå skal sjølvmeldinga inn 30/4  Men den som visste kor alle papira som kom i januar er blitt av.  Dei har ein tendens til å forsvinne. Så, mens eg ser klokka tikke ubønnhørleg fram mot 30. april, leitar eg på spreng alle smarte og logiske plassar dei kan vere stukket vekk.

Er det andre som har det slik, eller er eg einsam i verda?  Eg veit mange tar berre eit klikk på maskinen, så er det gjort. Men, eg har det som blir kalla komplisert sjølvmelding. Komplisert fordi eg er kronisk sjuk og har uhorvelege utgifter som andre ikkje har. For å dokumentere dei,og få frådrag på skatten, må kvar litle kvittering vere med. Då skal ein ha orden i sysakene sine. Når ein då har eit snev av skjemaskrekk i tillegg, slit ein litt.

I gamle dager fekk eg alltid sjølvmeldinga ferdig i tide. Men, nå må eg ha utsettelse mest kvart år, og det når fristen er april! Eg har kome fram til at det er fordi at me har kome for langt på utpå våren og hovudet er fullt av andre ting, og papirhaugen har levd sitt eige liv fra januar.

Derfor vil eg slå eit slag for å få fristen til å melda seg sjølv tilbake til start. For då kunne eg byte batteri, før eg gjekk og leverte sjølvmeldinga.  Nå veit eg ikkje ein gong når me skal byte batteri. Veit de?


Til forsiden på Skatteetaten

Plagsom etat


Utkast til ny sjølvmelding. Enkelt og greitt ;)


Dagens kviss: Kva er skatteinnleveringsfristen for næringsdrivande?

torsdag 28. april 2011

Snorre Sel

 
Eg vaks opp med Snorre Sel. Det var ei flyssete bok med mjuke permer. Den var godt lesen, og hadde vore godt godt gjøymd. For fleire år sidan fann eg boka om Snorre Sel i Akvariet i Bergen. Eg kjøpte den der og då, og las den for mine ungar. Nå er boka på vandring. Ikkje veit eg kven som har den nå, men eg vonar den har det godt der den er.

Snorre Sel var ei fantastisk bok. Den var gitt ut 1941 og fekk god omtale i "Fritt folk" , organet til Nazistane, og i Deutche Zeitung in Norwegen. Ein månad etter dette gjekk det opp for den tyske okkupasjonsmakta kva dette var, og boka blei tilbakekalt.  Symbolikken var krystallklar, så det var rart den var i sal så lenge. Over 12 tusen sikra seg boka då. Den er trykt opp att fleire gonger.

Eg likte historia om Snorre. Den var skummel, men heldigvis gjekk det bra. Som vaksen las eg den igjen, og likte den enda betre. Eg hugsar at dei vaksne også las barneboka når eg var liten.

Snorre Sel, symbolet på Noreg, har den leie uvanen  at han stadig drøymer seg bort. Han er også narsissistisk og speglar seg lenge i isen. Mora til Snorre formanar han om å passe seg. Det er farlig ute på isen. Snorre er uforsiktig og gløymer å passe seg. Han møter forskjellige dyr ute på isen. (Noregskartet)  Alle har si rolle. Spekkhogggaren Glefs er Nazi-Tyskland. Måkane er tyskerane sine medhjelparar i Noreg. Den trege onkel Bert er Storbritannia. Han kjem Snorre til unnsetning seint for han har hjulpet Trollkrabbe ( etter Pearl Habour)

Denne boka vil eg anbefale dykk sterkt å lese. Les den for ungane dykkar. La eldre ungar lese den, og sjå etter symboler. Dei er overalt. Slik kan de få heile historia om andre verdskrig fortalt på ein morosam måte.

Fritjof Sælen ga ut to bøker til med sterk symbolikk: Ein motig maur ,og tre kalde karer.


Snorre Sel - Frithjof Sælen Frithjof Sælen
Boka om Snorre Sel

Den troskuldige selungen

Dagens kviss: Kva sjukdom plaga Fritjof Sælen dei siste åra han levde?











onsdag 27. april 2011

Ein slange i Paradiset

Eg likar å gå en tur på stien og søke skogens ro...
Stadig vekk går eg ein tur til Vikane, også kjent som Sahara.  Dette er ei naturperle der me gjekk for å bade frå me var små. Me kunne gå med vener, eller heile familien tok seg ut på tur mellom arbeidsøktene. I Vikane har folk og fe gått i uminnelege tider. Det går an fordi ein tek omsyn til kvarandre.

Tidlegare var det mest ikkje spor etter folk i Vikane. Folk tok med seg søppelet heim, eller brann opp restane. Me kunne sjå restar etter bål, men ellers lite. Slik har det vore lenge. Nå er det tydelegvis nye folk som har byrja å nyte Guds frie natur. Men dei har ikkje vakse opp med miljødetektivar, eller Blekkulf.

Sist veke var me på tur til Vikane. Då fann me søppel slengt utover, tre forskjellige stadar. Me fylte opp to bæreposar med rape som me måtte draska med oss heim fordi inkvan ikkje gadd å gjere det sjølv.

Det må vere natursvin som har vore på tur. Vikane er ei perle, men me kastar ikkje perler for svin. Oppfordringa til alle natursvin må vere: Ta sydrene dine med deg når du går!!!



P1010027
Me gjekk ein tur på Kvitveisstien

P1010028
 Me var i Paradiset, men Paradiset hadde fått ein slange...


Slangen har grilla og øla seg, men orka ikkje ta ansvaret med å rydde opp.  Sjølve grillen ligg og blenkjer nede i Grovahølen. 


P1010024
Kan me gjette at pølser, øl og kaffi har stått på menyen?

P1010029
Inkvan hadde vore flink og rydda søpla i posen, men blei for sliten til å bære den heim?








Dagens kviss: Kvar bur Blekkulf no?

tirsdag 26. april 2011

Påskeharen og egget


Påsken går mot slutten. For alle de som meiner jula varer heilt til påske, kan eg då informere dykk om at no er begge deler ugjenkalleleg over, for denne gong. 

Ein del av dykk har vel hatt besøk av påskeharen. Det har me også. Påskeharen hadde eit fæla strev med leveringa i heimen. Det krela av ungdommar i alle krør, slik at haren måtte ut med 6 stykk påskeegg. 

Eg sat på terrassen og kosa meg med påskeegget mitt då nokre naboar gjekk forbi. Eg viste stolt det fine rosa egget mitt og spurte om dei hadde hatt besøk av påskeharen. Det hadde dei ikkje, for som fruen sa: " Nei, me slakta `an!"  Slik kan det gå...


  P1010015
Påskeegg kokt ute smakar aller best. Sjå den lekre påskegule fargen. Skalet av ein lauk, og sim salabim, så er det kvite egget gult.

P1010183
Desse egga går det mykje av i påsken. Gudane må vite kven som har lagt dei.


DSC00970
Eggbertine og Eggbert er våre gamle venner


DSC01738
Pinse, eller påskeliljer pynter opp.

Egg..



Egg, egg og flere egg.....



Ops, dette egget var visst kommet for langt...


Døme på påskeharar. Uvisst om dei kan leggje egg.



Ein stad i Noreg fekk ikkje ungane påskeegg. -Viss ingen går i fella, men passer seg for den skal alle småe barn få påskeegget sitt igjen-   Kjør forsiktig i påska!

Dagens kviss: Kor gammal er påskeharen?

mandag 25. april 2011

Påskemorgenslukkersorgenegg!

Påskemorgen slukker sorgen. Me slukker svolten påskemorgen med påskeegg. Då er det berre kokte som gjeld. Dette har me lært av Jødane. Dei et "Pesach", hardkokte egg, som ein del av påskemåltidet. I tillegg til å ete hardkokte egg påskemorgonen, går me ut i naturen og kokar oss egg også.

Den årlige turen til Vikane for å koke påskeegg er ein vel innarbeida tradisjon i heimen. Kvart år, den dagen med beste værutsikter, rustar me oss ut på ekspedisjon. Dette året blei det skjærtorsdag, for påska i år var stappfull av bursdagar som skulle feirast.

Påsketuren til Vikane opnar sesongen til paradiset vårt. I år vart det vel seint, me kunne godt ha gjort det tidlegare, men har me ein tradisjon, så må den haldast. Slik er det med det.

Eg trudde lenge me var åleine i verda som dreiv med slikt, men så las eg i Stavanger Aftenblad, for nokre år sidan, om ein familie som kokte egg i fjæra kvar påske. Me starta når dei eldste var små.

I år var det så tort at me måtte tenne bålet i Lågen for å unngå katastrofekoking. Me er ikkje ute etter overskrifter, så dette tek me alvorleg.

Me har med pølser, egg og pinnebrød. Pinnebrød er veldig godt om ein ikkje brenn det for mykje. Så er det til å styre og steike. Koke egg og kaffi. Etter maten har me leikar, og går tur omkring på Sanden, Skotiå, Gåpavad, Grovahølen og Evjedalen. Dette er eit av årets høgdepunkt.


P1010016
Grillrista var der framleis, heldigvis.


P1010012
Innbakte pølser. Det smakar ennå betre enn det ser ut.


P1010014
Skikkelig påskegule egg får me når me har laukskall oppi vatnet.


P1010017
Ma`s bidrag var bilbåren påskekake, fersk frå haugesund.


P1010021
I år var det turnering i bueskyting. Mange talenter blei oppdaga.


P1010022
Ma viste seg å vere  eit naturtalent.

søndag 24. april 2011




Påskemorgen slukker sorgen.

Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
Den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.

Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Helvede vredes, himmelen gledes,
himmelen gledes med lovsang ny.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!

Sangen toner. vår Forsoner,
vår Forsoner til evig pris;
Han ville bløde for oss å møte,
for oss å møte i Paradis.
Sangen toner. vår Forsoner,
vår Forsoner til evig pris.



paasken_3731.jpg




Dine hender er fulle av blomster

Dine hender er fulle av blomster.
Hvem var det du tenkte og gi dem til?
Mine blomster var plukket til Jesus.
Graven fant jeg tom. Han var ikke der.
Halleluja, halleluja,
halleluja, halleluja.

Dine lepper er fulle av sanger.
Hvorfor denne glede, hvor kom den fra?
Fra den grav der hans legeme hvilte -
han stod opp, og verden ble fylt med sang.
Halleluja, halleluja,
Halleluja, halleluja.

Dine øyne er fulle av glede.
Si hva har de sett for å få slik glans?
De har sett Herren Jesus! Han lever!
Han gir livet mening og lys hver dag.
Halleluja, halleluja,
halleluja, halleluja.

Nei, det trengs ingen blomster til graven!
Jesus, du stod opp og du bor blant oss!
Våre øyne er til for å se deg.
Hendene er til for å tjene deg.
Halleluja, halleluja,
halleluja, halleluja.


 

tirsdag 19. april 2011

kvissoppdatering

Kvissoppdatering for veke 15:

11/4   kjedar seg                                        rett svar: Han Innante
12/4  Ser ikkje grunnen                              rett svar: Han Innante
13/4   Sand kvinne og familieforbund          rett svar: Anne
14/4  Pål Edvard Gjil                                  rett svar; Anne
15/4  Kristiane Berg                                   rett svar: Anne



 Stillinga er då:

Han Innante            10 poeng
Anne                       7 poeng
the librarian bitch      5 poeng
Anette                     1 poeng


Anne dreg innpå Han Innante. Ho hentar inn poeng kvar gong. Inkvan  seve for godt om morgonane ;)

mandag 18. april 2011

Påske-sovemaske

Det er mange i verda som slit med søvnen. Søvnen kan vera ein venn, eller ein uvenn, alt etter som.  Mange slit i sommarhalvåret. Då er det for lyst til å falle ned i den gode søvnen. Då finns det eit godt hjelpemiddel; sovemasker.

Dotter nr 4 bare må ha sovemaske, for ho søv med lyset på. Det er ein logikk eg slit litt med. Eg meinar ho kan slå av lyset, men då blir det for mørk, så ho går for fullt lys og sovemaske på.

Ein dag ho kjeda seg, laga ho si eiga sovemaske. Luttens design!  Det nærma seg påske og ho haddde noko gult garn. Ho sat rolig og slappa av. Eg nytte stilla ei god stund, før ho skremde vetet av meg. Eg visste ikkje at dotter mi hadde gjennomgått ei metamorfose og enda opp som hønsefugl.


  DSC00023
Lutten sovemaskedesign.  Me trur bestillingane kjem til å renne inn 


DSC00008
Etter ei tid dukka ho opp i stova med sovemaska klar

Med dette tar bloggen påskeferie. Det kan vere greit at de er med familien istaden for å sitte her og trykkje, men eg ønsker dykk hjarteleg tilbake, i alle fall til, 26. april.  På gjensyn!

Ha ei fin påske og hugs solfaktor!

søndag 17. april 2011

Tenåring i heimen

I dag er det 17. april. Det er på dagen 13 år sidan minstabadne vart fødd. Litlagulle er fødd i Haugesund, på sjukehuset der. Eg låg på fødestova og høyrde skriket frå ein liten suldøl som kom til verda i naborommet, og eg ynskte det var eg som låg der. Men, så kom tida og timen for oss og. 

Det er rart at minstejenta er 13 år. Det er ingen ungar i heimen lenger.  Eg har ikkje vore ungafri på over 30 år. Den eine etter den andre av jentene har vakse opp, blitt tenåringar og flytt ut. 

Nå skal me inn i ei ny tenåringstid. Me klarer vel den og. Men for første gong kan eg ikkje kikke bakover i rekka på neste litle unge.

I dag skal me feire den siste tenåringen.  Det er ei snill og grei jente. Lutten har farte både vidt og breidt i sine 13 år. Den lengste reisa var ei reise i 3 veker på den Transsibirske jarnbane frå Moskva, Russland, til Beijing, Kina. Frå Europa, gjennom Mongolia til den fjerne Austen. I bildekavalkaden under ser de ei allsidig, reisevant jente. 


Eit bustehåve i Skottland. Ho fekk visittkortet til sekkepipespelaren.


I Skottland fekk ho kjøpe sine første stiletthælar. Britane har små føter og endelig fekk ho damesko som passa. Gjett om ho var lykkelig.

 Hol i øyrene fekk ho under motemessa på Sand fjordhotell.


Her er det eit eller anna kunstprosjekt på gong. Ho syr, teiknar, spøtar, skyt, fiskar og dansar orientalsk dans.


Her er ho modell for søskenbarnet sitt.



 På ridetur i Egypt. Som vanlig var alle vilt begeistra for denne blonde, søte jenta.


På fisketur. Ho fiskar og verkar fisken sjølv.


Ei lita tsarina i Russland


Spasertur på den kinesiske mur. Etter turen på muren bestemte ho at ho aldri skulle bli kjendis. Det var altfor plagsomt. Alle ville bli fotografert samen med henne. Kvar andre meter var det ny fotoseanse.


Klar for Beijing-opera i nye silkeklær.


Prinsessa i den Forbudte by i Beijing.


"You me photo, please!"


Skyttaren i lag med sin onkel og læremester


 I Bulgaria var det mange slike skilt og Lutten kommenterte tørt: "Då e det lov med pistol di andre plassene"


Staspynta i Søstera sin konfirmasjon

Iskrem er aldri feil.


I Mongolia var alt Mongo. Mongopost, mongokafe etc. Ustyrtelig morsomt for Jentene.


 Oppdrag utført. Her debuterte ho med eigenregissert dans på hotellet i Sveti Vlas, Bulgaria.


Gleda med å kle seg ut har ho arva etter mora.


Her blei ho plukka ut til frisering på eit kjøpesenter i Glasgow, Skottland



Hatteprøving i Edinburgh. Mor og dotter prøvde hattar i 2 timar.


Her leikar ho og venninna modellar med klær frå utkledningskista.


Halloween er årets høgdepunkt.


Ei som elskar pizza


Omsorgsfull tante matar nevøen sin. 


Her er den skrekkelige tenåringen.



Gratulere med livet som tenåring, Lutten!

Kvissen tar påskeferie. Me er tilbake med nye, og vanskelige, lokale spørsmål 26. april.