søndag 22. april 2012

Hønsegarden

Når ein bur i ein heim med berre hokjønn, kan det av og til kjennast som om ein bur i ein hønsegarde. Det er nå heilt greit det. Høns er ålreite fuglar. Det har eg nå alltid tykt.

Det finns hønsebutikkar også. Då  meinar eg ikkje fjørfesalg. Ein kjede som består av fem butikkar,  kallar seg: "Fem høns". Dei sel allslags dill som hønsa vil ha i hønsehuset.

Eg har min eigen hønsegarde som består av fem høns. Nå har høne nummer ein fått seg ein liten hønekylling. Så strengt tatt er me seks høner nå. Gamlemor legg ikkje egg lenger, men nektar å ha gått ut på dato. Ho har ala opp fire småhøner som kan leggje egg i årevis framover. Hønemor reknar med at dei er ypperlige rugehøner.


Før påske laga eg min eigen versjon av hønsegarden. Fem flotte høner har vagla seg opp på sofaen. Dette er høner som ikkje legg egg, eller går ut på dato.

Mine supre høner er vinhøner. De har sikkert høyrd om ølhøner, men det er for pingler. Ekte høner legg vin i litervis. Dei legg pappvin. Dei er så smarte at når det er tomt, kan me legga inn ein ny pose. Så, nå kan "seminarkofferten"  byttast ut. Ta høna under armen og gå på fest.


Lille Lilla klar til å leggje.. vin.


Påskehøna har ein rank haldning og fint kyssenebb.


Den Grønnkledde venta på Peer.....


Den grønnkledde har glimt i auga.


Perlehøna er blitt grå i håret, egga har gått ut på dato, men høna er, som de ser, i full vigør!


Perlehøna, mor i huset, med sitt fine perleband. Klar til å gå på fest om ho blir invitert.


Kvit Italiener sett bakfrå



Kvit Italiener i farta..

Ha ein fin søndag! 

Og hugs, har du høna under armen, veit du kor du har henne.

10 kommentarer:

  1. the librarian bitch22. april 2012 kl. 11:19

    Som han sa: Hver mann sin høne ..... dato eller ei

    SvarSlett
  2. the librarian bitch22. april 2012 kl. 11:20

    Forresten så burde du satsa på produksjon av dei. Sikkert mange som vil ha seg ei sleke høna te jul

    SvarSlett
  3. Her må du jo ha starten til ein glimrande forretningsidé, Liv! Veldig kreativt:-)Kor er nettbutikken din?

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje eg må ta ein tur t Sand snart. M så flotte høner:)

      Slett
  4. Jepp mine høner går ikkje ut på dato og eg stemte på han så sa kvar mann si høne:)
    Eg gir deg eg sosionomsvar Suldalsrypa: Nettbutikken er der du syns den bør vere. ;)

    Hønene er aktuelle heile året. Neste ut er ei 17. mai høne! Dette er høner av den eksklusive sorten, så de sele seg kje billigt.

    Anonym, ja du bør ta turen t Sand, garantert ei høne t deg og ;)

    SvarSlett
  5. Kjære deg, du må jo legge du ut på Epla.no...

    SvarSlett
  6. the librarian bitch22. april 2012 kl. 14:20

    Btw ..... me vil ha oppskrift, sånn i tilfelle me sko få ånden øve oss!!

    SvarSlett
  7. Epla ska ha halve summen :(
    Trur du atte du får ånden, TLB??

    SvarSlett
  8. the librarian bitch22. april 2012 kl. 23:21

    Nei, kjenner eg meg sjøl rett så kjeme det lite øve meg - jaffal ikkje noko åndelegt.

    SvarSlett
  9. Det ska me ordna då vett du om du får nåke uåndelig over deg ;)

    SvarSlett