søndag 11. september 2011

Kulturminnedagen

I dag er det den nasjonale kulturminnedagen. Over heile landet blir dette markert. Sogelag, historielag og kulturminnelag har forskjellige markeringar denne dagen.

Tema i år er: " Skjulte skatter. Spor i landskapet"

Suldal sogelag markerer også dagen. Sogelaget arranger tur til eit kulturminne. Det krelar av kulturminne over heile kommunen, så det kan vere vanskelig å velje. Valget falt på Suldalskjelda. Ikkje meningetsbladet, men kjelda bladet har fått sitt namn etter.

Det som er dumt denne dagen er at inkvan IKKJE har snakka saman. Sogelaget har funne eit kulturminne og arrangerer tur. Samstundes har husflidslaget gått saman med Ryfylkemuseet og laga til treff ved den gamle vadmålsstampa på Kvæstad.

Husflidslaget skulle markert den internasjonale husflidsdagen lordag 10. september med tema: "Hele verden strikker."  I staden samarbeider dei med Ryfylkemuseet. Det er smart det, men tette band bør strekkast litt utover. Det er idiotisk å arrangere to kulturminnearrangement i same bygda med stort sett dei same medlemmene i alle tre laga.  Dette bør vere ein glipp.


Den offisielle kulturminnesida:
http://www.kulturminnedagen.net/pdf/Kulturminnedagen_11_BM.pdf

Nå er det opp til dykk å makte valets kvaler; Suldalskjelda, eller stampa.

1 kommentar:

  1. the librarian bitch11. september 2011 kl. 12:55

    Ganske så typisk Suldalsfenomen :-)

    SvarSlett