fredag 30. september 2011

Daniel Moe til minne


I dag har ein viktig mann gått ut or tida. Daniel Moe døydde 25. september nær 90 år gammal. Eg har aldri visst om ei verd utan Daniel Moe. Eg har kjent han sidan før eg visste kva eg sjølv heitte. Det var vennskap mellom Hiim og Moe, så me treftes i selskap og besøk.

Frå eg var liten var eg med til Mo og sat på kjøkkenet og høyrde dei vaksne prata. Det er helst på kjøkkenet gode venner treffest, men eg har og vore i stova deira som gjest. Stova med det fine framskapet han laga. 

Daniel var bonde i Mo. Men han var mykje meir enn det. Han var ein ekte kulturbærar. Han var flink med hendene. Det er mange murar etter han rundt om. Treskurden hans er kjend. Sjå godt på stolane framme ved alterringen  neste gong du går i Sand kyrkje. Stolane er laga av Daniel Moe. 

Etter som åra gjekk, vart Daniel tunghøyrd. Det er vondt å vere sosial, og så bli tunghøyrd. Det vart tyngre for han å følgje med i samtalar rundt bordet. Men ein til ein samtale gjekk bra. Likevel skremde det han ikkje frå å ta del i det sosiale livet. Han kunne snakke med kven som helst, kva språk dei enn snakka. 

Han var av den gamle sorten som ikkje var prega av den kjappe tv stilen.  Per Inge Torkildsen sa, ein gong på ein revy, at det var kun i Ryfylke dei kunne følgje ein vits som varte meir enn eit halvt minutt. Daniel sine historier var aldri kjappe, dei varte meir enn eit halvt minutt.  Men dei var desto betre. 

Tok ein seg tid og sette seg ned  med Daniel var det som å opne ei Sareptas krukka. Han visste noko om det meste. Han fortalde soger og kunne steva. Etter han pensjonerte seg som bonde, gjekk han over i reiselivsbransjen. Han laga fenalår til Mo laksegard etter gamle måten. Han visste kva som skulle til for å få fram den beste smaken.


Slik er mine første minne frå Mo. Kvar gong far hadde eit ærend til Borghild og Daniel, maste eg om å få vere med.  (foto Soga om Sand)



Alltid eit lunt smil og ein god kommentar.

Daniel var aldri den som tok mest plass. Men han var så rolig og fin, og visste veldig mykje. Balansen i bygda blir omrykka. Ein viktig bærande bjelke i samfunnet er borte. Den vil me aldri få att.

Av sin eigen klokskap
kyte ingen,
men ver håv i hug.
Når du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje brått i beit.



Ein vis mann sa at folk lever så lenge dei vert minna. Då er det ikkje fare her. Me har alle mange gode minner etter Daniel. La oss halda dei i live.

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
eg veit eitt
som aldri døyr
dom om daudan kvar.





I godt lag på  Hiim. 

Liva sat til bords med dei vaksne i mor sitt selskap, mens eg og Anne varta opp. Etter ei stund kom Liva alvorlig inn på kjøkkenet og spurte oss:  "Kor gamle e di?"  Me lurte på kvifor ho spurte om det. Då seier ho: " Di seie di er mellom 80 og 90 år, men d e umuligt" 
 Denne gjengen  av bygderar var altfor ungdommelige til å vere så gamle tykte ho. Me sa oss einige i det.

I dag skal me følgje Daniel til grava. Fred over minnet!

Det er ingen kviss i dag.

torsdag 29. september 2011

Slik var sommaren i år

Denne overskrifta fann eg i Haugesunds avis ein dag. Dei lurer på om sommaren ikkje var så galen likevel.  Så kjem dei med utsegna at statistikken aldri lyg. Neivel, statistikken lyg nok aldri. Men som ein matar inn data får ein svar...


Ein lærar sa til meg når me hadde statistikk. "Jo, statistikk ser dåkke. Den kan gi det svaret me vil. For eksempel kan me få det til å regne mest i Noreg, pr. Hode, i Drøbak!"  Imponerande!

Sommaren kan reknast som god etter antall grader, eller etter nedbør. Då vil me få forskjellige svar. Den same sommaren kan bli både dårlig og bra. Og så seiest det at statistikk ikkje lyg. Kva gjer den då når den gir oss to forskjellige svar. Driv den med heilgardering?


Ser me på gradene for i år, får finn me at me hadde 27 dagar med 20, eller meir grader. Det er 5 dagar over gjennomsnittet for 1957- 2011  Og sommaren i fjor som me også hugsar som dårlig, hadde heile 32 dagar med 20 grader, eller meir. Då er det ikkje så gale, eller....


Men ser me på nedbør blir statistikken litt annleis.  Denne sommaren er den nest våtaste sidan 1900
1964 er framleis vinnaren.


Og fremdeles vil dei ha meg til å tru at statistikken ikkje lyg!

Dagens kviss: Kor mange dagar med temperatur opp til 25 grader i år? Ca

onsdag 28. september 2011

Gi ein mobil til IL- Sand

Dei fleste lag og organisasjonar treng pengar til aktivitetane sine. Det er ikkje alltid like lett å  finansiere ambisjonene dei har. IL Sand har gått nye vegar for å skaffe pengar til laget. Dei samlar inn  brukte mobiltelefonar.  For kvar mobil dei leverer vidare får dei kr. 35.-  Det er sett ut mobilkassar rundt om på Sand. 

Dette skulle vore lettente pengar for laget, men det viser seg at kun 60 mobilar er innlevert til nå.  Det er synd, for inntektene skulle gå til å kjøpe inn nye drakter til dei yngste fotballspelerane. 


Idrettslaga gjer ein flott innsats i å ta vare på våre ungar. Dette gjer dei av eige initiativ og heilt gratis. Eg syns me skal, om ikkje gå inn i oss sjølv, så gå inn i skuffer og skap og leite etter alle dei gamle mobilane som de heilt sikkert har ein stad. Slik kan me vise at me set pris på innsatsen til IL Sand.  Kanskje finn de saker og ting som de har leita lenge etter i same rennet.


Her ser me ein mobiltelefon av eldre dato. Dette er ein OLT mobil frå 1966  Har de slike liggande og slenge, tek IL Sand sikkert i mot den og.



P1010025
                               Eg har vore i skuffer og skap og har fått ein fin samling. 

Ein familie som har vore på 6 personar har litt av kvart liggande. Eg hadde ein gong ein ide om å lage meg ein utstilling av våre brukte mobilar, men eg kom av det. Nå kjem det IL Sand til gode.  Her ligg 25 mobilar og ventar på å bli omgjort til kr. 875,- 

Eg oppfordrar dykk til å samle fleire mobilar enn eg! Gi tilbakemelding på bloggen om antal innleverte mobilar!!!

Når fristen for å stikke din gamle mobil i kassen går ut 6. oktober, håpar eg at den er full og vel så det. Dei unge fotballspelerane våre vil bli flotte i nye drakter. La stafettpinnen gå vidare. Nå har eg utfordra dykk! Kor mange mobilar finn de rundt om i heimen som kan i kassen?

Dagens kviss: Kor mange mobilar får IL sand inn? 
Dagens vinnar blir kunngjort etter 6 oktober.

tirsdag 27. september 2011

Sand post mortem?

Ferje, eller ikkje ferje, er ikke lenger eit spørsmål.
Brua vil true seg fram tilslutt. Me kan meine kva me vil om det. Det alle er einige i, er at Sand sentrum skal overleve etter bruopning. Eg har hatt mange blogginnlegg om dette. Mange med idear til overlevelsesstrategiar som er nytta andre stadar. Til dømes Route 66, der dei klarte å laga turistveg av den nedlagde ruta. Men klarte me å ta den ideen? Nei, me klarte det kunststykket å la turistvegen gå utenom den gamle verdskjente  turistvegen: Stavanger- Røldal- Hardanger- Bergen. Turistvegen blir leia inn på den nye brua.

Denne kringla viser veg vekk frå sentrum.

Leiaren i Sandsgruppa tar det med ro. Sandsgruppa meiner " Sand sentrum vil stå vel så sterkt som i dag, når ferja forsvinn. Men  noko må gjerast."  Dette blir utdjupa med mange gode idear.  Dette er bra. Iniativ skal berømmast. Men dei fleste ideane er slett ikkje nye. Det er det same som er prøvd ialle år.

"Eit unikt, levande sentrum. Det skal kompensere for tapet av ferjereisande." Kven er det som i alle år ikkje har klart å einast om like opningstider? Dersom dette var kvisspørsmålet, ville svaret vore Sandsgruppa.Etter stengetid er sentrum som ein by der menneska er utdøydde. Ein og annan slengar med hund, ellers er det helst ferjeventande folk som går og ruslar.

Ellers er det forslag om tilretteleggging av "Turistdestinasjon Sand" som går ut over private; utbygging av vika der ferja legg til, og Nordenden der all trafikk på død og liv skal fram.  Begge ideane går ut over bebuarane og grunneigarane mot sjøen.

"Eit ferjefritt Sand gir oss ein sjanse til å sjå sentrum med nye auger." Dette var eit ekte skattkammer-uttrykk. La oss håpe det ikkje renn for mange millionar kroner ut med kloakken. Me har jo fått til noko unikt i sentrum; ein dyr asfaltpark!



Leiaren for Sandsgruppa slappar av sjølv om ferja sluttar å gå. Merk linselusa i bakgrunnen (foto SP)

Sandsgruppa vil samle alle krefter for å skape eit mest mogleg attraktivt sentrum. Her får de framlagt første forslaget:
-Dette er forslaget frå dotter nummer 4  Ho er ung, og veit kva som skal til for å få dei unge si interesse for Strandstaden. "Det me treng," seier ho, "er eit skilt slik som dei har i Hollywood. Skiltet skal stå på Fiskebergåsen og vise veg for alle dei som køyrer forbi på hi sida. Då vil det skje som i USA; folk vil valfarte til staden."

I Hollywood er dei plaga av hordane med turistar som brøyter seg gjennom hagar for å komma fram til skiltet. Her slepp me å tenke på det problemet, og me vil avlaste dei i Nordenden. Kommunen har alt laga veg eit godt stykke på fram. Og bubilane kan stå der brakkeriggen stod.



Slik ser det ut i Hollywood....



Sjå for dykk Sand i store bokstavar høgt opp i Fiskebergåsen..



Skiltet kunne stå her. Då ville det vere kort veg for turistane å gå. Men plassert på andre sida ville bilistane sjå det, og snu ;)



Turistane kan gå over denne fine og dyre brua.



Rull dykk ned på denne bloggen, så kan de sjå kva turistar skriv om Sand; Båtparadis er konklusjonen. Så då har me inkvan som kjem til Sand post bru!

Dagen kviss: Kva har Sandsgruppa og næringsforeininga vedtatt å kjøpe inn, for å få eit levande sentrum?

mandag 26. september 2011

Risa snur på flisa

Risa har sagt opp brøytekontrakten med kommunen. Argumentet for å bryte kontrakten er at det har vore for utfordrande å drive vintervedlikehald i Suldal. Det var store snømengder som kom på ein gong!, og skiftande værtypar! Hm, kor trudde Risa dei skulle brøyte? I syden?



Risa har lenge hatt økonomiske problem, seier pressa og folkemunnet. Etter finanskrisa la Risa AS inn låge anbod rundt om kring for å sikre seg kontraktar. Dei fekk kontrakt i Suldal også. Ikkje alle var glade for det. Det var nokon som sa til meg når dei høyrde Risa hadde fått kontrakt her; " Å skal Risa brøyte her, ja då håpar eg de har 4- hjulingar."


Foto SP
Me har hatt to harde og lange vintrar, men det er slik vintrane kan vere i Noreg. Ein kan ikkje leggje inn anbod og gamble på sommar-vintrar. Ein kan ikkje skulde finanskrisa for at det snøar i Ryfylke.



Me var godt nøgd med brøytinga me hadde. Så skulle kommunen liksom spare penger. Eg bur i Prestaåsen. Det er eit urbant byggjefelt. Vegen dit var mest uframkommeleg heile vinteren. Det var med livet som innsats å køyre køyre der. Ein måtte slå nyrebeltet om seg og snirkle seg oppå fortauet og utpå ekra for å unngå dei 30 til 40 cm djupe kratera  i vegbanen.


Brukeropplastet bilde
Det viste seg at skeptikerane fekk rett. Etter at Risa overtok ansvaret har det gått hardt utover bilparken i Suldal.

Eg og mange med meg fekk øydelagt understellet på bilane våre etter å ha bomma på kratera.  Min bil fek hol i eksosanlegget. Det kostar kr. 5 000 å fixe. Men trur de nokon vil fixe det. Eg har vore i komtakt med kommunen, brøytefirma og forsikringsselskap. Men, nei, dette må eg ta på eigen kappe fordi kommunen skulle spare pengar på brøytinga.


Neste bilde

Så eg håpar på ein betre vinterveg der det er dei som kjenner vegane, føret, og vinteren som brøytar.


Store mengder med snø må vekk (Foto: Christian Wiik Gjerde/NRK)
Får me det, og ikkje slike som kun tenkjer profitt til å brøyte, kan det godt snøa i veg....

Ha ein fin vinterveg!

Dagens kviss: Kven er vegansvarlig i kommunen?

søndag 25. september 2011

Suldalporten

Det skjer igjen i Suldal! Stadig kjem kreative folk på nye ting å gjere her inne i fjorden. Dei startar bedrifter, butikkar og kafear. Det siste er ein ny nettportal. Suldalsporten. Eit godt namn når me ser kva dei tilbyr.

Det er mange nettsider i kommunen der bygdelag marknadsfører seg. Kommunen har, idrettslaga har, sogelaget har, halvøyna har , Erfjord har...  Ja, dei fleste er på nett. Men finn me dei?  Det er ein haug med sider ein skal navigere seg gjennom for å bli oppdatert. Då er det ofte lett på gløyme sider ein kanskje vil følgje med på.

Nå har tre ivrige menn starta ein privat nettportal der alle lag og organisasjonar kan registrere seg. Då slepp ein lettare unna. Alt nå hentar dei inn nyhende frå 30 lokale nettsider. I tillegg hentar dei inn nyhende frå Suldal.  Til dømes kunne me etter få timar lese om innbrotet på Sand i natt.

Det er http://suldalfoto.no/ som står bak portalen. Og Suldal foto er: Kjetil Brekke, Jarle og Vidar Lunde.  Då veit me også at det blir knakandes gode bilder å sjå.


Suldalsporten_240x161px
Bilde frå nettportalen.

Her er linken til nettsida:
http://suldalsporten.no/

lørdag 24. september 2011

Hotell i særklasse

Hotell kan vere kjedelige greier. Ofte er dei mørke, triste med  sjølvhøgtideleg personale.  Av og til blir me overraska då eit hotel viser seg å vera noko anna enn det ein trur. Det opplevde eg i august.  Eg skulle på kurs. Kurset var på flyplasshotellet på Sola. Off, tenkte eg, så kjedelig.

Quality Airport hotel

Dette hotellet har eg køyrd forbi i mange år når eg skulle til og frå flyplassen. Eg trur eg var på søndagsmiddag der ein gong når dotter nummer 1 og 2 var små.  Dette er eit hotell eg hadde ingen forventningar til. Men vett de kva; her har det jobba folk med humor.

I staden for formanande skilt, har dei laga koselige skilt med humoristisk informasjon. Så enkelt, og så kjekt.


Akkurat når eg spurte ei dame kor doen var, sto dette skiltet og viste vei.


Grei forklaring kor kin skulle gå..


Me damene fekk velje ut ein fotballhelt til å gå på do med. Du vett jenter går aldri åleine på do.  Å vett dåke ka! Han stod klar i båsen og venta...


Slik kan det og seiast. Til ettertanke for hotell med alle forbuds- og køyrereglar.


alltid godt med ein liden dråbe..


Ein fin måte å servere kranvatn på. Husets eget vann. Duggfriskt, sunt og miljøvennlig alternativ og dessuten kortreist. Fra IVAR!  Så enkelt og så stiligt.


WWWersågo og lån ein pc..


Eg har laga meg min eigen softis for første gong! Eg kunne laga meg så mange eg ville, med så mykje strø eg ville..


Her står det ein trist unge, for som det står: mamma har reist på konferanse og hu får spise så mye kaker og is hun vil. Kanskje for å gi oss litt dårlige samvittighet...

fredag 23. september 2011

Uår

Me har hatt to lange og harde vintrar. Me har også hatt to biringe somrar. Denne sommaren var ekstrem.  Det har regna heile tida.

Bøndene måtte venta lenge på førsteslåtten. Nokre fekk ikkje slå andreslåtten, for ikkje snakke om håen. Vått og våtare har det vore. Vått gras gir ikkje næring. Utan næring, ikkje dyr. Utan dyr, ingen mat.


Vannskadd åker (Foto: Eivind Aabakken/NRK)
Her hadde det nok høva best å dyrka ris.


Om ein har dyrka grønsaker, korn, eller poteter, har det vore likt. Då tenkjer eg at eg er glad eg lever i 2011, og ikkje i 1811


Overfloden?

Bøndene våre må kanskje selge unna dyr, fordi dei får hausta inn for lite for. Dei kan kjøpe for, men det blir dyrt. For det er for-mangel i heile landet. Mange gardar blir ikkje drevne. Det er med å skape for-mangel.

Men me kan alltid importere varer frå utlandet. Både for og mat kan me kjøpe. Dermed slepp me unna svolt. Hadde dette vore i gamle dagar hadde me gått tunge tider i møte. Tider med striskjorte, vassgraut og barkebrød. Dette slepp me heldigvis.

Vassgraut

Men i takksemd for det, bør me tenkje over at det er faktisk mange som har tunge tider i verda. Mange land har hungersnaud. Mange land har eit politisk system som gir hungersnaud. Mange land har krig som gir hungersnaud. Mange land har så lite nedbør at det gir hungersnaud.


For lite vatn er like gale som for mykje vatn. 

Me er heldige som slepp å leve på vatn og brød.

Dagens kviss: Kva betyr striskjorte og havrelefse?

torsdag 22. september 2011

The Salem Witch Trials

22 september 1692 vart dei siste 8 heksene hengde opp etter halsen til dei døydde. Da var 26 mennesker døydde i det som har gått over i historia som den verste heksejakta i verda. 185 personar vart tiltalt, men kun 19 vart drepne. Då var folk i Salem utsletne av prosessane og protesterte mot meir dreping. 6 døydde i fangeskapet og mange vart skada for livet etter dette.

Det byrja med at ein person skulle tiltalas for hekseri, og enda som den verste heksejakta i historia.

Det var i Europa dei var best på heksejakt. Så jakta på hekser i Salem var eit  av få tilfeller i den nye verda. Boka "Heksehammaren" la føringane for jakta på hekseri og trolldom.  Denne boka var ei tid den mest selde boka i Europa, i tillegg til Bibelen.


Korleis finne ei heks, eller trollkar.  Sitat frå boka: " Når en kvinne tenker alene, tenker hun ondt"

Dette var historia om fjøra som vart til fem høns. I Salem i Massachusetts budde engelske kalvinistar. Dei var sterkt truande og hadde reist over til Amerika som Guds utvalde folk for å byggje eit nytt Jerusalem. For utviklinga i England gjekk i feil retning tykte dei.

Då heksejakta tok til budde det 600 mennesker i Salem. Det heile starta i huset til svovelpredikanten Samuel Parris. Han var nyutnemnd som kyrkja sin leiar og tala mykje om satan sitt nærver. Så blei dottera, Elizabeth, og niesa, Abigail, sjuke. Doktor vart tilkalla og diagnostiserte dette til forhekselse.

Parris skjøna at satan hadde inntatt bygda hans. Og då starta jakta. Jentene kunne peike ut indianarkvinna Tituba som skuldig. Ho var slavetenar hjå familien Parris. Verdas mest kjende heks overlevde skuldingane fordi ho tilstod raskt. Dei som nekta var tiltala og henretta.

Ann Putnam var hovudvitne i saka.

Panikken tok  bygda. Fleire jenter fekk same sympom som Elisabeth og Abigail. Nye forheksingar førde til fleire hekseskuldningar. 12 år gamle Ann Putman peika ut fleire, noko som resulterte i 50 arresterte i nabobygda.

Livet vart utrygt. Kranglete var dei før prosessen, og verre vart dei under. Kven var heks? Kven er sur på meg og vil skulde meg for hekseri? Kampen på liv og død snudde opp ned på livet i Salem. Dei kunne ikkje stole på kvarandre lenger.

Den farlege peikefingeren.

Denne saka viser kor lett det er å hause saker opp. Peikefingeren kan vere farlig.  Kan dette skje igjen? Utan tvil. Under rette tilhøve kan det alltid bli ei "heksejakt" i ei eller anna form.

Rune Blix Hagen har skreve meir om dette:
http://ansatte.uit.no/rha003/salem.html

Dagens kviss: Kva anfall fekk jentene?

onsdag 21. september 2011

Å lesa om Noreg i Bulgaria

Når ein er ute og reiser er det kjekt å treffa på kjende. Fer ein utanlands, som til Syden, er det sjeldnare å treffe på kjende. Og enda sjeldnare er det at inkvan veit noko om vårt land. Dei kan gjerne nokre gloser som fiskeboller, eller Baccalao. Kanskje dei veit det er kaldt der, men så så er det slutt på kunnskapen.

Noreg brukar store summar på reiseliv. Det er om å gjere å marknadsføre seg for å få tak i turistar. I sommar, då eg var i Bulgaria, opplevde eg at Reiselivs-Noreg nådde fram med sitt bodskap;

 P1010033
Eg visste ikkje noko om dette før midskillet var blitt breiare enn breiast. Tilslutt var det inga råd. Eg kunne ikkje venta til eg kom heim til Wenche. Ungane ville ikke bli sett ute med meg, så eg gjekk til frisør.

 P1010185
Me gjekk til Sveti Vlas, ein bitteliten landsby omlag som Sand. Midt i byen er den gamle brunnen gjort om til fontene. I denne parken sit dei innfødde om kveldane og kikkar på turistane som hastar til og frå.  

Der fann eg ein frisør som hadde tid, og skjøna kva eg ville. Sidan eg ikkje kunne drive "small talk" med frisøren, grabba eg eit bulgarsk blad og byrja å bla i det. Og kva fekk eg vel sjå;


 P1010188
Her i bladet " Beauty"  var det tre fullpakka sider med stoff frå Noreg. Det tok for seg fjord- Noreg og fjell- Noreg frå sør til nord.


 P1010189
Eg hadde øvd på alfabetet så eg var stolt over å finne stoff om Flekkefjord, Bergen, Preikestolen, Fleire fossefall, Trondheim osv. Det tok for seg Stavkyrkjer, norske troll og Finnmarksvidda. Meir klarte eg ikkje forstå. Men såpass forstod eg; dette var godt marknadsføring!

P1010191
Eg fekk sei til alle i salongen at der kom eg frå, og at dei burde absolutt ta seg ein tur dit.  Som de ser så har midtskillen krympa saman att.

Dagens kviss: kvifor måtte eg øve på alfabetet?

tirsdag 20. september 2011

Miss Marple still going strong

Miss Marple var aktiv i mange år. Ho løyste dei mest uløyselige mysterier i små landsbyar i England. Landsbyar som stod i fare for utrydding om ikkje den geskjeftige Miss Marple hadde tatt saka. Seinare kunne me fylgje henne på Tv, først i svart- kvitt, seinare i fargar. Fasinerande og nysgjerrig var ho.

Den første Miss Marple

No ligg ho helst og støvar ned i bibliotek rundt om kring. Med eit hederlig unntak.Vår eiga Miss Marple er i full vigør. Ho løyser små, veldig små og større saker. Lurer du på kor du la jakka di, så kan ho sei kor ho ligg. Lurer du på kva som går på kino, kan ho sei deg kva som går.  Har du eit lånenummer, veit ho kven du er. Veit eg ikkje kven du er, kan ho jammen meg fortelje det, og om me er i slekt.

Ennå ei Miss Marple

Inni mellom alle dei små sakene har ho også løyst eit større mysterium. Ho har løyst eit 12 år gammalt kinesisk mysterium! Slå den!

Miss Marple sin nysgjerrighet, hennar gode kontaktnett og den uvurderlige Facebook ga svaret.  Er du nysgjerrig nå?

Ein bibliotekar frå trøndelag var på Sand for å sjå på bowlingbanen vår. Dei skulle og lage seg ein slik liten 3 banehall. Seinare hadde han vore i kontakt med ein kinesisk radiostasjon som viste han nokre bilete. Han fekk kopi, tok med seg heim, for han lurte på om det var ei vestlandsbunad på bilete. Så sende han det til sin  nykjende bibliotekarkollega på Sand.

Miss Marple ikkje berre kjende bunaden. Ho kjende den som var ikledd bunaden også. Det var vår eiga Julie Ege. Ho sende svaret til kollegaen i trøndelag som kontakta kineserane att.

Det viste seg at ein mann hadde kjøpt ei kasse med bilete på grunn av rammene. Men så hekta han seg opp i at det såg ut som om det var samme folka på alle bileta. Så han vart nysgjerrig på kven dei var.

I 12 år spurte og grov han. Spurte utenlandske gjester, sende det til radio og tv kanalar utan hell. Han fekk beskjed om å ta det med ro. Dette var dødfødt.

                                                 Vår eiga Miss Marple

Etter 12 år kjem så vår eiga Miss Marple og løyser saka. Det viser seg at Julie Ege si dotter Joanna bur i Kina. ho hadde sett sakene sine på lager. Då ho skulle henta dei var alt vekke.  Ho var lei seg for ho hadde berre få bilete frå barndommen då heimen deira brann då ho var ung.

No fekk ho kassen med bilete att takka vere ein iherdig kineser og vår eiga Miss Marple.
NRK  hadde eit større innslag om denne saka utan at detektivane i Noreg blei nemnde med namn. Men vår Miss Marple har fått takkebrev og gåve frå radiostasjonen som engasjerte seg i saka.

           Miss Marple fekk fint takkebrev frå Chinese Radio International, CRI

Og gåve..

Pakka fint inn...

Med ei svinfine lommebok inni

Hurra for Miss Marple!

NRK frå 27. august:
http://www.facebook.com/l.php?u=http%3A%2F%2Fwww.nrk.no%2Fnett-tv%2Findeks%2F275395%2F&h=CAQAfRH9SAQBS7ZNjPxE9wOV4EiXyZHviFFUk3S6L4F2R2w

Dagens kviss: Kor mange har spelt Miss Marple på film og TV?