lørdag 30. april 2011

75 år!

April er ein månad då bursdagane står i kø i familien. Det er vel slik når ein lever i pakt med naturen. Det blir vårbærarar av konene. Mor har tre barnebarn med bursdag i april. Tanter og onklar spring rundt i selskap heile månaden. Tilslutt spring dei ikkje, dei trillar. Mellom anna har min kjære onkel Ottar også bursdag i april. 

For 75 år sidan vart den siste i ungeflokken til Valborg, fødd Helland, og Magnus Hiim fødd.  Han kom til verda 9. april 1936, og vart kalla Ottar Kjell.  To år etterpå døydde faren. Mora sat att med fem små ungar: Lars 10 år, Valborg 9 år, Tor Kåre 7 år, Anne Marie 5 år og Ottar 2 år. To år etter det att, kom krigen til Noreg, og det på hans bursdag.  Det var slitsomme år for bestemor, men ho fekk alle ungane opp og ut i verda. 

Onkel Ottar studerte i Tyskland. Han skulle bli ingeniør.Han må ha studert meir enn bøker der nede,for han kom heim med tysk kjærast. Onkel Ottar må også ha vore god å springe , for han fekk tak i eit løpstalent.  Ein skal ha god kondis for å springe etter sprinterar.  Veni, Vidi,  Vici ,og Marla Maria Luice blei tanta mi.

Som sivilingeniør har han arbeidd over heile verda, men basen har alltid vore Bergen. Dei siste åra har han residert på toppen av Einarkollen med god oversikt over Vadmyren og andre tilliggende herligheter, som Vannkanten. 

Det gror i fara til tante Marlies og onkel Ottar. To søner er blitt til fem barnebarn, der både Jørgen og Magnus Hiim har dukka opp.  

Eg heiter onkel Ottar og er så grei ein kar.
nå har eg hatt min bursdag og festen den var snar.
Eg bur her oppå fjell
og kaka eg deg lova, eg svik det ikkje hell.

Eg reiste ut i verda og såg så mange land.
Men kjærast var jo Hiim det forstår de alle mann.
Eg heiter Ottar Kjell
og kaka eg deg lova, eg svik det ikkje hell.

(mel: Håvard Hedde)

Onkel Ottar feira med måte, men har lova meg kake når eg kjem. Nå håpar eg at kaka blir laga når eg kjem, ellers kan ho bli vel harsk før eg får eta den ;)

Vel overstått dag, kjære onkel Ottar!


Onkel Ottar var yngst av ungeflokken. Dette er truleg dåpen hans.


Ungane på Hiim


4 årsdagen til onkel. Reknar med at det blei lite feiring.

Ungane på Hiim veks til...

Dei blir større og større...

Motiv frå garden Hiim då onkel Ottar var ung.

Alle mann i arbeid.  Hatt ser ut til å vere ein del av arbeidsantrekket i onkel Ottar si tid.

Bestemor Neset. Valborg Lunde, gift Helland, ga gode gener frå seg. Ho blei 93 år.

Vasstøl i vinterdrakt

Veding i Heiå. Kven er det som alt har lært å sette andre i arbeid?


Den unge, pene, student Hiim

Her er mor hans, tanter, søster og nevø ein sommardag. Me ventar, og ventar på onkel Ottar.


Ein triveleg heilaften mellom to gilde onklar :)

5 kommentarer:

  1. Kjempegildt at du deler desse minna og bileta med oss andre. Tusen takk. Gler meg over bloggen din kvar dag eg. (Marit)

    SvarSlett
  2. Her var det mye kjent-folk. Artige bilder og tekst. Går ut i fra at det er Ingentinggjøren som står bak å instruerer resten under vedhogsten.
    Stein Uwe Hiim

    SvarSlett
  3. Det finnes heldigvis fremdeles noen som er rede til å ta ansvar !

    SvarSlett
  4. haha, onkel Ottar, så sant. Du tok ansvar alt i ung alder!
    Tenk at du fant bloggen min:) Godt gjort. Dette viser at di gamle e eldst, va det kje slik ordtaket var? ;)

    SvarSlett