onsdag 27. april 2011

Ein slange i Paradiset

Eg likar å gå en tur på stien og søke skogens ro...
Stadig vekk går eg ein tur til Vikane, også kjent som Sahara.  Dette er ei naturperle der me gjekk for å bade frå me var små. Me kunne gå med vener, eller heile familien tok seg ut på tur mellom arbeidsøktene. I Vikane har folk og fe gått i uminnelege tider. Det går an fordi ein tek omsyn til kvarandre.

Tidlegare var det mest ikkje spor etter folk i Vikane. Folk tok med seg søppelet heim, eller brann opp restane. Me kunne sjå restar etter bål, men ellers lite. Slik har det vore lenge. Nå er det tydelegvis nye folk som har byrja å nyte Guds frie natur. Men dei har ikkje vakse opp med miljødetektivar, eller Blekkulf.

Sist veke var me på tur til Vikane. Då fann me søppel slengt utover, tre forskjellige stadar. Me fylte opp to bæreposar med rape som me måtte draska med oss heim fordi inkvan ikkje gadd å gjere det sjølv.

Det må vere natursvin som har vore på tur. Vikane er ei perle, men me kastar ikkje perler for svin. Oppfordringa til alle natursvin må vere: Ta sydrene dine med deg når du går!!!



P1010027
Me gjekk ein tur på Kvitveisstien

P1010028
 Me var i Paradiset, men Paradiset hadde fått ein slange...


Slangen har grilla og øla seg, men orka ikkje ta ansvaret med å rydde opp.  Sjølve grillen ligg og blenkjer nede i Grovahølen. 


P1010024
Kan me gjette at pølser, øl og kaffi har stått på menyen?

P1010029
Inkvan hadde vore flink og rydda søpla i posen, men blei for sliten til å bære den heim?








Dagens kviss: Kvar bur Blekkulf no?

2 kommentarer:

  1. blekkulf bur i akvariet i bergen :D

    SvarSlett
  2. Heilt rett,Lutten. tenk at du visste det, Trudde ikkje du hadde hørt om han eingong :) Gratulerer du er dagens vinnar!

    SvarSlett