fredag 8. april 2011

Garantert ikkje mållaust i helga

Til helga blir det mange røyster med felles mål på detta Sand. Noregs Mållag har årsmøte på Sand og 160 målfolk samlar seg her. Dette vil merkast. Folk frå heile det vidstrakte landet vårt, med sine dialektar, kjem til å setje sitt preg på Strandstaden. Dette er språkmedvitne folk, så eg tenkjer me får høyre mykje fint mål. Og alt det takka vere ein barnebokpioner frå Hylsstråndå.

Noregs Mållag plar ikkje ha årsmøta sine utanom allfarveg. Årsmøtet og leiinga tenkjer logistikk og då er ikkje Suldal førsteval, men Lølandstiftinga freista dei med draum og tullskap, og dei kunne ikkje stå i mot.

Lølandjubileumet går mot slutten. 24. mai er det 150 år sidan han var fødd. Då har me feira han i fleire år og festen er slutt. Men la oss håpe gror i fara etter han.

Denne helga mållaget har årsmøte sitt, er det framsyning av Belsnes sitt stykke : " Kvar vart det av jola?"  Det er også premiere på kort-animasjonsfilmen "Hunden og katten". Denne animasjonsfilmen er laga etter inspirasjon av Løland si forteljing med same namn.


Tre nynorskstatsrådar
Eit døme på nynorske statsrådar


Vassendgutane
Døme på nynorsk band


Målprisen 2008
Døme på nynorske komikarar


Døme på nynorsk krus. (Tekst: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt i kring for Ivar Aasen si skuld.)


Ha ei fin og målrik helg!

Noregs Mållag:
http://www.nm.no/index.cfm

Lølandstiftinga:
http://www.nashornet.no/index.cfm?id=138469

Dagen kviss: Kven er leiar i Noregs Mållag?

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch8. april 2011 kl. 08:04

    Han heiter Håvard B. Øvregård, men forfattaren som du kallar Belsnes!!!! Han heiter Rune Belsvik!!! Fy skam, Liv

    SvarSlett
  2. Heilt rett tlb i begge deler. Eg skammar meg. Han har eg alltid problem med. Eg blandar han med hytteplasssen til onklelen min.. som om det gjer det noko betre :;P

    Det er fleire slike navn lokale også som eg aldri lærer, du veit der:)

    SvarSlett