fredag 29. april 2011

å melde seg sjølv

Eg har meldt meg sjølv. Nei, det er ikkje heilt rett. Eg skal melde meg sjølv. Når eg budde i Stavanger måtte eg angi meg sjølv. Eg veit nå ikkje kva som er verst, eller best.

I uminnelige tider var sjølvmeldingsfristen 31/1  Det var greit. Jula var overstått og vekkrydda, og det var liksom ikkje anna å finne på resten av månaden. 31/1 skulle ein også skifte batteri i alle røykvarslarar.  Verda var forutsigbar og oversiktelig.

Kvelden den 31. januar var det folkevandring i Stavanger. Skatteetaten hadde postkassar utstilt fleire stadar i byen for å unngå kork. Det stod politi og dirigerte trafikken. Ein gong kom eg ned 3 minutt på tolv. Akkurat når eg hadde pressa konvolutten inn i sprekka, kom dei og tok den. Jezz, eg klarte det! Så sprang eg heim og bytte batteri i røykvarslaren min.

Nå skal sjølvmeldinga inn 30/4  Men den som visste kor alle papira som kom i januar er blitt av.  Dei har ein tendens til å forsvinne. Så, mens eg ser klokka tikke ubønnhørleg fram mot 30. april, leitar eg på spreng alle smarte og logiske plassar dei kan vere stukket vekk.

Er det andre som har det slik, eller er eg einsam i verda?  Eg veit mange tar berre eit klikk på maskinen, så er det gjort. Men, eg har det som blir kalla komplisert sjølvmelding. Komplisert fordi eg er kronisk sjuk og har uhorvelege utgifter som andre ikkje har. For å dokumentere dei,og få frådrag på skatten, må kvar litle kvittering vere med. Då skal ein ha orden i sysakene sine. Når ein då har eit snev av skjemaskrekk i tillegg, slit ein litt.

I gamle dager fekk eg alltid sjølvmeldinga ferdig i tide. Men, nå må eg ha utsettelse mest kvart år, og det når fristen er april! Eg har kome fram til at det er fordi at me har kome for langt på utpå våren og hovudet er fullt av andre ting, og papirhaugen har levd sitt eige liv fra januar.

Derfor vil eg slå eit slag for å få fristen til å melda seg sjølv tilbake til start. For då kunne eg byte batteri, før eg gjekk og leverte sjølvmeldinga.  Nå veit eg ikkje ein gong når me skal byte batteri. Veit de?


Til forsiden på Skatteetaten

Plagsom etat


Utkast til ny sjølvmelding. Enkelt og greitt ;)


Dagens kviss: Kva er skatteinnleveringsfristen for næringsdrivande?

6 kommentarer:

  1. Reknar med at du meiner innleveringsfristen for sjølmeldinga/likningspapir. Den er 31. mai for enkeltpersonforetak/personleg næringsdrivande

    SvarSlett
  2. Haha, kjensligt!!Trur eg ikkje eg har klart å samla saman alle kvitteringene, men eg har likevel sendt inn likninga.... Med vedlegg på ekstra utgifter grunna sjukdom (uten å sende med ein einaste kvittering) Leverte ingen kvitteringar i fjor heller, og har kje høyrt nåke...

    Han innante har svart 31 mai - som eg og vil svare..

    Røykvarslarens dag er 1 desember (iallefall iflg. forsikringsselskapet Gjensidige.) Me får alltid batteri i posten av dei ca 1 veke før denne datoen!!

    SvarSlett
  3. Rett igjen, Han innante! Gratulerer:) ja, det var det eg meinte. Var visst litt stresa over alle manglande papirer.

    Anne, Eg gjorde det ifjor og fekk kr 0 i frådrag :(

    1. desember!! kva i all verda for ein knagg skal eg henge den på ?? Kor får du dei batteria frå?? nissen?

    SvarSlett
  4. Gjensidige vel!! Gjeld å velgja rett forsikringsselskal..

    Trur faktisk det er ei eiga facebook gruppe som heiter røykvarslarens dag!

    Eg fekk fråfrag ifjor, sjølv uten kvitteringer...

    SvarSlett
  5. Næringsdrivende har frist til 31 mai dersom dei sender inn på altinn (dataen) Leverer ein på papir er fristen 30/4 . Blir nok Altinn som gjeld for oss i år og. (marit)

    SvarSlett
  6. Det blir mange datoar å halde styr på, forstår eg :)

    SvarSlett