søndag 17. april 2011

Tenåring i heimen

I dag er det 17. april. Det er på dagen 13 år sidan minstabadne vart fødd. Litlagulle er fødd i Haugesund, på sjukehuset der. Eg låg på fødestova og høyrde skriket frå ein liten suldøl som kom til verda i naborommet, og eg ynskte det var eg som låg der. Men, så kom tida og timen for oss og. 

Det er rart at minstejenta er 13 år. Det er ingen ungar i heimen lenger.  Eg har ikkje vore ungafri på over 30 år. Den eine etter den andre av jentene har vakse opp, blitt tenåringar og flytt ut. 

Nå skal me inn i ei ny tenåringstid. Me klarer vel den og. Men for første gong kan eg ikkje kikke bakover i rekka på neste litle unge.

I dag skal me feire den siste tenåringen.  Det er ei snill og grei jente. Lutten har farte både vidt og breidt i sine 13 år. Den lengste reisa var ei reise i 3 veker på den Transsibirske jarnbane frå Moskva, Russland, til Beijing, Kina. Frå Europa, gjennom Mongolia til den fjerne Austen. I bildekavalkaden under ser de ei allsidig, reisevant jente. 


Eit bustehåve i Skottland. Ho fekk visittkortet til sekkepipespelaren.


I Skottland fekk ho kjøpe sine første stiletthælar. Britane har små føter og endelig fekk ho damesko som passa. Gjett om ho var lykkelig.

 Hol i øyrene fekk ho under motemessa på Sand fjordhotell.


Her er det eit eller anna kunstprosjekt på gong. Ho syr, teiknar, spøtar, skyt, fiskar og dansar orientalsk dans.


Her er ho modell for søskenbarnet sitt.



 På ridetur i Egypt. Som vanlig var alle vilt begeistra for denne blonde, søte jenta.


På fisketur. Ho fiskar og verkar fisken sjølv.


Ei lita tsarina i Russland


Spasertur på den kinesiske mur. Etter turen på muren bestemte ho at ho aldri skulle bli kjendis. Det var altfor plagsomt. Alle ville bli fotografert samen med henne. Kvar andre meter var det ny fotoseanse.


Klar for Beijing-opera i nye silkeklær.


Prinsessa i den Forbudte by i Beijing.


"You me photo, please!"


Skyttaren i lag med sin onkel og læremester


 I Bulgaria var det mange slike skilt og Lutten kommenterte tørt: "Då e det lov med pistol di andre plassene"


Staspynta i Søstera sin konfirmasjon

Iskrem er aldri feil.


I Mongolia var alt Mongo. Mongopost, mongokafe etc. Ustyrtelig morsomt for Jentene.


 Oppdrag utført. Her debuterte ho med eigenregissert dans på hotellet i Sveti Vlas, Bulgaria.


Gleda med å kle seg ut har ho arva etter mora.


Her blei ho plukka ut til frisering på eit kjøpesenter i Glasgow, Skottland



Hatteprøving i Edinburgh. Mor og dotter prøvde hattar i 2 timar.


Her leikar ho og venninna modellar med klær frå utkledningskista.


Halloween er årets høgdepunkt.


Ei som elskar pizza


Omsorgsfull tante matar nevøen sin. 


Her er den skrekkelige tenåringen.



Gratulere med livet som tenåring, Lutten!

Kvissen tar påskeferie. Me er tilbake med nye, og vanskelige, lokale spørsmål 26. april.







2 kommentarer: