mandag 4. april 2011

Tur-liv


Eg likar å gå tur. I mitt forrige liv gjekk eg mange og lange turar. Nå går eg heller korte turar. Det er ikkje så lett å gå tur når ein har føter berre til pynt. Men når været er bra nok nyttar det ikkje å sitje i ei krå og vente til lysten går over.  Eg må ut! 

Det er ikkje så sunt å gå på  asfalt, men blir det for ulendt er ikkje det heller så godt. Meir enn ein gong låg eg langflat i urer og skårer før eg lærte å halde meg på den "brede vei".  Nå går eg helst korte turar i menneskevennleg natur. Eg brukar stavar. Det er veldig smart for nysgjerrige sjeler som vil sjå seg om. Då kan eg gå og kikka mens eg framleis held meg på føtene. 

Så eg køyrer, og finn meg ein plass der eg kan nyte Guds frie natur. Her er eg på tur den fine dagen sist veke. Då var det så fint vær at eg høyrde det ropa på meg. Jammen var det godt eg kom meg på tur, for neste dag var det vinter att.

Eg gikk en tur på stien
og hørte skogens ro,
jeg hørte ei fra lien
en gjøk som gol ko ko..

Dette verset er fritt sitert etter den ukjente forfattaren, då ingen gauk gol. 

DSC00228

Livet er godt  når ein set  i skogen -og hører skogen ro..

DSC00233
Det byrjar å spire 



DSC00232

Sola byrjar å varme


 DSC00235
Våren er her..



DSC00234
...delvis. 


Nei, men sjå her: Her har inkvan hengt opp ein  hundepose til " The Dog Poo Fairy". Berre så synd han ikkje finns...

Dagens kviss: kor hen gjekk dagens tur?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch4. april 2011 kl. 08:14

    Det er ikkje godt å veta. Eg kjende meg ikkje igjen nokon plass. Her nyttar det ikkje med google. Har du ikkje eit anna spørsmål?

    SvarSlett
  2. the librarian bitch4. april 2011 kl. 08:16

    Har du vore så langt så t Rophaug?

    SvarSlett
  3. Eg ville og sagt Rophaug. Huset lignar iallefall...

    SvarSlett
  4. Heilt rett, Tlb (og Anne litt seinare) Eg har bevega meg heitl dit:) Grattis, tlb, du er dagens vinnar!

    SvarSlett
  5. Me må gå eit steg opp. dåkke vett, eg likar reell kunnskap betre enn googlekunnskap. så dåkke må forvente kunnskaps- og erfaringsspørsmål og i bloggen min!

    SvarSlett