tirsdag 15. mars 2011

Den råaste kvissaren i bygda

 Me har ein vinnar av "Dagens kviss" omgang ll

Vinnaren er Anne Granberg Svensen. Ho har vore uslåelig denne kvissomgangen.  Anne G. vann eigentleg før vinterferien, men tida for ifrå meg og gløymde å  telje opp, så ho har vunne med eit poeng meir enn ho treng.  Ho slo "the librarian bitch" med 13 poeng. Dei som vil sjå rangeringa kan gå til innlegget 4 mars under "dagens Kviss".

Anne G. er den råaste av alle kvissarar på bloggen min. Ho går mest bokstaveleg gjennom eld og vatn for å vere først ute med svaret. Som ufør  på grunn av Lupus er ikkje kvardagen alltid like grei, men krabbe bort til dataen for å slå "the librarian bitch" eller "Rimiguten" SKAL ho! Det står det respekt av.

Det har komme fleire nye kvissarar på bloggen min denne runden. Dei må nok skjerpe seg skal dei slå den harde kjernen. Men det er jysla kjekt med nye innpå. De kan godt kommenterer innlegga også, om de orkar. Det går an å klikke om ein tykkjer innlegget er ok. Dessverre er det ingen rubrikk for  uenig, men det er ikkje eg som har laga oppsettet.

Premien blir utdelt på ein liten sammenskomst på Kulp, Suldals beste kafe,
lordag  26. mars kl 12.00
Alle, gamle og nye kvissarar, er velkomne. Me kosar oss med ein kvissrunde.


Når ho ikkje svarer på kvissen, eller freser rundt på Kawazakien, kosar ho med katten Findus.

Dagens kviss byrjar att i morgon.

Anne sin blogg: Hverdagsliv- på godt og vondt:
http://annegsvensen.blogspot.com/

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch15. mars 2011 kl. 10:44

    Må eg byta arbeidstider igjen for å ta tilbake kvisstrona? Kva får Anne i premie? Eg har ikkje fortært min enno. Bør det planleggast ein kviss-samankomst ei kveldstund? På ein stad med skjenkeløyve? Snakk med han der nevøen din du.
    Når på morgonen startar kvissen denne veka?

    SvarSlett
  2. tlb du blei feia av trona. Eg syns for di æres skuld at du prøver å gjenerobre den. Så å byte arbeidstid passar seg.

    kvissen gjekk kl 10.00 , så 07.30 Skal me ha kl 8 nå?

    Bomma litt med fargen i premien din. så eg har forbedra meg denne gongen ;)

    vil kje snakka m nevøen min, for eg vil vera m å kvissa , ikkje laga!!! Men eg skal lufte det etter den 26, men då må me få mange til å komme slik at me dokumenterer behov :) så kan han laga og servere!!

    SvarSlett
  3. Kjekt dette. Blir nok aldri vinner, men har slumpa til et par gonger ja! Marit

    SvarSlett
  4. Marit. Du har nå vore dagens vinnar nokre gonger.:) Det er bra. Dei andre her er rå og går over lik for å vinne ;)

    SvarSlett