onsdag 2. mars 2011

Staten gir og staten tar

Eit av livets store mysterier er korleis ein alltid kjem til kort overfor NAV. Denne store kolossen av eit hjelpeapparat veit å sno seg. Tidlegare hadde dei slagordet : " Før eller seinare får du bruk for oss" Eg tykte det var så skremande at eg gjorde det eg kunne for å unngå det, men det går ikkje alltid som me planlegg.

Som yrkesaktiv las eg i aviser og høyrde på nyheiter at folketrygda ikkje dekker folk sine
behov og at me måtte teikna private forsikringar slik at ein ikkje enda opp som ein  fattig gammal i gyngestolen. Både bankar og forsikringsselskap tilbyr slike forsikringar.

Eg gjekk også på dette og kjøpte meg ei forsikring med uføredel. Eg betalte inn i mange år før tida kom då eg bruk for det. Men, som eg tidlegare har skreve i bloggen, har du lite får du mindre! Då refererte eg til sambuane minstepensjonister som får samordna pensjonen, mens pensjonistar med høg inntekt slepp slik samordning.

Forsikringsselskapet betalar meg kr 3500.- pr månad.  Men, når eg blei uføretrygda samordnar NAV dette. Uføre med barn får eit barnebidrag som skal kompensere for lågare inntekt. Men, sidan eg hadde teikna privat forsikring kom eg over ei viss grense. Dermed trekkjer  NAV kr 3182.- pr månad, og den reelle utbetalinga frå den private pensjonen blir då kr 318,-  Forstå det den som kan.  Heia NAV som er så god å grave til seg!

Kva blir moralen i dette stykket?  Ein treng ikkje teikna private forsikringar, for det er å kaste pengar i do. Ein bør heller ikkje setje pengane i banken, for NAV samordnar sparekontoen din også.  Carpe Diem; bruk pengane her og nå, for du kjem dårligt ut uansett.


Krogh. syk pike

Motto: vi gir mennesker muligheter!

Her kan de lese om ein som krasja, så krasja han igjen, i NAV:
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article4036048.ece


Dagens kviss: Kor mange etater vart slått saman til NAV?

7 kommentarer:

  1. NAV er ei samanslåing av Trygdekontoret og Aetat, altså 2 etater!

    Ja, å vere ufør er ikkje greit i dag!!
    For det første får med 66% av brutto årsløn i pensjon(hjå meg var det 105 000,- MINDRE pr år).
    Eg er jo så heldig at eg var ansatt hjå Suldal kommune, og får difor ei lita tilleggspensjon frå KLP... Sidan eg får arbeidsavklaringpenger frå NAV, trekker KLP meg 117 000 i året, slik at står igjen med 47 000,- som skal fordelast på 12mnd OG som det sjølvsagt skal trekkjast skatt av!!

    Eg e jo ikkje "varig" ufør enda, men teikna og ei uføre forsikring for mange år sidan, denne får eg utbetalt når eg har vore min. 50% varig ufør i 2 år!!

    Syns det er heilt horribelt at me kun får 66% av vår vanlege årsløn, det er når ein e sjuk me treng penger. Medisiner, legebesøk, behandlinger, kontroller, MR, CT, røngten osv...

    HURRA FOR VELFERDSNORGE!

    SvarSlett
  2. Anne, du har brukt feil søkeord. Svaret er ikkje heilt rett!

    Ja, då vil tida vise kor mykje glede du får av di private uføreforsikring når og om du blir ufør.

    SvarSlett
  3. Ser på Kvasir. Der står det at minstekravet til eit NAV kontor er økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, frå Kommunen,og dei statlige Trygdekontoret og Aetat. Alså 3 Marit

    SvarSlett
  4. Hm.. Då må svaret vere at kommunale, fylkeskommunale og statlige etater vart slått saman til NAV; altså 3!

    SvarSlett
  5. the libraian bitch2. mars 2011 kl. 16:27

    Ja, det er det eg alltid har sagt: Det er bedre å være rik og frisk enn syk og fattig ^^

    SvarSlett
  6. Marit, Rett igjen!

    NAV er slått saman av sosialtenesta, Aetat og trygdekontoret. Gratulerer :)

    Ja, tlb, du har eit fornuftig motto! ;)

    SvarSlett
  7. Skitt, Marit la sikkert inn svaret når jeg skrev ny kommentarer, slått på målstreken med 2 min!!!!

    SvarSlett