tirsdag 22. mars 2011

Høgre, venstre... eg visste eg er normal

Er du ein av dei som blir svett i handflatene når nokon ber deg svinge til høgre?  Det blir eg også. Eg svettar, og det sviv i hovudet;  Høgre, høgre... æh, det er IKKJE klokkehanda. I og med at eg er keivhendt kan eg ikkje nytte "skrivehandshugseregelen" her. Det hadde gjort det lettare. Eg har lært ungane mine at venstre er klokkehanda og høgre er skrivehanda. Dette slik at dei skal klare seg betre i verda enn eg.

Eg har fundert på dette problemet i mange år. I svake øyeblikk har eg tenkt eg var unormal, eller mindre med. Men eg har kome til at eg er vel nokså normal, kva nå det må tyda, men at det måtte skuldast at eg er keivhendt. Så les eg i Illustrert vitenskap at eg er høgst normal. Ikkje berre det, men eg er også av typen ikkje-egosentrisk orientert!

Denne egosentriske orienteringa er av nyare dato. I vestlig kultur brukar ein kroppen som utgongspunkt og forklarar ting ut frå den. Høgre og venstre vil då endre seg når me endrar posisjon.  Høgre for meg, blir venstre for deg, og når eg snur meg vert det omvendt. Forvirra??

Naturfolk orienterar seg etter omgivelsane og himmelretningar.  Menneska er fødde med eit " indre kompass".  Då blir ting likt sjølv om personen snur seg.  Dette blir på fint kalla allosentrisk orientering. Eg orienterer meg altså etter allosentrisk orientering, og ikkje etter dumskap. Takk og lov!

Kven har ikkje slete med veiskildringar i framande byar.  -Du går til høgre, så venstre, så til høgre igjen.  "You can`t miss it".  Men det er akkurat det du gjer.

Dei fleste av oss har vel gått på ein eller annan form for gymnastikk der trenaren står framme og seier venstre arm opp, venstre arm ned, og gjer stikk motsett sjølv. Kvifor?  Jo, for, om trenaren tok venstre arm opp, ville alle ta høgre arm opp. For me speglar kvarandre og dermed misforstår.  Så mykje for den egosentrisk orientering.

I et moderne bymiljø er begreper som høyre og venstre uunnværlige. I åpne landskaper er de ikke til noen nytte.
Byas på tur.  foto: ill.vit.


Her kan de med sjølvsyn lesa artikkelen:
http://illvit.no/hjernen/venstre-og-hoyre-er-mot-naturen


Dagens kviss: Kva kalla dei venstre hand i gamle dagar?

16 kommentarer:

  1. Keivhendt ? (venstrehendt = keivhendt) ?

    SvarSlett
  2. the librarian bitch22. mars 2011 kl. 09:04

    Den ureine handa iflg Koranen og desslike. Eva gav Adam eplet med venstre hand. Kan vel tolka det slik at her i den kristne verda så er venstrehanda syndig.

    SvarSlett
  3. Her er og ei interessant om venstrehendte er smartere enn høgrehendte:

    http://www.dagbladet.no/magasinet/2006/04/03/462653.html

    SvarSlett
  4. the librarian bitch22. mars 2011 kl. 10:45

    Eller er det noko så enkelt som uttrykket "kjeivå" du er ute etter?

    SvarSlett
  5. Hm. i dag var det ikkje så imponerande svar. Keivhendt og kjeivå blir vel brukt ennå.

    Eg var meir ute etter gamle dagar og tlb ligg best an. Synda var stor om ein brukte vestre handa fordi ....

    SvarSlett
  6. the librarian bitch22. mars 2011 kl. 11:49

    ...den vart rekna som urein

    SvarSlett
  7. åååå!!! Eg tar meg på nasen og og ventar eit meir presist ord ( er det ikkje det dei gjer i mimeleikar?)

    SvarSlett
  8. Muslimer tørker seg bak (ved mangel på papir) og vasker seg nedentil med venstre hånd, derfor er denne rekna som urein. Høyre hånd blir brukt til å ete med.

    Maori folket forbandt høyre hånden med det maskuline, sakrale, hellige mens venstre ble forbundet med det feminine, suspektet og mistenksomme...iallverden!!!

    SvarSlett
  9. Eller er det kanskje sverd handa du er ute etter?

    SvarSlett
  10. Ifølge gammel bordskikk i Norge skal mannen sitte ved kvinnens venstre side. Opprinnelig var det fordi han da kunne trekke sverdet, som hang på venstre side, og strekke høyrearmen ut for å beskytte kvinnen til høyre for seg derav sverd hånden (venstre hånd)

    (I dag skal mannen sitje ved kvinnas høgre side)

    SvarSlett
  11. Mange gode forslag! Dei er rette også, men eg er ute etter ei spesiell nemning. Men, eg forstår at ingen av dåkke er keivhendte og har høyrd kin si hånd ein skriv med og brukar;)

    Innante: det endra seg når mannen la ned sverdet;)

    SvarSlett
  12. the librarian bitch22. mars 2011 kl. 18:45

    djevelhanda?

    SvarSlett
  13. Bingo!
    Venstre hand var djevelens hand. Brukte du venstre handa sto du i ledtog med djevelen. Tlb, Gratulerer, du vant dagens kviss:)

    SvarSlett
  14. Det var fleire av dykk som lærte litt av kvart om høgre og venstre hand og betydninger lagt til dei.

    Det blir sagt at me lærer så lenge me lever. Blogginlegga i dag har vist at me er høgst levande og oppegåande :) ( ein del av oss også frittgåande ;)

    SvarSlett
  15. the librarian bitch23. mars 2011 kl. 09:50

    Men ikkje gått ut på dato

    SvarSlett