tirsdag 29. mars 2011

Kva skal vegen heite?

Det skal bli dåp i suldal. Den store barnedåpen til og med. 127 vegar skal døypast, men kva skal barnet heite?

Når barn blir borne til dåpen er det ofte ein stor diskusjon som ligg bak. Namnevalet gir mange kvaler; kva passar best? kven blir surast over ikkje å bli oppkalla? Kva gir mest utteljing i framtidig klingande mynt? Skal me gå for mote-, eller sært namn? Skal det vere lett å uttala? Ja, det er meir å problematisere enn det finns namn.

Eg tenkjer det blir likt når suldalske vegar skal få namn. Det dreier seg om 3800 eigedommar som er utan namn. Mange av eigarane, og mange andre, vil nok meine noko om dette.  Skal me gå for praktiske namn?  Eller skal me grave fram røtene våre, og få namna som er på veg i gløymeboka fram att?

Gamle plassar og vegar går i gløymeboka. Nokre namn er så gamle at me ikkje veit korleis me skal skrive dei. Nå er det håp om å få fram og redde nokre av dei. La oss sleppe fleire Tulipangater, eller som i byane: Solskinnsvegar.

Branda Kjerand og snaue Gaute 
 rei i Gåpavad til dei blei blaute
Branda Kjeran han reid i sne
men  snaue Gaute han måtte te

Dette eldgamle verset om Gaute og Kjerand som var ute og reid, inneheld vegnamnet Gåpavad. Dette namnet kjem ikkje til heider og verdighet att, for vegen går ikkje der lenger. Men, det er mange andre gamle namn som dekker stadar som skal få namn. Grendeutvala, organisajonar og privatpersonar kan meine noko om dette. Så,gjer det og!

Denne dama skal jobbe mykje med "
dåpsbadnå"    (foto: SP)


Her kan de lesa litt om kva det må tas hensyn til:


Me har ein flott anledning til å få fram, og få godtatt det me meiner. Så bruk namnedemokratiet for det det er verdt!  Høyringsfristen er i første omgang 31. mars.

Her kan de sjølv lesa om vegadressene og kva parsellar som skal ha namn:
https://www.suldal.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=112&AId=1806



Dagens kviss: Vegen "Snegåtå", kva i all verden er tydinga av den?

5 kommentarer:

  1. Meiner at ein tidlegare kollega frå Tinn i Telemark hadde ei gata dei kalla snegåtå, det skulle visst komme av ein husmannsplass under Nordre Gausta, det vart vel og skrive som Sne-Gaten, og kjem av sneidig gata som betyr skrågata. Dette finn me og i folketellingslistene frå 1865 i Tinn.

    SvarSlett
  2. Dette var visst ei lett oppgåve;) Han Innante er dagens vinnar, Gratulerer!

    SvarSlett
  3. Takk takk:) Tok ein råsjanse på atte d sko stemma:)

    SvarSlett
  4. Er visst helt ute å kjøre på denna kviss omgangen jeg... Var inne i dag tidlig, 2 minutter etter Han Innante la inn sitt svar, så da ble det ikke mer spekulering fra mi side.... ;)

    SvarSlett
  5. hm, Anne. Det er slik med skiløperane våre og, etter nokre gode resultater må kroppen ta seg inn att. Det er sikkert slik med din hjerne nå :P

    SvarSlett