torsdag 10. mars 2011

Medaljens forside

Kanskje nokre av dykk minnest eg har skreve om medaljens bakside. Då om alle trådane som ligg og sleng på baksida av eit spøt. Sjølve spøtinga går som regel greit, men det er all trådfestinga og monteringa som kan øydeleggja handarbeidsgleda. 

Nå skal eg til tigerstaden og beskue mitt barnebarn igjen. Då må byblomen vere klar. Eg har for lenge sidan byrja med prosjektet "jumper", men sleit med å fullføre. 

Kvar gong arbeidslysta kom sette eg meg i ein krok og venta til den for forbi. Til slutt måtte eg berre ta meg i nakken og fullføre. 

Eg har ei venninne som har som sitt nyttårsforsett å gjere ferdig alt ufullendt håndarbeid. Då kunne ikkje eg vere stort verre. Så prosjektet blei gjennomført og jammen blei det ikkje eit par lubbar også. Av restegarnet lagar eg nå ei hue som blir fin å ha attåt. 



Medaljens bakside




No kan eg reise til Oslo med byblom til godguten og sole meg i glansen som den flinke bestemora. 

2 kommentarer:

  1. Heldige han - og deg! Du ER flink:-) Våldigt tøffe gensi. Kos deg i Oslo med gromguten!

    SvarSlett
  2. Takk takk. Eg har kosa meg veldig i Oslo . Godguten er blitt nokså flate etter all klemmingå :) :)

    SvarSlett