søndag 6. mars 2011

Fastelavnvsøndag

I dag er det fastelavnsøndag. Dei fleste av oss et boller denne dagen. I tillegg har vel dei fleste fått i hus fastelavnsriset innkjøpt hjå sanitetskvinnene, eller frå ungane i barnehagen. 


Fastelavnsriset har eldgamle røter, og igjen må me sjå til førkristne tider. 
I heidensk tid vart riset kalla livsriset. Det skulle vere av bjørkeris, som er fulle av knuppar på denne tida. Knuppane  hadde kraft til å gi fruktbarheit.  Både, dyr, ekrer og folk kunne få ein omgang med riset denne dagen. 


Då kristendommen vart innført skulle risinga gi assosiasjon til Kristi liding, men det gamle fruktbarheitsymbolet forsvann ikkje med kristendommen. I lang tid etter vart barnlause kvinner daska med riset.


Fastelavn er karnevalstid. Det var slik frå middelalderen. Fastelavn kjem av tysk  "fasten-abend" ; kvelden før fasta.  Men det er meir enn ein kveld. Det er tre dagar til endes; Fastelavn, Blåmandag og Feitetirsdag.  Feitetirsdag er dagen for den store festen Mardi Gras.
Desse tre dagane skulle ein fråtse slik at ein hadde noko å gå på i fasta.  Me skulle fråtse i mat. 


Kva me har i fastelavnsbollene varierer rundt om. Det kan vere krem,eller syltetøy.  Nokon lagar vannbakkels, andre vanlige boller med krem og andre lagar smultboller, eller berlinerboller. Det er det same kva det er, berre det er feitt og godt.


Ha ein fin og kaloririk dag!



Tjuvstart på bollene


Nam nam

Bollene er klar til å etast



Her står riset klar til å daske dei som treng det

2 kommentarer:

  1. yummi yummi! Så nå godt ut disse bollene!! Har forvekslet bolleoppskriften med rundstykkeroppskriften idag :p
    Ha en fin fastlavnsdag ;)

    SvarSlett
  2. Takk for det Kathrine!:)

    Ser vi deg hos Karen i uken som kommer??

    SvarSlett