fredag 11. mars 2011

Langt og lengre til lensmannen

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt trekte det kortaste strået i politi-tildelinga.   Politidirektoratet har nytta Furst og Høvestadmodellen for å dele ut politistillingar rundt om i landet. Denne modellen tek omsyn til geografi, bystørrelse og demografi (befolkningslære) Slikt blir det ikkje politistillingar av.

Politiet lovar lågare aktivitet dette året. Går det an å levere lågare aktivitet enn i fjor?  I fjor måtte folk vente fleire dagar for å melde innbrot, til den eine dagen i veka det er ope lensmannkontor. Kva må me vente oss i år?

Det skal likevel vere trygt å bu her, seier politiet. Er det så trygt når ein må vente til kontortida for å melde frå om ting  som gjer ein redd?  Avisene har dei siste to åra fått med seg at ved ulykker var alltid politiet sist på plassen, fordi dei kom frå Karmøy, eller deromkring.

Heldigvis er lovbrytarane i nabokommunen så hensynsfulle at dei legg brotverka sine ut på Youtube. Det sparar politiet for mykje arbeid. Kanskje lovbrytarane i Suldal kan gjere det same?

I ein liten by langs route 66 er det så langt til politi og lege at folk alltid går bevæpna.  Kor langt kan det vere då?  Dei har 2 timar til politi og lege!  Kanskje noko å tenkje på i Suldal når me ikkje får fleire politistillingar, og den eine dagen med ope lensmannskontor kan bli historie....


Dette sparte politiet for utrykking

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar