torsdag 31. mars 2011

Den røde hane gol i natt

Rett over midnatt i går skjedde de som er alle folks store skrekk. Me har det godt i Noreg og det er lite me treng vere redde. I fredstid er det narturkrefter og brann som set skrekk i oss.  I går natt var det brann som sette skrekk i oss.

Rundt midnatt byrja det å brenne i Austmannsvegen i Prestaåsen.  Det brann i eit rekkehus. Rekkja var på fire husvære med eit anna hus tett ved. 14 personar vart evakuert.

Skrekken over å bli reven opp or svevnen sit nok i ei stund. Den trygge heimen er blitt ein farlig plass. La oss håpe at ungane som blei berørt av brannen, og dei rundt som blei vekte, ikkje må slite med vonde kjensler.

Brannen i natt må vere ein vekkjar til oss at me alltid er budd på brann. Har de brannøving i heimen? Veit de kor de skal gå når det brenn? Slike ting er viktige å snakke om før noko skjer.

I huset me hadde på Flataberget hadde me kjøpt inn eit branntau som enkel å bruke. Me sov alle høgt over bakken og måtte ha lett måte ut om det brann nede. Den var så populær at me nåtte sette ei grense for antall brannøvingar.  Her me bur nå kan ungane gå rett ut til avtalt plass.  Har de ein brannplan?



Det ser ikkje så gale i begynnelsen....

Det sprer seg frå eit husvære til det neste.


Eg bur lenger oppe i åsen og trudde inkvan leika seg med fyrverkeri. Men eg tenkte det var vel gale når dei berre haldt på. Så, eg stod opp og fekk augene fort opp. Sidan eg har budd mange år i byen trudde eg brannbilane laga lyd, og her var det heilt stilt. Berre spraking frå bålet. Eg gjorde som halve åsen gjorde, ringte brannvesenet. Så eg trur linja der gjekk varm.







Bebuaren i dette huset hadde fått både brann- og røykskadar og måtte sendast til sjukehus


Morgonen avslører eit sørgelig syn


Søskenbarnet mitt er ein av dei uredde brannmenn som arbeidde heile natta.

Alt i alt gjekk det godt. Det var "berre" materielle verdiar som brann. Men det er vondt for folk å miste alt dei eig. Klær, saker og ting kan skaffast på nytt, men alle minner er vekke for godt. Tenk på fotografier, teikningar som ungane har laga i barnehagen, all jule og påskepynt som avkommet har lagar. Dette er ting som er uerstattelige. 


Bileta er frå SA og Sp
Suldalsposten:
Dagens kviss:  Kor mange brannstasjonar er det i Suldal kommune og kor ligg dei?



3 kommentarer:

  1. Det er 3 brannstasjonar i Suldal, dei ligg på Sand,Suldalsosen og Nesflaten, samt der er 3 branndepoter som ligg i Erfjord, Vatlandsvåg og Jelsa.

    Kilde: www.brannstasjoner.com

    SvarSlett
  2. Du har rett, Anne. Gratulerer, du er dagens vinnar!
    Eg får ikkje skrive kommentar på din blogg i dag:(

    SvarSlett
  3. Hm, eg har ikkje gjort nåke med innstillingane?

    SvarSlett