Det er jammen ikkje greit å vere politikar heller. Her skal dei følge sine lovar og reglar ,og fylket sine lovar og reglar, så kjem det ein person som jobbar etter Kardemommelova. I allefall den siste delen.
Man skal ikke plage andre,
man skal være grei og snill,
og for øvrig kan man gjøre hva man vil.– Fra Kardemommeloven -1955
-Eg vil ha meg eit basseng.
Sidan eg er så snill og grei,
så ikkje ødelegg for mei.
Då treng eg ikkje spør om lov.
Får eg nei, blir eg ikkje lei.
Eg legg på bordet eit tilbod så bra at ingen kan sei nei....
for, eg er så snill og grei!-
Var det slik det føregjekk?
Ordføraren prøver å få oss til å forstå perspektivet; Folk skal ikkje byggje ulovleg, men gjer dei det likevel, kan ein få tilgivelse utan føregåande tilatelse. For ordføraren er positiv til Foldøy senteret, men då må ikkje mannen i gata rota det til i hovudet sitt og sjå det i samanheng med rivingssaka.
Suldalsposten nemner Kong Salomo og Jørgen hattemakar. Politikarane seier dei er misforstått. Far min hadde sin eigen variant av dette: Han gliste alltid til oss ungane når me ville ha samme rettar som han: " Hugs, det er forskjell på far og katten" Jammen trur eg han hadde rett. Så har de noko de vil byggje, bygg i vei!
Mykje til far, lite til katten.
"Goddag, Nasse Nøff, jeg trodde du var ute" sa Ole Brumm. "Nei," sa Nasse Nøff, " det var du som var ute, Brumm". "Ja, sånn var det" sa Brumm. "Jeg visste det var en av oss."
Ååå, så masse honningkrukker dette kan bli...
Dagens kviss: Kanskje politikarane dreg det ut mens dei ventar på eit vedtak skal setjast i verk. Kva slags vedtak?
Det må vere at Suldal kommune kan få bestemme meir i sin eigen sjøkant,og at dei kan gi tillating til utbygging og å innlemme 100-meters beltet i sin utviklingsstrategi!
SvarSlettheilt rett, Anne, Du er dagens vinnar. Gratulerer.!
SvarSlettTrudde du skulle vere for trøtt til å svare så tidlig. Det blei vel ei lang natt på deg? Eller har du ikkje gått i seng ennå;)
Eg la meg i stova 0230 - men vart kje mye soving!!
SvarSlettEg har gitt opp å konkurrere med morgonfuglane, men eg kan likevel igjen gratulere Liv med ein utruleg variert og interessant blogg! Særleg likar eg når ho kvassar seg litt til, men kjekt med dei koselege innslaga også.
SvarSlettEg er slett ingen morgenfugl - men avogte når eg har hatt ei dårlig natt - så legg eg meg igjen når tøttå har gått på skulen, og då kvisse eg FØR eg legge meg ;) Men Liv sin kviss må eg ha med uansett - kvar dag!
SvarSlettHei suldalsrypa, der er du igjen. Ja eg må stikka litt og inni mellom ;)
SvarSlettTakk, Anne!:)