onsdag 30. mars 2011

Ja takk, begge deler...

Dette sa Ole Brumm i si tid.  Då tenkte han ikkje på politikarane i Suldal eingong. Men kanskje dei tenkjer på han. Politikarane prøver seg på Ole Brumm politikk. Først seier dei nei, så seier dei ja, så seier dei begge deler.

Det er jammen ikkje greit å vere politikar heller. Her skal dei følge sine lovar og reglar ,og fylket sine lovar og reglar, så kjem det ein person som jobbar etter Kardemommelova. I allefall den siste delen.

 SitatMan skal ikke plage andre,
man skal være grei og snill,
og for øvrig kan man gjøre hva man vil.Sitat– Fra Kardemommeloven -1955


-Eg vil ha meg eit basseng. 
Sidan eg er så snill og grei, 
så ikkje ødelegg for mei. 
Då treng eg ikkje spør om lov. 
Får eg nei, blir eg ikkje lei. 
Eg legg på bordet eit tilbod så bra at ingen kan sei nei.... 
for, eg er så snill og grei!-

-Så fekk eg nei allikevel, men smarte meg gir ikkje opp. Slepp eg å rive, skal eg byggje eit flott reiselivssenter. Det kan dei ikkje sei nei til. 30 millionar skal det koste.  Det er mange honningkrukker, det!  Då må de vere snille og la meg ha mitt basseng. For hugs kva Ole Brumm sa eingong før: "Hadde alle vært snille. ville verden vært et fint sted å være".
Var det slik det føregjekk?

Ordføraren prøver å få oss til å forstå perspektivet; Folk skal ikkje byggje ulovleg, men gjer dei det likevel, kan ein få tilgivelse utan føregåande tilatelse. For ordføraren er positiv til Foldøy senteret, men då må ikkje mannen i gata rota det til i hovudet sitt og sjå det i samanheng med rivingssaka.

Suldalsposten nemner Kong Salomo og Jørgen hattemakar. Politikarane seier dei er  misforstått. Far min hadde sin eigen variant av dette: Han gliste alltid til oss ungane når me ville ha samme rettar som han: " Hugs, det er forskjell på far og katten" Jammen trur eg han hadde rett.  Så har de noko de vil byggje, bygg i vei!


Mykje til far, lite til katten.



"Goddag, Nasse Nøff, jeg trodde du var ute" sa Ole Brumm.  "Nei," sa Nasse Nøff, " det var du som var ute, Brumm". "Ja, sånn var det" sa Brumm. "Jeg visste det var en av oss."

   
Ååå, så masse honningkrukker dette kan bli...


Dagens kviss: Kanskje politikarane dreg det ut mens dei ventar på eit vedtak skal setjast i verk. Kva slags vedtak?


6 kommentarer:

  1. Det må vere at Suldal kommune kan få bestemme meir i sin eigen sjøkant,og at dei kan gi tillating til utbygging og å innlemme 100-meters beltet i sin utviklingsstrategi!

    SvarSlett
  2. heilt rett, Anne, Du er dagens vinnar. Gratulerer.!

    Trudde du skulle vere for trøtt til å svare så tidlig. Det blei vel ei lang natt på deg? Eller har du ikkje gått i seng ennå;)

    SvarSlett
  3. Eg la meg i stova 0230 - men vart kje mye soving!!

    SvarSlett
  4. Eg har gitt opp å konkurrere med morgonfuglane, men eg kan likevel igjen gratulere Liv med ein utruleg variert og interessant blogg! Særleg likar eg når ho kvassar seg litt til, men kjekt med dei koselege innslaga også.

    SvarSlett
  5. Eg er slett ingen morgenfugl - men avogte når eg har hatt ei dårlig natt - så legg eg meg igjen når tøttå har gått på skulen, og då kvisse eg FØR eg legge meg ;) Men Liv sin kviss må eg ha med uansett - kvar dag!

    SvarSlett
  6. Hei suldalsrypa, der er du igjen. Ja eg må stikka litt og inni mellom ;)
    Takk, Anne!:)

    SvarSlett