torsdag 24. mars 2011

Sogelaget snakkar om Heiberg

1904 var året som endra heialivet for mange i Setesdal, Sirdal og Suldal.  Den unge rikmannssonen Thorvald Meyer Heiberg gjekk til innkjøp av den første fjellvidda. Han var av høgaste overklasse, av dansk slekt og med tette band til den europeiske overklassen.

Heiberg enda opp med å eiga 1 million dekar. Men målet hans var større: all hei frå Haukelid til Åseral.  Det målet nådde han ikkje.

Heiberg hadde det ein i dag kallar: forretnings-ide. Han ville dekke behovet for jakt på villrein og ryper til grevar, baronar og feltmarskalkar!

Forretningsideen var vellykka. Baronar, grevar og slike stod i kø. Feltmarskalk Mannerheim frå Finland, Finansmagnat Scott frå England, Hoffjegermester Casterskjold frå Danmark etc, etc......  Og vilt fekk dei.

Dette var dåtidas eksotiske safariturar. Dette var turar på første klasse.  Luksus i mat og drikke. Det draup på lokalbefolkninga som fekk jobber som tenerar og kløvjing av proviant og andre nødvendige saker, slik som hemelinskledde toaletter.

For dei som har høyrdt om Heiberg, Heibergsheiane, eller Njardarheim, men ikkje noko meir, kan fara til Osen i kveld.  Vinjar pensjonistlag, Suldal kommune og Suldal sogelag arrangerer forteljarkveld. Magnar Undheim, tidligare styrar ved Sirdal Fjellmuseum kjem og fortel om jakteldoradoet for den europeiske overklassen.  Dette var i dei tider då Ryfylke var det hottaste valget av pakketurar.

Møtet går føre seg i den gamle Banken på Osen kl 19.30, sjå annonse i Suldalsposten.
Vel møtt!


Heibergtunet Storevatn
Storevasshytta som Heiberg bruka er restaurert av Stavanger turistforening. (foto: tur.for)

Grauthellerbu er en av de gamle buene som tjenestefolkene til Thv. Heiberg bodde i. Hytta er fullrestaurert.
Grauthellerbu. tenarhytta


Dagens Kviss:  Kven ga det navnet Njardarheim veidemarker?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch24. mars 2011 kl. 08:09

    Også heiter han Vidkun til førenamn
    Njardarheim Veidemark har en utrolig historie. For hundre år siden ble hele området kjøpt opp av forretningsmannen Thorvald Meyer Heiberg som her planla storstilt salg av fiske- og jaktkort til rike utlendinger. Men de to verdenskrigene tæret på Europas villmarksturisme, så i 1943/44 ble det til til at Heiberg delvis under tvang solgte området til Nazi- regimet. Quisling kalte umiddelbart området for Njardarheim Veidemark.

    SvarSlett
  2. Interessant blogg du har, Liv.Lærer ein del her. Det er også eit fint supplement til Suldalsposten.

    SvarSlett
  3. Heilt rett. Han Innante er dagens vinnar!

    Takk, Tlb, for fin utfylling. Tenk at Quisling sitt navn på området overlevde krigen...

    Takk takk,Aru, Då har eg truffe med målet for bloggen min:)
    Eg har eit par gonger vore FØR Suldalsposten med innlegg. Og eg har fordelen av å kunne ha eit skeivare blikk på samfunnet vårt enn Suldalsposten kan tillata seg:)

    SvarSlett