søndag 20. mars 2011

Vårjamndøger

I dag er det vårjamdøger. Då blir det lengre dager her hjå oss. I dag er natt og dag like lange over alt på kloden vår. Framover blir det lengre dagar og kortare netter her nord. Så underleg, som han sa Obstfelder, på Nord- og Sydpolen er det verken dag eller natt  i dag.   Det varierer kva tid vårjamdøgeret er, oftast er det 21.mars.  Det nøyaktige tidspunktet for årets vårjamdøger er oppgitt til kl  23.21

Primstaven har merka av ei hakke, ein plog, ein kross eller ei grein, alt etter kor, eller av kven primstaven var laga. Denne dagen skulle ein hakke opp jord og kasta utover åkeren så snøen smelta fortare. Dagen er også Bendiksmesse til minne om St. Benedictus som stifta Benediktinerordenen.

Denne dagen slapp dei somme stadar ut eit "Bent prøvesvin". Dei sende ein gris ut på tunet og sparka og slo han litt for å sjå om han hadde tålt vinterforinga så godt at han ikkje fall dau om etter sparkinga...  Godt me ikkje er svin.

Det er vårjamdøgeret som set tida for påsken. Første påskedag er alltid første søndag  etter første fullmåne etter vårjamdøger. Lett hugseregel, ikkje sant?
Nå har eg passert 50- streken og likevel slit eg med å hugse denne lette regelen.  Fullmånen var laurdag 19.mars. Neste fullmåne er 18. april og første søndagen etter det er 24. april. Eureka!, eg har funne ut at 1. påskedag er søndag 24 april.

Slik treff sollyset jorda på vårjamdøger


Fullmånen lyser spesielt sterkt når Månen er nær oss. (Foto: Trym Norman Sannes )

Det er 19 år sidan fullmånen var så stor som i går.


3 kommentarer:

  1. the librarian bitch20. mars 2011 kl. 16:14

    Fekk liksom ikkje hakeslepp av månen i år kveld eg ..
    Alle som heiter Bendik eller Benedikte har vel namnedag og i dag?

    SvarSlett
  2. Heilt enige TLb. Det var liksom meir svung over store månar i farne tider. Meinar til og med at den var større for eit par år sidan....

    Eg har ikkje ikkje mottatt rapport om vårulvangrep, så det gjekk visst greit ute i verda

    Ja, Bendik, Benedikte og Bent har navnedag.

    SvarSlett
  3. Var i luftromet i går. Vindusplass. Månen var knallstor og rød. Den var med oss heile turen frå Syden og nesten til Sola. Eit flott syn. Faktisk nesten det einaste eg såg. Var jo noen plattformer i Nordsjøen og slik. Men månen var trufast følgesvenn. Deilig å ha den med seg heim igjen. Marit

    SvarSlett