torsdag 3. mars 2011

Hurra for Nikola Tesla


Utan Nikola Tesla hadde verda vore ganske kjedelig.  Han tok over 200 patentar i si tid. Arbeidet hans dannar grunnlag for moderne vekselstraumsteknikk og fleirfasa distribusjonssystem.

 Han er kjend for Tesla-spolen. Det er ein transformator og vekselstraumssystem.
Tesla meinte at jorda kunne ringas inn elektrisk og fungere som ein gedigen stikkontakt. Han bygde seg eit laboratorium og kraftverk i Colorado springs. Han bygde eit tårn som var 57 meter høgt. Tesla sende lys og lydsignal ut i verda. Prosjektet  hans var populært i teorien, men økonomien stoppa det. Etterkvart syntes folk han vart meir og meir sær. Han vart vart frosen ut or det gode selskap og kalla ein gal forskar.

Han ville bli først og best på lyd og lyssignal ut i verda, men så slo Marconi han på målstreken. Marconi vart den første som sende radiosignal over verda. Då mista Tesla interessa for dette prosjektet og gjekk vidare til andre prosjekt. Men, i 1943, rett etter at han døydde fekk han etter fleire rettsaker kjennelse på at han var "radioens far".

I 1893 fekk han jobben med å levere 2000 lyspærer til verdsutstillinga i Chicago. Det anbodet vann han over Edison som hadde tyngre og større pærer. Tesla sine lyspærer var enklare, billigare og raskare.

Folk som budde rundt laboratoriet hans vart etterkvart mistruiske til ham. Dei meinte han samhandla med djevelen. Han vart litt rar. Han blei  besett av talet 3. Hotellromma han budde på måtte ha tal som kunne delast på 3  Han gjorde ting tre gonger etter kvarandre. Han sa han mottok meldingar frå verdsrommet om ideane sine. "Gal", sa folk. Nå driv NASA med same slag prosjekt. Dei sender signal ut i verdsrommet og venter på svar!

Nå kan me huske på Tesla når me leikar med radiostyrte leiker, og Teslakomponenten som i lampa nedfor. Han er også mannen bak ubemanna fly. 

Tenk på Tesla neste gong du slår på tv`en med fjernkontrollen, for den blei utvikla av; nettopp, Tesla.

Nikola Tesla
Nikola Tesla 1856- 1943


Tesla sin forsterkande sendar; Teslaspolen



Den moderne Teslaspolen



Teslaspolen gir lys i pærene . Straumen fyk frå spolen til dei trådlause pærene. klikk og sjå filmen.

Dei siste åra har nokre av dei villaste teoriane til Tesla blitt diskutert.  Forskarar meiner at pyramidane i Egypt var hydrogenbehaldarar og verka som eit kraftverk som sende mikrobølger trådlaust via obeliskane. Så, nå lurer ein del forskarar på om Tesla likevel ikkje var forut for si tid, men derimot kopierte det egyptarane kunne for totusenfemhundre år sidan.

Då skal me sjå at Erich von Daniken har rett likevel.... me var ikkje aleine her.

Dagens kviss: Kor kom Nikola Tesla frå?

2 kommentarer:

  1. Han kom fra Smiljan, Lika som da var en del av keiserdømmet Østerrike, , idag Kroatia.

    Dette visste eg ikkje , at han egentlig e radioens far?

    Ja, me får takka han fint for at me slepp å gå dei 2m bort å bytte kanal på TV!!;)

    SvarSlett
  2. Heilt rett, Anne! du er dagens vinnar.Gratulerer!

    Jo han blei radioens far 20 år etter oppfinninga var i bruk. Det var fleire som jobba med radiobølger på ein gong, men etter fleire rettsinstanser hadde vedtatt og omgjort kjennelsen, blei han tilkjent det post mortem i 1943

    Ja takk og lov at Tesla gjorde sitt til at me kan liggje å dra oss på sofaen og zappe :)

    SvarSlett