mandag 28. februar 2011

Doggybag

Eg har vore på Kulp og fått med meg ein doggybag.  Doggybag er eit engelsk ord som det blir heilt feil å oversette. Doggybag er den maten ein ikkje klarer å ete opp og som ein får med heim for å ete seinare.  Overset ein dette med hundepose får det liksom ikkje same klangen.

Vanligvis er det heilt unødvendig å be om doggybag i Noreg, fordi ein ikkje blir mettare enn at ein et opp alt på staden. Men går ein på Kulp får ein mat både for augene og magen. Maten er eit syn.

Me får maten i ein svart boks og går heim. Så, når maten skal etast ut på kvelden og boksen opnast blir ein varm om hjarta. For på innsida av loket er det ein personlig helsing med ynskje om ei god helg. Kan det bli betre på ein laurdagskveld?



Her har eg fått meg hamburger. Eg som vanligvis ikkje likar hamburger, nytte denne.



Sjå her. Slik går det an å gleda folk



Liva si helsing
Sida til Kulp:

Dagens kviss: I kva land er det uhøflig å be om doggybag?

søndag 27. februar 2011

Muffinsbuketten



Ungane i heimen går på 4 H. Det er ein flott organisajon der ungdom styrer og steller sjølv. Det er vaksne  klubbrettleiarar  tilstades, men ungane sit sjølv i styret. Dei har mykje gildt saman i klubben, i lag med andre 4 H klubbar, og på kurs og leirar. Dei vel oppgåver å fordjupa seg i. Desse oppgåvene viser dei fram på haustfesten sin. Klubben i bygda heiter Bygdevon.

I heimen er det fotografering og baking som er tema. Liva og venninne Ida har prosjekt saman og temaet er "selskapskaker". Me har ete masse fint bakverk og meir blir det nok gjennom året.  Dei har hatt ordrer også. Kaker er levert til Suldal sogelag sitt årsmøte, onkel Magnus sin 60 års dag, og fleire ordrer har dei framover.

Her er det onkel Gert som får blomsterbukett av Liva. Denne har ho laga åleine. Vaniljemuffins med smørkremtopping. Muffinsane var perfekte. Sjølve komposisjonen kan forbetrast. Det er prøvd igjen. Då med isoporskjelett. Då sat muffinsane betre. 

Det er mykje styr og rot i utprøvinga, men heldigvis inngår det i prosjektet at dei skal rydde kjøkkenet etter seg. Me,familiane, kan sjå fram til eit kaloririkt år!

Lenge leve kreativiteten!


Konditor in spe


Trinn to er ferdig



Slik vart resultatet

Her kan de lesa om 4H: 

lørdag 26. februar 2011

Håvelause huer

Håvelause huer er noko av det tristaste ein kan komma ut for. Det aller verste er huelause håver. Det må det gjerast noko med. Eit håve med hua på er flott. Det kan vere fargerik. Det kan vere stiligt. Eg syns me alle bør ha noko på håve. 

Som de alt veit, likar eg hovudplagg, hattar og huer. For dei som ikkje føler seg vel i hatt er huer eit godt alternativ. Lag sjølv, eller å andre til å laga. Ingenting er verre enn eit klaka håve. Då funker ikkje toppetasjen skikkelig...                        


Type saggehue


Marius treng også ei hua


Kva med å stå i stil til Fanakofta di?


Striper og antenne


 Saggehue igjen, av meir fargerik type



Grønnskolling


Fargerikt ullhåve, omtrent vasstett


Den meir urbane med lue og hals


Moder jord med antenne


Heklehåve



Ikkje noko huelaust håve her i garden. Ma i matchende genser frå Primark i Norwich

Designergenser  til Qi-Qi


Her i norsk design. Scandinavian design var det store i England sist vinter


Som det ser finns det huer til  kvart eit håve og til kvart eit høve. Nokon huer har funne seg håve. Nokon lengtar etter eit håve å hiva seg på. 

fredag 25. februar 2011

Tilgjengelig i teorien

I Suldal har me høyrdt om universell utforming. For eit par år sidan sette Suldalsposten ordføraren i ein rullestol for å sjekka tilgjengeligheita i kommunen. Den var så som så, men ordføraraen såg ikkje så mørkt på det, for, som det vart konkludert, har de fleste hjelparar med seg til å opne dører og slikt.  Etter den tid har lova om universell utforming sett dagen lys. Men har lyset gått opp for kommunen?

Sidan 2008 har eg vore i kontakt med kommunen, og rådet for funksjonshemma om tilgjengeligheit. Mellom anna om heisen i Suldalshallen. Den er låst på kveldstid. Vaktene skal låse opp på førespørsel. Det er berre det at ingen veit korleis dei skal gjere det. Det er ei nokså komplisert affære. Først må brukaren gå inn i vaktbua og be om opplåsing. Så skal vakta finne rett nøkkel mellom alle nøklane som heng i skapet. Ofte er ikkje nøkkelen der. Var nøkklelen på plass måtte dei låse seg inn i  maskinrommet og deretter inn i skapet der heisen kunne låsast opp. Det er eit skummelt skap med masse knappar, brytarar og lys. Dei fleste vaktene felte seg av. Når me var komne så langt var halve treningstida over, og ein kunne like gjerne gå heim.

Eg blei lov at dette skulle endras. Og det vart endra,.. til det til det verre. Heisen har vore i utstand i ganske lang tid. Nå er me snart tre månadar ut i 2011 og me har ikkje kome eit steg lenger enn i 2008

Parkering er også eit tema. Det er få parkeringsplassar for bevegelseshemma. Men som politikarane har uttalt i media, så har me ikkje vondt av å gå. Difor trengs det ikkje parkeringsplassar i gata. Me har ikkje vondt av å bære varene opp i parkeringsplassen. Dei som skal kjøpe seg leilighet i sentrumsbygget kunne få parkeringsplass oppe ved kyrkja.

Då er det med undring eg ser at når politikarar stiller på møter går dei ikkje mange stega. Til dømes på høyringsmøtet om transportplan for Ryfylke som blei arrangert på kulturhuset. Der kom dei same politikarane og parkerte klin opp i dørene på bygget. Ein plass dei sjølve har sagt at ikkje er parkeringsplass.

Då kulturhuset blei bygd vart det sagt at me kan gå rundt bygget og ta vegen ned til parkeringsplassen. Der er også den einaste parkeringsplassen for bevegelseshemma. Då er det nokon som ikkje har skjøna kva det vil sei å vere bevegelseshemma.

"Gjer som eg seier, ikkje som eg gjer!"  Kjære politikarar, tenk på symboleffekten!


Telenorbygget på Fornebu er truleg landets største universelt utforma bygg. Alle de 10.000 romma er tilgjengelige for personar med bevegelseshindringar.




Ein sann vits: veit de kor mange folk som må til for å ta heisen i Suldalspostbygget?  Tre stykk! Ein bevegelseshemma  og to som skrur i maskinrommet ;)

Her kan de lesa litt om universell utforming:
www.be.no/universell/uu/index.html

Dagens kviss: Kven er leiar i rådet for funksjonshemma i Suldal?

torsdag 24. februar 2011

Mattismesse, det dryp frå tokene


I dag er det Mattismesse. Det er til minne om Mattias, den trettande apostelen. Han kom inn istaden for Judas Iskariot som vart tatt ut etter ein uheldig handel.

Det er også den gamle skotårsdagen. Den vart skoten inn den  24. slik at Mattismesse kvart fjerde år kom på 25 februar. Mattias var ein feira mann. Han har messe om hausten også. då til haustjamndøger. Dette blei endra i år 1700 etter innføring av gregoriansk kalender.

Denne dagen blir også kalla  Laupardagen fordi det byrja å laupe ( dryppe) Torsdag den 17. var den første "lauparsdagen" på Sand. Sola skein og sola tok tak. Isen på vegen byrja å smelte, vegen blei våt. Herlig vårstemning. Så, året tjuvstarta litt på primstaven.


Merkedag for veiret:

Er dagen kald blir veiret vamare og omvent.
Mattis bryter is, er det ingen is, så gjør han is. 


Gamal overtru:

På Mattismesse hadde ingen plikt til å hjelpe folk som var uheldige og datt gjennom isen.
        
Det var gammal skikk å leike "mattis" denne dagen, for nå var været mildt nok til at ungane kunne leike ute.

.30dblkors.jpg (2644 bytes)
Mattismesse på primstaven

Dagens kviss: Kor mange ungar blei fødde i Noreg frå 18/2 1700 til 1/3 1700?



onsdag 23. februar 2011

UKM Suldal

Så er ungdommens kulturmønstring ferdig i Suldal. Det var 14 unge påmelde til scenen og 2  til biletkunst.  Me fekk oppleve song, musikk og dans fint levert frå ungdommar frå 13 til 20 år. Frå Hjelmeland skulle ein gå vidare og frå Suldal skulle to gå vidare. Kulturmønstringa er på tre nivå: kommune-, fylke- og landsmønstring.  Landsmønstringa er i mai eller juni i Trondheim.

Juryen hadde ein hard jobb med å velge ut deltakarane og resultatet kom først på nettsida til UKM seint på kvelden.  Geir Magne Staurland skal representere Hjelmeland og Anne Marie Nielsen og Henriette Løndalen skal representere Suldal. Lise Østebø sitt kunstverk skal også vidare. Me må alle ynskje tvi tvi til desse representantane.

Dette er ingen konkurranse i vanlig forstand. Dei som blir valde til neste nivå skal representere kommunen. Mønstringa er i samarbeid med COOP. Det blir utdelt stipend og dei unge får ei erfaring med å stå på ei scene, eller stille ut i eit galleri. Dette er ein fin anledning for uorganisert ungdom å vise seg fram.

Magedansaren Liva Rakel var med for første gong




Lenkje til UKM:
http://ukm.no/index.php?side=7318

Dagens kviss:  Kven var programleiar i Suldal UKM ?

tirsdag 22. februar 2011

Kvissoppdatering

Så er det tid for ein nny kvissoppdatering. Det er stadig fleire som hiv seg på kvissen, men Anne er ennå ikkje trua.

15/2    Fritt-fram-bru                     Rett svar: Anne
16/2    Ombodet er positiv             Rett svar:  Karin P
17/2    Camden Akademiet            Rett svar: Anne
18/2    Presesjon                           Rett svar: Anne
21/2    Sonja Sjøli                         Rett svar: the librarian bitch
22/2    Mange røyster, felles mål    Rett svar: Suldalsrypa

Då er resultatet så langt:

Anne                     17
the librarian bitch      8
Suldalsrypa              4
Tord                        1
Marit                       1
Trond S.                  1
Anette                      1
Karin P.                   1

Snakk dialekt, skriv nynorsk

Håvard B. Øvregård er i Suldal og har hallelujamøte i mållaget. Han kom til sine eigne og tok dei med storm. Han snakkar  i same takt som eit maskingevær. Den han seier er så sjølvsagt når han seier det.

Barn er som svampar og syg til seg språk. Det dei høyrer mens dei er små sit godt. Får dei høyre mykje og variert språk, får hjernen fleire banar å jobbe i. Og det blir lettare å hugse og bruke språket.

Små barn kan vere fleirspråklige og gli lett mellom språka. Eg hugsar godt ein liten døv unge som kom inn i eit rom der det sat ein døv, ein høyrande tegnspråkbrukar og ein som ikkje kunne tegn. Ungen samtala med alle tre på deira måte utan å blunke. Frå tegnspråk til tegn til tale og talemål .

Det er godt å vere trygg i språket sitt. For å vere trygg må ein høyre det frå ein er liten. Det som ofte svikter er at ein ikkje skjønar at for å lære andre språk må ein ha ein trygg base i sitt eige språk. Døve vart i mange år opplærte i norsk utan å ha noko morsmål å byggje norsken på. Så fekk dei opplæring i, og på, tegnspråk. Nå vil kunnskapsministeren leggje ned alle døveskulane og dermed grunnlaget ei levande utvikling av morsmålet deira. Me skulle hatt ein Øvregård i "døveriet" også.

Mållaget er opptatt av at arbeidet med nynorskopplæring skal byrja alt i barnehagen. Suldal mållag arrangerte barnehagekonferanse på Sand i fjor og dei arbeider for å styrkje nynorsken i barnehagane. Øvregård er også opptatt av det. Han reiser rundt på skular og barnehagar og jobbar for at tekstar blir lesne på nynorsk for barna. Dei må få høyre lokalt talemål, dialektvariasjon og språklig mangfall og andre språk.

Det  han sa kokar ned til : Les nynorsk på nynorsk og bokmål på dialekt.

I dag skal han besøke barnhagane og Sand skule. Eg trur nok han tek seg ein tur innom andrespråksopplæringa og. Så blir det spanande å sjå høyre korleis stoa er der.

Her er språkmannen og leiaren i Noregs mållag; Øvregård

Her kan du lesa om mållaget:
http://www.nm.no/

Dagens kviss: Kva er mottoet til Noregs mållag?

mandag 21. februar 2011

Ein milliard til eldre, så ikkje klag

Før jul lanserte regjeringa "eldremilliarden". Denne ekstra millliarden skulle føre til ei kraftig utbygging av eldreomsorga. Regjeringa var sikre på at kommunepolitikarane ville prioritere dei eldre med desse pengane.

Det var TV 2 som tok opp stoa i eldreomsorga i Noreg, og dei var årsak til denne ekstra løyvinga. TV 2 har i dei siste dagar avslørt at det ikkje blei som forventa. Ikkje ein gong i AP- kommunar har dei prioritert eldre.  Under halvparten av kommunane har brukt dei øyremerka midlane som forventa. Pengane har til dømes gått til datautstyr.

Kva brukte Suldal sin "eldremilliard" til? Suldal kommune sin del var 999tusen, altså rett under millionen. Av dei går 100tusen til pcàr til dei som jobbar med helse og omsorg, 200tusen går til inventar og utstyr på sjukeheimen og 400tusen går til kompetanseheving for tilsette i eldreomsorga. Nå er ikkje eg av dei som er sterkast i rekning, men eg får ikkje talet til å gå opp... Skulle det ikkje vere meir pengar til fordeling?

Statsministeren sa før jul at " vi styrer eldreomsorgen omtrent som vi styrer skolen"
Dette reagerer politikarane i stortinget på.  Når ein unge er seks år står skuleplassen klar, men når ein 90 åring i lang tid har søkt om sjukeheimsplass får han avslag, eller eit vaskerom å sove på.

Statsministeren seier at dei som ikkje er nøgde kan klage. Men då er det rart at regjeringa har lagt fram eit utkast til ny lov der ein ikkje lenger har same mulighet til å anke ei klage, eller gjere om eit vedtak. Forslaget som er ute til høyring går ut på å slå saman to klageadgangar til ei, i lova om kommunehelseteneste og lova om sosialteneste.

Er dette eit forsøk på å eliminere alle utidige innslag i  tv og oppslag i aviser? Når eit vedtak er gjort kan det ikkje endrast og ingen kan sutre til media...

Representantar frå Høgre og Krf. foreslo å opprette  "havarikommisjon" for helsesektoren, men AP,SV og SP stemte det ned.

La oss håpe at dei som har "med det" er vakne og passar på slik at eldre får den hjelpa dei treng og har krav på.


Sjukeheimen
Suldal sjukeheim ein flott heim med gilde og omsorgsfulle hjelparar.

Denne dama ville ha ein havarikommisjon for helsesektoren.

Dagens kviss: Kva heiter denne dama og kva parti representerar ho?

søndag 20. februar 2011

Ingen nasjonaldag utan musikk

Kva er 17. mai utan flagg, bunad, tog og korpsmusikk? Dei som har nokon år på baken hugsar vel sist det var taust i toget.  Eg budde i Stavanger i dei tider,men meinar å hugsa at Sand måtte importere musikk frå Marvik. Det vart ein vekkjar og interessa for korpset tok seg opp att.

Nå er det nede i ein bølgedag igjen. På Nes har dei ikkje korps. Sand, Jelsa og Marvik har omlag 10 musikkantar kvar.  Det er ikkje så mykje å skryte av.  Alle vil ha korpsmusikk, men ingen vil spela. Då hjelper det lite at alle støttar korpset gjennom grasrotmidlar om ingen vil spele.

Det er som korpsgeneralen seier; for mange aktivitetar som fristar. Det er sant, og korps tek mykje tid. Tid som ungane vil bruke på andre aktivitetar. Ungane kan gå på to -tre aktiviterar kvar dag. Då er det klart at det blir vanskelig. Det er flott at det er mangfold, men me har for få ungar å dele aktivitetane på. Så slutt med barselspause. Fortsett med babyboomen, så me kan rekruttere fleire korpsmedlemmer på sikt.

Eg har og ei fortid som aspirant. dessverre blei det ei heller kort karriere. Eg fekk utdelt eit althorn og skala til å øve på. Men det kom ikkje anna enn eit pip i ny og ned or alten. Det var ein nedtur, og draumen om å spela så folk gret mens eg marsjerte så fjong i fin uniform rann vekk. Så det er ikkje alltid at ungar ikkje vil. Det kan også vere dei ikkje kan...

La oss håpe at korps blir kult igjen slik at me kan gå i tog og  synge som best me kan til tonefølge. Fram for ein musikkfullt nasjonaldag!

Her går vi små en alen lange...


Korpset i jubileumsåret, frå jubileumskonserten i November. Foto: Suldalsposten
Desse flotte musikkantane gjer nasjonaldagen til ein fest.

lørdag 19. februar 2011

Kom til Vaaren!

Vår kunne nokon kvar ynskje seg etterkvart. Vinteren har vore lang og kald. Då er det ekstra kjekt å krype opp i godstolen med ei god bok, eller som eg helst gjer, legg meg godt til rette i mi gode seng med gode bøker.  Eg ligg med dei fleste forfattarar, men nokon er gildare å gå til sengs med enn andre.

Nå har eg kosa meg med litt lokal utvandringshistorie. Utvandringa frå Helland til Amerika. I Noreg utvandra folk til Amerika frå 1825 og utover til 1920, omlag. Denne store migrasjonen i norsk historie er ikkje fullt ut dokumentert. Denne boka blir eit godt bidrag til heilskapen.

Boka handlar om folk frå Hellandsgrenda som reiste ut i åra 1861- 1912  På 51 år reiste det 50 personar frå Hellandsgardane. Det må ha blitt merka i grenda når ein familie reiste frå garden sin. Me får møte dei i små glimt gjennom brev og bilder, og me får høyre om etterkommerane deira.

Nancy Coleman og Olav Veka lir av skrivekløe. Dette er den andre boka dei gir ut på eit halvt år. Snart kjem den tredje, ein engelskspråklig versjon av utvandringsboka.


Den nye boka til Olav Veka og Nancy Coleman


Boka er signert med helsing


Dagens kviss: Det er helg og ingen kviss. Hugs kvissen går frå mandag til og med fredag.

fredag 18. februar 2011

Slangebæraren er tilbake

Så er det på an igjen. Den store diskusjonen: Dagbladet har eit oppslag om astrologi. Dei tek for seg vestlig astrologi og peikar på feil i den. Denne diskusjonen er er ikkje ny. Den dukkar opp med jamne mellomrom.  Årsaken til diskusjonen er endring i jordaksens retning. Der gjer at stjernene "flytter" seg. Dermed vil også stjerneteikna, eller dyrekretsen endre seg.

Vårt astrologiske teikn blir bestemt ut frå posisjonen til sola den dagen me blei fødde. Forandringa på nattehimmelen har gjort at stjerneteikna har flytta seg omlag ein månad dei siste 2000 åra. Då får me kanskje eit nytt stjerneteikn. Likar me det?

 Astrologien er nok like gammal som menneska. Me har alltid kikka opp på himmelen og lurt på kva som er der oppe. Dei første oppteikningar om astrologi er funne i  Mesopotamia frå ca 650 år f. kr. Alle store sivilisasjonar dreiv med astrologi; egyptarane, grekarane og romerane. 

Frå Roma breidde det seg til europa. På 1300- talet var det undervisningsfag på universitetet i Oxford.  Dei "store" på den tida var ofte astrologar. til dømes Kopernikus, Paracelsus, Brahe, Galilei og Kepler.  Galilei ødela faget sitt med å sei: " Berre det som kan målast er vitenskapelig verdifullt." Dermed vart astrologi utelukka frå det gode selskap og enda opp som kvasivitenskap. 

Det som er interessant i denne artikkelen er at  astronomen som er interjvua meiner at me må innføre eit 13. hus. Slangebæraren. Dette var eit hus som var inne før, men babylonerane ville ikkje ha tretten hus. Det balanserte betre med tolv hus. Dermed stod slangebæraren, eller Ophiuchus som dei kalla han, for fall.

Eg eg løve. det har eg alltid visst. Eg har også følt meg som ei løve. Uttrykket opp som ei løve, ned som ein skinnfell passar nok også til tider. Ei venninne av meg har lenge mumla om at eg nok sikkert er jomfru sidan eg er fødd den siste løvedagen. Så eg  nærma meg det nye horoskopet med hjarta i halsen. Stor lettelse! Eg har fått bevis for det eg alltid har visst.; eg er løve! Nå kan Anne berre gi seg med jomfrumaset sitt. :)

De kan  rulle nedover sida her, så finn det de forslaget til nytt horoskop. Så kan de sjå kva dykkar nye stjerneteikn er.


Fine bøker i gamle dagar. Lærebok frå 1400 talet (Wikipedia)


Horoskopet. Den ytterste ringer er dyrekretsen. Den kvite innanfor er planetsymboler




Den nye Dyrekretsen ifølge astronom Kunkle

- Steinbukken: 20. januar til 16. februar
- Vannmannen: 16. februar til 11. mars
- Fiskene: 11. mars til 18. april
- Væren: 18. april til 13. mai. 
- Tyren: 13. mai til 21. juni. 
- Tvillingene: 21. juni til 20. juli
- Krepsen: 20. juli til 10. august 
- Løven: 10. august til 16. september 
- Jomfruen: 16. september til 30. oktober
- Vekten: 30. oktober til 23. november 
- Skorpionen: 23. november til 29. november.
- Slangebæreren (Ophiuchus)*: 29. november til 17. desember
- Skytten: 17. desember til 20. januar


Dagens kviss: kva kallast endringa av jordaksens retning på" fint"?


Her står det svart på kvitt:
http://www.dagbladet.no/2011/02/06/nyheter/innenriks/astrologi/justering/astronomer/15338359/

torsdag 17. februar 2011

Hårfasionasjon


Tenk det går an  å koma frå Sand og leve stort på hår. Det gjer Eirik Thorsen. Ikkje berre lever han av det, men han er ein einer på sitt område.

Det viser at du kan bli det du vil, sjølv om du kjem frå ein liten plass der mote og styling er eit framandord.

Sist veke vann han branjeprisen. Ein pris han har vore nominert til ni, siger og skriver 9, gonger! Vant gjorde han i 2004 også. Då i avantgardeklassen. Fleire hugsar vel frisyren til Maria i Idol. Han vant prisen for kreative frisyrer i 2006  Loreal Colour sin publikumspris står og på merittlista til Eirik. Ein av frisyrane han vann med i år minner meg om korleis gutane såg ut då eg var ung. Lang pannelugg ned i augene! Han seier til Suldalposten at sekstitalet med Mia Farrow er in . Det er nokså likt slik gutane såg ut.

Fix frisyre. (foto Scanpix)

Klikk for neste
Slik såg barske gutar ut på 70-talet også.  (foto Qvale)

Han har kome langt frå han tumla rundt i Aslakbakkadn på Sand.  Har han frisert ute i den store verda; New york, London og Paris(?)  I Stavanger hr han også vore. Då friserte han frøknene Molland og mora då me skulle vere festfin. Me kom frå Sand og var noko øvejidde over resultatet. Men me skjøna såpass at dette var kunst og at Eirik var på eit høgare nivå enn oss. Her kan de sjå koss fine me blei. Og me kan bresa oss med at me har blitt staila av årets hårstylist.

Her har Eirik hatt hendene i håret vårt.

Til helga er det på an igjen. Han er nominert til tiårets frisør. Kan kan igjen slå laus det håret han ikkje har og feire seieren?

Nå er det på Oslo fashionweek det gjeld. Blir sandbuen tiårets hårstylist?  


Premiestylisten i sving (arkivfoto)
Klikk for neste
Vinner denne? (foto solhaug)

Her kan de sjå dei nominerte:

Her kan de sjå bloggen hans :
http://eirikthorsen.blogspot.com/

Dagens kviss: Kor hadde Eirik frisørakademi?

onsdag 16. februar 2011

Det er skjynt å sjøra byss...

Det er skjynt å sjøra buss
det finnes isje herrligare sjyss.
Det koste litt
og hompe gjørr det titt
men det tar ingen konebag så stritt


Lenge leve kreativiteten. Rundt omkring i  vårt langstrakte land slit dei med barnehagedekninga. Og kva gjer dei då? Jo, de kjem med eit nytt konsept som løyser alle problem: Barnehagebuss! Barnehagebuss må ikkje forvekslast med bussen som tar ungane til barnehagen. Nei, det er barnehagen.

Suldal kommune har heve seg på denne trenden og er blitt  heftig og begeistra. Det einaste negative dei fekk høyre om dette var at det "forureina litt" fortel ein begeistra Obrestad til Suldalsposten. Han var og imponert over kor fort ungane var ute or bussen. "Jalla jalla" som dei seier på arabisk, " chop chop" på engelsk, eller "Schnell heraus" på tysk.
Han bemerka og korleis ungane som venta i bussen kosa seg i setene.

Det viktigste argumentet som skin gjennom all mobilbarnehagepedagogikk- innpakkinga er at det er billig, mykje billigare enn å byggje ut og drive faste barnehagar.

Dette blir supert å busse ungane våre på våre rasfarlige, svingete vegar. Der ungane kan kose seg med spyposane sine ståande i veggrøfta fordi Risa AS ikkje har brøyta og salta vegen.  

Negativ?, ..eg?  Å nei ,da. Eg tykkjer dette er ein glimrande ide. Eg tykkjer sågar at me bør tenkje vidare. Eldrebølga er over oss. Kan me ikkje ha mobile gamleheimar? Dei gamle kjem seg ikkje ut. Dei sit berre der. Me kunne spart mange stillingar. Det hadde berre vore nødvendig med nattevakter på gamleheimane. Me kunne ha spart oss skuleutvidinga på Sand skule hadde me vore om oss. Den mobile pedagogikken kunne overtatt.

Stryn og Stavanger har prøvt ut dette. Dei meiner at det pedagogiske opplegget er ein berikelse for barna.  Dei meinar å kunne måle at dei får sunnare og friskare ungar.  Så kven bryr seg då om at før ungane har byrja på skulen har dei lagt att karbonfotspor større enn hus.

Kven var det som sa at keisaren hadde nye klær?

Foto: Privat
Barn i Tonning bussbarnehage i Stryn

Ekskursjon i Stryn (Foto V. Bjørndal)

Dagens kviss: Kva meiner barneombodet om bussbarnehagar?



tirsdag 15. februar 2011

Kvissoppdatering

Kvissoppdatering frå liv midt i livet


8/2   Erfjordbru og Karmøybru   rett svar: Trond Solem
9/2   Kaptein                           rett svar: Anne
10/   Hylsfjord                          rett svar: Suldalsrypa
11/2  Ryfylke bowlingklubb       rett svar: Anne
14/2  Dinosaurane                     rett svar: Anette

Me har fått nye kvissarer, men Anne leder framleis suverent:

Anne                      14 poeng
the librarian bitch      7 poeng
Suldalsrypa               3 poeng
Tord                        1 poeng
Marit                       1 poeng
Trond Solem            1 poeng
Anette                     1 poeng

Brubyggjarar


Me skal få ei bru 
der ingen kunne tru 
at nokon ville bu.

 Dette er den omdiskuterte brua som me ikkje veit kven som vil ha. Den er vedtatt i kommunedelplanen i 2005  Den har vore diskutert rundt om kring der folk treffest.  Dei fleste eg snakkar med kan ikkje minnast at dei hadde ønska seg bru. Og om dei hadde ønska det skulle den vore lenger inn i fjorden.

Kvifor i all verda vil me ha bru inne i fjorden, når me kan få den langt ut mot byen? Jo, det heng saman med at Suldal og Sauda har nære relasjonar. Me går på skule, arbeider og handlar i kvarandre sin kommune. Då hadde det vore greit at me ikkje fekk så lange omvegar for å komme oss fram. Tenkjer  me kommunesamanslåinga som kjem til å presse seg fram, ja, då er me heilt på bærtur.
Den tida ferja gjekk døgnet rundt var det ingen som ønska seg bru. Det me treng er ferjer som går når me er ute og reiser.

Nå viser det seg at det er ingen som vil byggje denne brua heller. Vegvesenet har utlyst stillinga utan å få kvalifisert napp. Det seiest at ingen som kan byggje bru vil bu her. Det er vel ikkje så rart det. Kven av urbane brubyggjarar vil bu ein stad vegen går utanom.

Denne brubyggjaren må ha evne til å byggje meir enn fysiske bruer. Han må kunne byggje bruer mellom folk med ulike meiningar om brubyggjing.  Den personen veks nok ikkje på trær.

Eg foreslår at Vegvesenet nyttar seg av Suldal vekst til å tilsette brubyggjaren. Dei er saltandes gode på raske tilsettingar.

Her er brua ingen vil byggje

Dagens kviss: Kva type bru er det som skal byggjast her?

mandag 14. februar 2011

Høne-liv

Dei siste to åra har eg byrja å få venner i 50 åra. Den eine etter den andre tippar over på feil side av 50- talet.  Eg har byrja å gå i femtiårsdagar. Det rare er at dei ser ikkje slik ut. Då er spørsmålet… korleis ser ein 50 åring ut? 

Eg har funne ut at det er ganske subjektivt og relativt. Då eg var unge var 50 åringar eldgamle. Då eg var ung var dei gamle. Nå syns eg 50 åringane ser ut som 40 åringar….

Før min eigen 50 årsdag sa ei venninne som hadde gått over streken året før til meg : “hugs det Liv, at det er ikkje farlig å bli femti. Det er bare egget som går ut på dato, ikkje høna.”

Eg tykte det var veldig djupt sagt og har tatt det som mitt motto. I min eigen femtiårsdag heldt eg tale over det temaet, og i alle femtiårsdagar eg blir invitert tek eg på meg den  kvite hønsefjøra mi. Det gjer eg i solidaritet til alle oss høner som kan slappe av i fjørene sine.

Skit i egga og la høna flakse.


 DSC00067
Klar for femtiårsdag med "pricks all over" og hønsefjør.


Dagens kviss: Kva kom først, høna, eller egget?

søndag 13. februar 2011

Alle morers dag

I dag er det morsdag. For dei som stadig gløymer det, kan me fortelje at morsdagen alltid er andre søndagen i februar.  Då skal me feire og sette pris på vår mor. 

 Første morsdag blei feira  i 1908 i ei kyrkje i Amerika. Seinare breidde det om seg. I Noreg blei den første morsdagen feira i Bergen 1919  I byrjinga var dette eit religiøst arrangement. så utvikla det seg til å bli ein familiedag med kaffi på senga for mor og kaffi, kaker og blomar. 
Etterkvart balla det på seg. Då me før laga kort i gilde fargar på skulen til mor vår, har butikkane heve seg utpå og forventar at me kjøper flotte gåver til mor.

Så kjem eg ikkje unna historia. Alt har ei fortid, så også morsdagen.  Dei gamle grekarane feira Titan Rhea, alle guders mor På 1600 -talet feira dei i England jomfru Maria, ein festdag som utvikla seg til ei høgtid som gjaldt alle mødre etter reformasjonen.  Mothering Sunday blei feira 4. søndag i advent. Morsdagen blir feira til ulike tider rundt om i verda.



Den fyrste song eg høyra fekk, 

var mor sin song ved vogga,

dei mjuke ord til hjarta gjekk,

dei kunne gråten stogga.

Tekst: Per Sivle



tre morer på rad



Det øyeblikket et barn blir født,
fødes også moren.
Kvinnen har alltid eksistert,
men ikke moren.
En mor er noe helt nytt 
(ukjent)


Vintage morsdagskort

lørdag 12. februar 2011

Brommelandshuå

Eg går på bunadkurs. Me saumar eldgamle drakter. På kurset ser me på bilder av gamle modellar, diskuterer teknikkar som er brukt, og kosar oss. Sist kursdag hadde ei av deltakarane med seg ei gammal konehua ho hadde lånt. Denne hua er i privat eige,  men er registrert av bunadsnemnda. Hua blir kalla Brommelandshua etter staden ho kjem frå.   

Så, til 17. mai, eller neste vår, går me damene stolte rundt i dei nye draktene våre med svarte Brommelandshuer på hovudet 

Her er hua


 Bildet blei litt lyst, men me ser det er gilde fargar.



Hua er skøytt framme, så me kan rekne med at det skulle vere pannelin over.


Inni ser me korleis den er sydd saman med prikkesting.

fredag 11. februar 2011

Talenter på line frå Sand

Det trillar fram talenter mellom ballar og kjegler på Sand. Sand IL har fostra mange talent og fleire blir det. Det viser at unge har mulighetar sjølv om dei ikkje bur i urbane strok. Men ein ting som er sikkert at talent kjem ikkje berre av seg sjølv. Talent, ja, men eigeninnsats er nødvendig. Klubben må ha ivrige trenarar og ikkje minst at foreldra er med. Unge som har ivrige foreldre kjem lengst.

Line Sand fekk 4.plass i junior NM. Ho spelar i 3.divisjon med laget sitt. Og laget ligg på femteplass i Rogaland Det er ei bragd for Line og for bowlingklubben på Sand som ikkje er så gammal.  Men Line nøyer seg ikkje med å vere god i bowling. Ho vil vere god i alt. Dette er ei ambisiøs lita dame som me nok får høyre meir om i åra framover.

Fredrik Deilkår er ikkje mindre enn eit fotballtalent.  Han går på fotballgymnas i Haugesund og trenar med dei store på FK Haugesund. Fredrik gjekk i klasse med datter nummer 3 og ho kan bekrefta at Fredrik er fødd med fotballen på vrista.  Nå er han rekruttspelar på FKH 2  i tredje divisjon. Denne månaden reiser han til Tyrkia med A-laget på treningsleir. Det gjer meg overbevist om at han blir ein ny George Best. Like flott er han også.



Line Sand  (foto b.e. Rød)



Fredrik Deilkås (foto s.h. Moe)

Dagens kviss:  Kva heiter bowlingklubben på Sand?

torsdag 10. februar 2011

Så klart det er kjekt...

Elevane på Sand ungdomsskule kosar seg i skulekvardagen trass i lang reisetid. Dette kan me lesa i siste utgåve av  suldalsposten. Dette var sikkert ein stor kamel i halsen til foreldra. Foreldra som sette himmel og jord i bevegelse for å hindra ungdommane i å koma saman på ein sentralungdomskule.

Eg må sei eg er ikkje bitten øvejidde på at dei trivs. Nå skal eg fortelja dykk om ein anna tid og andre ungdommar:

Eg byrja på undgomsskulen i 1972  Då hadde omorganiseringa frå framhaldsskule til ungdomsskule kome til Suldal kommune. Det vart bestemt at Sand skulle ha sentralungdomsskule sidan  der ville bli plass etter at realskulen skulle slutte av. Dei som gjekk realskulen skulle få gå ferdig, eller starte om att i 8. klasse i det nye systemet med ungdomskule.

Me var 17 elevar i 7. klasse. Det var rundt 80 elevar i 8. klasse, så gjekk det to, eller tre klassar på realskulen. I tillegg var det ca 80 elevar på folkehøgslulem og  sikkert like mange på yrkesskulen.

Det krelte av undommar alle stadar. Det var kjempekjekt med så mange unge. I ungdomstida veks mange frå kvarandre og det var ikkje alltid like lett for alle å få seg nye venner. Men no var det venner til alle. Det var luksus.

Me i 7. klasse gleda oss til me skulle starte i 8. klasse og lurte på kven som skulle gå i vår klasse.  Me skildes i juni med desse glade tankane om neste skuleår. For første gong sidan me starta skulen gledde me oss til nytt skuleår.

Men, kor lenge var Adam i paradiset?
Då me starta i august var me den same trøtte klassen som alltid.  Inkvan hadde talast den sommaren! Foreldra til dei som hadde reiseveg hadde gått hardt på politikarane og fekk gjennomslag for synet sitt. Det var enden på det eventyret.

Sidan har saka dukka opp med jamne mellomrom. Kvar gong har eg og venninna mi, Guro, ergra oss like mykje og diskutert dette.  Det var spanande med så mange kjekke gutar å sjå på. Det er til stor hjelp mot fråvær. Kven vil skulke skulen når det er så mykje kjekt som skjer i firminutta? Kvifor spør ikkje politikarane dei som var unge den gongen, korleis dei opplevde dette, undrast me. Tilslutt gjorde dei det og svaret var som me venta: Ingen tenkte på at det var så langt å reise, og alle hadde hatt ei kjekk ungdomstid.

Heldigvis blei det sparekniven som gjorde utslaget. Eg er oftast ikkje enig med rådmannen, men her har ho gjort noko godt for ungdommane. Artikkelen lordag viser at dette var ei rett avgjerd. Ungdommar treng andre ungdommar meir enn foreldra sine. Og foreldra sine tankar og meiningar er ikkje alltid til barnas beste.

 Ungdomsskuleelevar anno 1974

Råtøffe ungdomar 1972

Ungdomsskuleelevar anno 2011

Dagen kviss: Nokre elevar kom i båt. Kor kom dei frå og kva reiste dei med?