torsdag 31. mars 2011

Den røde hane gol i natt

Rett over midnatt i går skjedde de som er alle folks store skrekk. Me har det godt i Noreg og det er lite me treng vere redde. I fredstid er det narturkrefter og brann som set skrekk i oss.  I går natt var det brann som sette skrekk i oss.

Rundt midnatt byrja det å brenne i Austmannsvegen i Prestaåsen.  Det brann i eit rekkehus. Rekkja var på fire husvære med eit anna hus tett ved. 14 personar vart evakuert.

Skrekken over å bli reven opp or svevnen sit nok i ei stund. Den trygge heimen er blitt ein farlig plass. La oss håpe at ungane som blei berørt av brannen, og dei rundt som blei vekte, ikkje må slite med vonde kjensler.

Brannen i natt må vere ein vekkjar til oss at me alltid er budd på brann. Har de brannøving i heimen? Veit de kor de skal gå når det brenn? Slike ting er viktige å snakke om før noko skjer.

I huset me hadde på Flataberget hadde me kjøpt inn eit branntau som enkel å bruke. Me sov alle høgt over bakken og måtte ha lett måte ut om det brann nede. Den var så populær at me nåtte sette ei grense for antall brannøvingar.  Her me bur nå kan ungane gå rett ut til avtalt plass.  Har de ein brannplan?



Det ser ikkje så gale i begynnelsen....

Det sprer seg frå eit husvære til det neste.


Eg bur lenger oppe i åsen og trudde inkvan leika seg med fyrverkeri. Men eg tenkte det var vel gale når dei berre haldt på. Så, eg stod opp og fekk augene fort opp. Sidan eg har budd mange år i byen trudde eg brannbilane laga lyd, og her var det heilt stilt. Berre spraking frå bålet. Eg gjorde som halve åsen gjorde, ringte brannvesenet. Så eg trur linja der gjekk varm.







Bebuaren i dette huset hadde fått både brann- og røykskadar og måtte sendast til sjukehus


Morgonen avslører eit sørgelig syn


Søskenbarnet mitt er ein av dei uredde brannmenn som arbeidde heile natta.

Alt i alt gjekk det godt. Det var "berre" materielle verdiar som brann. Men det er vondt for folk å miste alt dei eig. Klær, saker og ting kan skaffast på nytt, men alle minner er vekke for godt. Tenk på fotografier, teikningar som ungane har laga i barnehagen, all jule og påskepynt som avkommet har lagar. Dette er ting som er uerstattelige. 


Bileta er frå SA og Sp
Suldalsposten:
Dagens kviss:  Kor mange brannstasjonar er det i Suldal kommune og kor ligg dei?



onsdag 30. mars 2011

Ja takk, begge deler...

Dette sa Ole Brumm i si tid.  Då tenkte han ikkje på politikarane i Suldal eingong. Men kanskje dei tenkjer på han. Politikarane prøver seg på Ole Brumm politikk. Først seier dei nei, så seier dei ja, så seier dei begge deler.

Det er jammen ikkje greit å vere politikar heller. Her skal dei følge sine lovar og reglar ,og fylket sine lovar og reglar, så kjem det ein person som jobbar etter Kardemommelova. I allefall den siste delen.

 SitatMan skal ikke plage andre,
man skal være grei og snill,
og for øvrig kan man gjøre hva man vil.Sitat– Fra Kardemommeloven -1955


-Eg vil ha meg eit basseng. 
Sidan eg er så snill og grei, 
så ikkje ødelegg for mei. 
Då treng eg ikkje spør om lov. 
Får eg nei, blir eg ikkje lei. 
Eg legg på bordet eit tilbod så bra at ingen kan sei nei.... 
for, eg er så snill og grei!-

-Så fekk eg nei allikevel, men smarte meg gir ikkje opp. Slepp eg å rive, skal eg byggje eit flott reiselivssenter. Det kan dei ikkje sei nei til. 30 millionar skal det koste.  Det er mange honningkrukker, det!  Då må de vere snille og la meg ha mitt basseng. For hugs kva Ole Brumm sa eingong før: "Hadde alle vært snille. ville verden vært et fint sted å være".
Var det slik det føregjekk?

Ordføraren prøver å få oss til å forstå perspektivet; Folk skal ikkje byggje ulovleg, men gjer dei det likevel, kan ein få tilgivelse utan føregåande tilatelse. For ordføraren er positiv til Foldøy senteret, men då må ikkje mannen i gata rota det til i hovudet sitt og sjå det i samanheng med rivingssaka.

Suldalsposten nemner Kong Salomo og Jørgen hattemakar. Politikarane seier dei er  misforstått. Far min hadde sin eigen variant av dette: Han gliste alltid til oss ungane når me ville ha samme rettar som han: " Hugs, det er forskjell på far og katten" Jammen trur eg han hadde rett.  Så har de noko de vil byggje, bygg i vei!


Mykje til far, lite til katten.



"Goddag, Nasse Nøff, jeg trodde du var ute" sa Ole Brumm.  "Nei," sa Nasse Nøff, " det var du som var ute, Brumm". "Ja, sånn var det" sa Brumm. "Jeg visste det var en av oss."

   
Ååå, så masse honningkrukker dette kan bli...


Dagens kviss: Kanskje politikarane dreg det ut mens dei ventar på eit vedtak skal setjast i verk. Kva slags vedtak?


tirsdag 29. mars 2011

Kva skal vegen heite?

Det skal bli dåp i suldal. Den store barnedåpen til og med. 127 vegar skal døypast, men kva skal barnet heite?

Når barn blir borne til dåpen er det ofte ein stor diskusjon som ligg bak. Namnevalet gir mange kvaler; kva passar best? kven blir surast over ikkje å bli oppkalla? Kva gir mest utteljing i framtidig klingande mynt? Skal me gå for mote-, eller sært namn? Skal det vere lett å uttala? Ja, det er meir å problematisere enn det finns namn.

Eg tenkjer det blir likt når suldalske vegar skal få namn. Det dreier seg om 3800 eigedommar som er utan namn. Mange av eigarane, og mange andre, vil nok meine noko om dette.  Skal me gå for praktiske namn?  Eller skal me grave fram røtene våre, og få namna som er på veg i gløymeboka fram att?

Gamle plassar og vegar går i gløymeboka. Nokre namn er så gamle at me ikkje veit korleis me skal skrive dei. Nå er det håp om å få fram og redde nokre av dei. La oss sleppe fleire Tulipangater, eller som i byane: Solskinnsvegar.

Branda Kjerand og snaue Gaute 
 rei i Gåpavad til dei blei blaute
Branda Kjeran han reid i sne
men  snaue Gaute han måtte te

Dette eldgamle verset om Gaute og Kjerand som var ute og reid, inneheld vegnamnet Gåpavad. Dette namnet kjem ikkje til heider og verdighet att, for vegen går ikkje der lenger. Men, det er mange andre gamle namn som dekker stadar som skal få namn. Grendeutvala, organisajonar og privatpersonar kan meine noko om dette. Så,gjer det og!

Denne dama skal jobbe mykje med "
dåpsbadnå"    (foto: SP)


Her kan de lesa litt om kva det må tas hensyn til:


Me har ein flott anledning til å få fram, og få godtatt det me meiner. Så bruk namnedemokratiet for det det er verdt!  Høyringsfristen er i første omgang 31. mars.

Her kan de sjølv lesa om vegadressene og kva parsellar som skal ha namn:
https://www.suldal.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=112&AId=1806



Dagens kviss: Vegen "Snegåtå", kva i all verden er tydinga av den?

mandag 28. mars 2011

Der kom katten ut or sekken..

Lordag kunne me lese i Suldalsposten at det er uro i kommmunen si helseavdeling.  Det er hyrt inn ekstern hjelp for å ordne opp i situasjonen som skal ha gått over noko tid.

Alt er relativt i verda. Det er også omgrepet "noko tid."  På suldalsk blir: "noko tid" omtrent lik: "manns minne.

Dette er då ikkje nytt.
Det som er nytt er at inkvan har sloppe katten ut or sekken, og ut i verda. Kanskje var det Iwazaru som ikkje lenger haldt munn? Eller var det Kikazaru som høyrde det, eller Mizaru som såg koss gale det var?  Dette er dei tre kloke japanske apekattane. Når dei sit slik og teier kan dei gjere vondt verre.

Rådmannen vil ikkje gå inn på kva som er opphavet til uroa, men viser til at det er tilsett ein helsesjef utan legeutdannning, og at  det derfor er påkrevd med endringar i organisasjonsstrukturen.  Vidare seier ho at det ikkje er uvanleg å tilsetje helsesjefar utan legeutdannng. Det trengs ofte ein organisajonsutdanna person. Det er jo ikkje heilt på jordet.

I intervjuet ser det ut som om problemet er at helsesjefen ikkje har legeutdanning.  Me som har levd lenge i kommunen kan erindre at legeutdanninga ikkje har så mykje med korleis trivselen er på jobben. Det trengs folk som har empati i tillegg til relevant utdanning.

Stikk fingeren i jorda og sjå kor skiten den blir når ein tek den opp.  Kor mange gilde legar har me ikkje hatt i kommunen, for så å mista dei fordi dei var "udugelige"?  Når eg flytta inn att til Sand hadde eg tre fastlegar før eg traff legen min. Det var som eit hotell gjennomtrekk. Dei var aldri sakna av leiinga.

 Det rare er at i Sommar då eg låg og plaska i eit basseng i Bulgaria, kom eg i snakk med ein mann frå ei øy. Det viste seg at den "udugelige" legen inkvan ikkje ville ha i Suldal var ein veldig populær lege på øya hans. Han sa:- eg har den beste fastlegen det går an å ha!!
Kva seier det om oss?

Kva seier det om oss som har levd her og høyrd om problema ved legesenteret og latt det skure og gå?
Kva seier det om oss som har latt den eine etter den andre unge fastlegen reise herfrå med øydelagt sjølvtillit?
Kva seier det om oss om me lar det forsette?

Suldalsposten spør om det er aktuelt med avgang for den nåverande helsesjefen. Det får me ikkje svar på, for rådmannen vil jobbe seg gjennom saka med alle mann ombord.

Nå må me  passe oss så me ikkje endar som eit  Holbergstykke og "Rettar bakar for smed!"



Eg vil ikkje sei noko, eg vil ikkje sjå noko, eg vil ikkje høyre noko



Her las me på kommunesida om tilsetjinga av ny helsesjef. Dei av oss som diskuterte veddemål om kor lenge dette ville vara, ergrar seg grøne over alle pengane dei kunne ha håva inn:


Her kan de lese ein blogg der skrivaren tek for seg dei tre kloke apene og snur på flisa. Pass oss:
 http://my.opera.com/finn41/blog/show.dml/5515501

Dagens kviss:  Kva ville Arnnulf Øverland sagt oss?

søndag 27. mars 2011

Sommartid!

Det vårast så smått ute. Nokon av oss har alt funne prov på vår, andre får framleis snø. Men, same korles det enn er rundt om i vårt langstrakte land, så er det tid for sommartider.

Sommartider hej hej, sommartider,
sommartider
Jag kenner det er nån`ting på gång
sommartider
sommartider
Kom och stanna ute natten lång
Sommartider
Snurra runt i en stad som gløder, som viskar: bli min  i natt!


Og med sommartida kjem den same diskusjonen kvart år: skal klokka stillast ein time fram, eller var det tilbake? Denne diskusjonen har me to gonger om året; vår og haust. For det er ikkje alle som hugsa korleis ein stilte klokka om våren. Men, heldigvis får me beskjed i aviser og på tv slik at me skal komme oss på jobb mandagen.

Eg tippar klokka skal stillast fram ein time. Eg brukar hugseregelen at klokka skal stillast fram mot sommaren og vekk frå sommaren om hausten. Dotter nummer 1 har ein endå betre hugseregel. Ho dreg hagemøblene fram om våren og tilbake i skuret om hausten. Så stiller  ho klokka si etter det.

Så håpar eg alle hugsa å stå opp klokka 02 i natt for å stille klokka fram ein time, til klokka 03 :)




lørdag 26. mars 2011

Turtoalett

På reiser rundt om i verda er det ein ting som ikkje er som heime. Det er toaletta. Nå er kanskje ikkje toaletta heime heller alltid noko å skryte av. Dei både luktar og er ufyselige. Men, må man, så må man.....

Her har me eit litt anstrengt smil. Me er sprekkfulle.

På grensa mellom Mongolia og Kina var det togstopp i nærare 6 timar. Det var passkontroll og slike ting. Då stengde dei tog-toaletta og me var henvist til eit utruleg stasjonstoalett. Det var inne i ein slags verkstad. Der hadde dei laga ein bås med ei fjøl som kunne setjast litt framfor båsen. Det var ikkje lys, så me måtte famle oss fram. Det var ikkje til å anbefale, for ein tok i allslags etterlatenskaper. Dei fleste gjekk inn, og raskt ut att. Dei innfødde kikka på oss turistar. 

 Det var tilløp til opprør på toget når dei stengde att etter at me kom inn i Kina. Då var det passkontroll igjen og toaletta vart stengde. Det var mange sprengde blærer på denne turen.


Javel, kor er doen i Mongolias utmark?


Firerbanden på febrilsk jakt etter eit toalett. "Go left, you can`t miss it..."

Kor langt då....?



Takka meg til eit hus med hjarte. Det kan aldri bli feil.



Etter at maten var fortært, var det snart tid for høgdepunktet...


Tog- toalettet!



På turen austover til barnebarnet i vinterferien hadde me, som vanlig på tur, naturlege behov. Her på vei mot Røldal.


Så fint  og delikat kan det gjerast!  Dette er utrulig nok eit offentlig toalett. Eg fann dette inne på ein bensinstasjon i Telemark. Det var etter Hjartdal. Truleg var det ein Essostasjon...  Her var det reint også. Det var pynta med duftlys, steinar og og ein blomst på glashylla. Det var også toalettpapir og tørkepapir. 

Dersom de finn ut kor dette bildet er tatt så blir eg glad. Eg var som vanlig berre i full fart på jakt etter eit toalett og gløymde å sjå kor eg var.


Her kan de sjå kva VG sine leserar har sendt inn: (anbefales å sjå)
http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=180683

fredag 25. mars 2011

Kvissoppdatering

Så er det helg og tid for ny kvissoppdatering:

21/3   Han Innante          rett svar: 8 klubbar
22/3   the librarian bitch   rett svar: Djevelens hånd
23/3   the librarian bitch   rett svar: Grytviken,  sør Georgia
24/3   Han Innante          rett svar:  Quisling
25/3  Anette                   rett svar:  Ørelysbehandling


Rangeringa etter denne  veka:

Han Innante            4 poeng
the librarian bitch    2 poeng
Anne                      1poeng
Anette                    1poeng


Hugs å svare så presist som mogleg. De må tenke på at me har flisespikkarar i blant oss., og at svar då kan bli problematisert. Helst ta med  med utfyllande informasjon slik at eg og lærer noko. :P

Ha ei god helg og kom på kvissen i mårå:)

Kvass i kviss

Når ein har vakse opp med ukeblada sine 20 spørsmål er ein vel litt miljøskada. Kviss er kjempekjekt, men dødsens alvorleg. Om kveldane var det tid for spørsmål, men det var alltid krangel om kven som skulle lesa dei opp. Den som las fekk ikkje vere med å svare, så den rolla ville ingen ha.

Eg har vidareført utspørjinga i heimen. Me spør og grev i tide og utide. På toget, på flyplassar, i  heimen, ja, kort sagt overalt. Me er altetande og tar alt frå enkle Se og Hør spørsmål til engelske fagblad.  Me har det jysla løye, men det gildaste av alt er å problematisere svara.  

Den uvanen har eg dessverre tatt med meg ut or heimen.  Så eg er ikkje like populær på kvissar. F eks på Heidrun. Men heldigvis har eg ei søster i ånden. The librarian bitch er lik meg. Me er rå kvissarar og problematiserer alle svar. Derfor heiter lager vårt " Flisespikkarane".

Min lille morgonkviss starta fordi Heidrun var for slappe med å arrangere kviss. Derfor laga eg min som ein protest. Kvissen min har berre eit spørsmål. Det fordi ein skal ikkje kreve så mykje av folk før dei er vakne. 

 Eg har hatt to omganger til 20 rette. Første omgang vann The librarian bitch, andre omgang vann Anne. Og Anne skal feirast i morgon.  Me skal ta kvissen utor bloggen, og har ein kvissomgang på kulturhuset klokka 12

Er du glad i kviss og har høve, så møt opp på kulturhuset lordag klokka 12 og ver med. Dei som ikkje har eige lag blir sett i lag  med andre.


Hm. Dette var eit vanskeleg spørsmål. Eg blir sure viss nokon andre svarar rett.

Nå leser eg opp spørsmåla altså, så følg med!


Jippi, der fekk eg rett. Det er alvorligt med kviss i heimen



Dagens kviss: Kva er det som foregår her? Studer bildet nøye.


torsdag 24. mars 2011

Sogelaget snakkar om Heiberg

1904 var året som endra heialivet for mange i Setesdal, Sirdal og Suldal.  Den unge rikmannssonen Thorvald Meyer Heiberg gjekk til innkjøp av den første fjellvidda. Han var av høgaste overklasse, av dansk slekt og med tette band til den europeiske overklassen.

Heiberg enda opp med å eiga 1 million dekar. Men målet hans var større: all hei frå Haukelid til Åseral.  Det målet nådde han ikkje.

Heiberg hadde det ein i dag kallar: forretnings-ide. Han ville dekke behovet for jakt på villrein og ryper til grevar, baronar og feltmarskalkar!

Forretningsideen var vellykka. Baronar, grevar og slike stod i kø. Feltmarskalk Mannerheim frå Finland, Finansmagnat Scott frå England, Hoffjegermester Casterskjold frå Danmark etc, etc......  Og vilt fekk dei.

Dette var dåtidas eksotiske safariturar. Dette var turar på første klasse.  Luksus i mat og drikke. Det draup på lokalbefolkninga som fekk jobber som tenerar og kløvjing av proviant og andre nødvendige saker, slik som hemelinskledde toaletter.

For dei som har høyrdt om Heiberg, Heibergsheiane, eller Njardarheim, men ikkje noko meir, kan fara til Osen i kveld.  Vinjar pensjonistlag, Suldal kommune og Suldal sogelag arrangerer forteljarkveld. Magnar Undheim, tidligare styrar ved Sirdal Fjellmuseum kjem og fortel om jakteldoradoet for den europeiske overklassen.  Dette var i dei tider då Ryfylke var det hottaste valget av pakketurar.

Møtet går føre seg i den gamle Banken på Osen kl 19.30, sjå annonse i Suldalsposten.
Vel møtt!


Heibergtunet Storevatn
Storevasshytta som Heiberg bruka er restaurert av Stavanger turistforening. (foto: tur.for)

Grauthellerbu er en av de gamle buene som tjenestefolkene til Thv. Heiberg bodde i. Hytta er fullrestaurert.
Grauthellerbu. tenarhytta


Dagens Kviss:  Kven ga det navnet Njardarheim veidemarker?

onsdag 23. mars 2011

å eiga ein by

Som tidlegare skreve har route 66 i Amerika gått frå å vere ein gløymd veg gjennom gløymde byar til å bli ein turistattraksjon. Men byane sleit lenge. Det gjekk så langt at ein by la seg ut på e-bay for sal. Den vart seld for 425 000§. Byen vart kjøpt av ein junkfoodmillionær som nå har sin eigen by med innbyggjarar.
Det minner meg om Canada og spøkelsesbyane der. Dei ligg på rad og rekkje på den Canadiske prærien.

På denne prærien eigde me ein halv by. Ikkje eg då, men min, i den tida betre halvdel, eigde den halve byen.  Han skulle bli farmar på prærien, og starta med å kjøpe seg inn i Schackleton.

Eg var med til Schackleton første gong i 1993  Me kom fire stykk, då auka innbyggjartalet med 50 %. Dei var ni fastbuande, og ein del rådyr og coyotar som ulte om nettene.

 Schackleton har namnet sitt til minne om Ernst Schackleton, sydpolsfararen, som var med Scott på hans første ekspedisjon til arktisk. Seinare hadde han sin eigen ekspedisjon dit. Alle gatene i byen hadde namn etter polfararar, som Amundsen og Nansen.

I  byens beste tid var det to bankar, highschool med symjebasseng, kafear, post, butikk og kornsiloar. Då me var der var den tida forlengst forbi. Då var det kun eit skur som var postkontor der ein kunne låse seg inn og hente posten sin i sin postboks.  Og ingenting anna.

Schackleton er nå på Canadas "Ghost town" liste.  For å kvalifisere til å bli spøkelsesby må byane vera strippa for dei fleste fasiliteter.  Dei siste åra har hovedvegen forbi Schacketon vore så dårleg at ein kunne kjøpe klistremerke til å sette på bilen der det stor:  Eg overlevde riksveg 32!

For å komme til denne eigendommen fauk me til Calgary, så  køyrde  me køyre i 8 timar på aude vegar frå Alberta til Saskatchewan.


Me køyrde langt....


In the Prairies - Saskatoon, Saskatchewan
.. og lenger...


Der ser me skiltet iallefall..


Der ligg byen Schackleton!


Det brune huset midt i bildet med omliggande kvartal var vårt.



Nokre gateskilt heng framleis oppe.





Her svingar gliset ut på byens hovedveg. "Estaten" ligg bak hekken.


Shackleton Saskatchewan Ghost Town
Schackelton bensinstasjon


Title: Ghost TownCanon EOS 1Ds Mark III
Slike kornsiloar var det overalt i småbyane på Prærien.


 Head and shoulders of a dark-haired man looking directly to camers. The straps of a harness over his shoulders are visible.
Sir Ernest Schackleton


Dagens kviss: Kor er Sir Schackleton gravlagd?



tirsdag 22. mars 2011

Høgre, venstre... eg visste eg er normal

Er du ein av dei som blir svett i handflatene når nokon ber deg svinge til høgre?  Det blir eg også. Eg svettar, og det sviv i hovudet;  Høgre, høgre... æh, det er IKKJE klokkehanda. I og med at eg er keivhendt kan eg ikkje nytte "skrivehandshugseregelen" her. Det hadde gjort det lettare. Eg har lært ungane mine at venstre er klokkehanda og høgre er skrivehanda. Dette slik at dei skal klare seg betre i verda enn eg.

Eg har fundert på dette problemet i mange år. I svake øyeblikk har eg tenkt eg var unormal, eller mindre med. Men eg har kome til at eg er vel nokså normal, kva nå det må tyda, men at det måtte skuldast at eg er keivhendt. Så les eg i Illustrert vitenskap at eg er høgst normal. Ikkje berre det, men eg er også av typen ikkje-egosentrisk orientert!

Denne egosentriske orienteringa er av nyare dato. I vestlig kultur brukar ein kroppen som utgongspunkt og forklarar ting ut frå den. Høgre og venstre vil då endre seg når me endrar posisjon.  Høgre for meg, blir venstre for deg, og når eg snur meg vert det omvendt. Forvirra??

Naturfolk orienterar seg etter omgivelsane og himmelretningar.  Menneska er fødde med eit " indre kompass".  Då blir ting likt sjølv om personen snur seg.  Dette blir på fint kalla allosentrisk orientering. Eg orienterer meg altså etter allosentrisk orientering, og ikkje etter dumskap. Takk og lov!

Kven har ikkje slete med veiskildringar i framande byar.  -Du går til høgre, så venstre, så til høgre igjen.  "You can`t miss it".  Men det er akkurat det du gjer.

Dei fleste av oss har vel gått på ein eller annan form for gymnastikk der trenaren står framme og seier venstre arm opp, venstre arm ned, og gjer stikk motsett sjølv. Kvifor?  Jo, for, om trenaren tok venstre arm opp, ville alle ta høgre arm opp. For me speglar kvarandre og dermed misforstår.  Så mykje for den egosentrisk orientering.

I et moderne bymiljø er begreper som høyre og venstre uunnværlige. I åpne landskaper er de ikke til noen nytte.
Byas på tur.  foto: ill.vit.


Her kan de med sjølvsyn lesa artikkelen:
http://illvit.no/hjernen/venstre-og-hoyre-er-mot-naturen


Dagens kviss: Kva kalla dei venstre hand i gamle dagar?

mandag 21. mars 2011

Komler i lange banar

I går rauk det or pipa på Mo grendahus. Dei som køyrde forbi kunne sjå ein travel parkeringsplass der bilar kom og for heile dagen. Dei som var orienterte, visste at det var den årlige  komlemiddagen for Bygdevon 4H.

Det var ein suksess som vanlig. Travle 4 H`arar brukte heile fredagen til førebuing. Det var skrelling, kutting, rasping, rydding, vasking. Så må bord settast fram. Etterpå skal alt ryddast og vaskast.  Jammen er dei flinke.

Liva og Ida har selskapskaker som 4H prosjekt. Dei laga ei saftig og stilig klubbkake.  Denne kan de sjå lenger nede på sida.

Søndagen tok kjekke unge servitørar i mot oss i fint svart og kvitt antrekk og tok opp bestilling. Kameraet mitt kutta så eg fekk ikkje dokumentere denne hendinga, dessverre.

Her var det ikkje snakk om kor mange som skulle eta, men kor mange komler ein skulle eta. Vil du ha 4, eller fleire komler ? smila dei.  For 150 kroner kunne ein eta så mykje ein ville. Surmjølk, eller saft attåt og kaffi og kaker etterpå. Var det rart at me rulla ut att?

I løpet av søndagen var nærmare 80 personar innom for å metta seg.  Overskotet brukar dei til den årlige helgeturen til Hovden. Denne turen ser dei fram til og er glade at så mange kjøper komlemiddag.

Bygdevon er den klubben i Rogaland som har auka mest. Dei fekk 16 nye medlemmer sist år og dermed vann dei vervepremien. Premien er gratis fylkesleir i juni for heile klubben. Gratulerer!



Sydanes komlegryte


Ferdige komler. 


Døme på komlemiddag

Kaka som Ida og Liva laga til komlemiddagen ( foto I. Lunde)


Dagens kviss: Kor mange 4 H klubbar er det i Suldal?

søndag 20. mars 2011

Kvissoppdatering

Eg hadde litt vas på bloggen min i dag. Nokre av innlegga dykkar forsvann, men dei kom plutselig tilbake ;)

Kvissen har gått i tre dagar og resultata er til nå slik:

16/3   Anne              rett svar: han var konge
17/3  Han innante     rett svar: Georgine
18/3  Han innante     rett svar: Mira Zuckerman

Då ser det ut til at eg har fått kontroll igjen ;)

manglande kviss-svar

Det er ingen som har svart på spørsmålet for fredag 18. mars

Spørsmålet er: Kven er teatersjef for teater Manu?

Skuldas det helga, eller manglande engasjement??

Vårjamndøger

I dag er det vårjamdøger. Då blir det lengre dager her hjå oss. I dag er natt og dag like lange over alt på kloden vår. Framover blir det lengre dagar og kortare netter her nord. Så underleg, som han sa Obstfelder, på Nord- og Sydpolen er det verken dag eller natt  i dag.   Det varierer kva tid vårjamdøgeret er, oftast er det 21.mars.  Det nøyaktige tidspunktet for årets vårjamdøger er oppgitt til kl  23.21

Primstaven har merka av ei hakke, ein plog, ein kross eller ei grein, alt etter kor, eller av kven primstaven var laga. Denne dagen skulle ein hakke opp jord og kasta utover åkeren så snøen smelta fortare. Dagen er også Bendiksmesse til minne om St. Benedictus som stifta Benediktinerordenen.

Denne dagen slapp dei somme stadar ut eit "Bent prøvesvin". Dei sende ein gris ut på tunet og sparka og slo han litt for å sjå om han hadde tålt vinterforinga så godt at han ikkje fall dau om etter sparkinga...  Godt me ikkje er svin.

Det er vårjamdøgeret som set tida for påsken. Første påskedag er alltid første søndag  etter første fullmåne etter vårjamdøger. Lett hugseregel, ikkje sant?
Nå har eg passert 50- streken og likevel slit eg med å hugse denne lette regelen.  Fullmånen var laurdag 19.mars. Neste fullmåne er 18. april og første søndagen etter det er 24. april. Eureka!, eg har funne ut at 1. påskedag er søndag 24 april.

Slik treff sollyset jorda på vårjamdøger


Fullmånen lyser spesielt sterkt når Månen er nær oss. (Foto: Trym Norman Sannes )

Det er 19 år sidan fullmånen var så stor som i går.


lørdag 19. mars 2011

Tubfrim lever ennå!


Suldal kommune har sagt ja til TUBFRIM om å plassera innsamlingskasse for brukte frimerke og telekort i ekspedisjonen på kommunehuset.
Alle er velkomne til å levera inn sine bidrag - alle monnar dreg....


Hurra hurra!  Tubfrim har eksistert i Noreg  sidan dei etablerte seg på Nesbyen i 1928  Eg har i over 30 år levert frimerker til Tubfrim. Eg har ikkje så mange frimerker som før i tida, men det dukkar opp eit frimerke i ny og ne.  Her i heimen går ikkje eit einaste frimerke til spille. Alle blir klipte ut og sendt avgarde til Tubfrim. Nå kan eg levere dei i kassen  på kommunehuset istaden.  


Tubfrim gjer ein viktig jobb og det er viktig at dei er lett tilgjengelig for folk. Derfor er dette eit veldig bra tiltak frå kommunen si side.
Tubfrim har  i over 80 år har samla inn brukte frimerke, prospektkort og telekort. Dette videresel dei til frimerkehandlarar, privatpersonar og samlarar i Norge og mange andre land.


Overskotet, 650.000,- i 2010, vert fordelt av eigaran deira, Nasjonalforeningen for folkehelsen, og går til helse- og trivselsfremmande tiltak for funksjonshemma og funksjonsfriske barn og unge i Norge, og til bekjemping av tuberkulose.  Søknadsfristen var  15. mars. 



Samlekasse for brukte frimerke og telekort

Tubfrimboks

Du finn mykje meir om TUBFRIM på deira heimeside www.tubfrim.no


Du kan lika dei på Facebook og spre det glade bodskap:

http://www.facebook.com/pages/TUBFRIM/131343360210582?sk=wall&filter=2

fredag 18. mars 2011

Fem på tolv psykose

Eg har vore på teater. Ikkje at det er ein sensasjon. Det hender eg er innom eit teater. Men eg har vore på døveteater. Det er heller ikkje nokon sensasjon, for det har eg ofte vore. Men dette var eit knakandes godt stykke. Og eg må dele det med dykk.

Stykket heiter " Tolv på fem psykose" og er skreve av Sarah Kane. (4:48 Psychosis) Stykket er oversett av Jon Fosse. Det vil sei at stykket er på nynorsk. Det er ein vellykka kombinasjon. Teiknspråk med si poetiske og direkte uttrykksform blanda med nynorsk gir stykket ein ekstra dimensjon.

Stykket hadde urpremiere i London i 2000 og har vore oppsett på fleire teater. I Noreg er det Rogaland teater som har sett det opp stykket, i 2003 då med 7 unge frå barne- og ungdomsteateret.  Det er sett opp som monolog i Danmark og Sverige.

Sarah Kane skreiv stykket kort tid før ho tok livet av seg i 1999 på det psykiatriske sjukehuset ho var innlagd. Tittelen viser til det tidspunktet ho pla vakna når ho var inne i ein depresjon. Ho vakna med ei kjensle  av klarhet. Ho visste kven ho var, men det var ei ho ikkje orka å vere.

To skodespelarar, eit kvitt rom. Der ligg fragmenter av Sarah Kane si historie. Ei reise inn i eit kjempande sinn. Kropp og sjel er blitt framande for kvarandre.  Dette er ikkje så mykje eit skrik om hjelp, heller ei bønn om kjærleik.  " Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje halda livet ditt i hendene mine"

Teater Manu har 10 års jubileum og feirar med å prøve ut nye uttrykk. Produksjonen har som mål å forene ulike språk og kulturar saman på scenen.
To språk - to kulturar- to skodespelarar -  eitt ønske om sjølverkjenning og ei bønn om  kjærleik.

Dette er eit stykke som ein kan sjå om ein ikkje kan teiknspråk. Det er både tale  og teiknspråk. Deler av tekstane blir vist på bakveggen. Dette var eit gripande stykke der tårer og lått blanda seg.

Til hausten skal dei reise rundt med riksteateret og eg vil anbefale alle å få dette stykket med seg.

Regi: Franzisca Aarflot
Skuespillere: Ipek Mehlum og Idun Losnegård



 
Ipek D. Mehlum og Idun Losnegård


Tolv på fem psykose
Tegn, tale, tekst og bilde

Dagens kviss: Kven er teatersjef på Teater Manu?


torsdag 17. mars 2011

Pioner i kvinnesak

I dag kan me feira at det er 100 år sidan første kvinne møtte på Tinget.

17. mars 1911 var ein historisk dag. Den dagen møtte Anna Rogstad som første kvinne i Stortinget. Noreg vart ikkje det same etterpå.  Nyheita hadde spredt seg at Frk. Rogstad skulle møte som vararepresentant for Høgre sin stortingsrepresentant, Jens Bratlie. Det var lang kø for å komme inn på galleriet, mest kvinner.

"-iført en enkel og smakfull ullkjole inntok frk. Rogstad plassen i stortingsalen" meldte datidas presse. Alle , unntatt to, stortingsmenn reiste seg. Representantane Rinde og Sæbø nekta å reise seg for henne. Ikkje fordi dei var imot kvinnelige stortingsrepresentantar, men  fordi dei var for full stemmerett. I 1911 hadde kun formuende kvinner hadde denne retten. Ennå var det 11 år fram i tid at Noreg fekk første kvinnerepresentant på Tinget. Det var Karen Platou i 1922

Stortingpresidenten snakka om denne merkedagen i sin tale til representantane.  I løpet av si tid i stortinget tok Anna Rogstad ordet fleire gonger, ofte tok ho opp upopulære emner.

Anne Rogstad var fødd i Nordre Land og yngst av fire søsken. Ho og ei søster flytta til Oslo og vart lærarinner. I den tida måtte ugifte lærarinner klare seg med halv lærarlønn. Dei var ikkje verdt meir som ugifte.

Anna Rogstad var viktig innan kvinnesak, men har kome litt i skuggen av andre kvinnesaksforkjemperar. Ho var sentral i kampen for stemmerett for kvinner, i lærarinnene  sin kamp og for at jenter skulle få utdanning.

Anna var med å stifte "Fortsettelseskole for unge piker". Ho var og med på stiftinga av Kvinnesaksforeninga og Kvinnestemmerettsforeninga, og var i mange år leiar for Kristiania lærarinneforbund.  Ho stilte til valg for det nystifta Frisinnede Venstre som var i valgforbund med Høgre.

Takk til dei som gjekk føre og jamna vegen for oss!



Anna Rogstad. Stortingets bildearkiv. Foto: Szacinski
Frk. Anna Rogstad




Forslag fra Kvindestemmeretsforeningen til endringer i Grunnloven § 50, med Rogstads underskrift, datert 30. oktober 1903. Stortingsarkivet. Dokumentet i pdf.


Dagens kviss:  Anna hadde eit namn til. Kva var det?