tirsdag 31. mai 2011

Kamille, du milde!

 Kamille er eit dameblad som kjem ut kvar 14. dag. Dei skriv om mote, interiør, sminke, kjendisar og slikt stoff som ikkje engasjerer meg særleg. Eg er heller svak for historiske glansa blader.

Men her ein dag fekk eg eit høve til å lese det. Ja, eg beint fram kjøpte det. Plutseleg vart Kamille etandes for meg og.  For eg fann noko eg likte. Ikkje kjendisar og sånt, men mi dotter nummer 1  Då måtte eg jo løpe å kjøpe!



P1010104

Dette bladet ser ut som eit kva som helst blad det går tretten av på dusinet. Kven kunne vite at det stod meir enn bademote i det?  Dette var eit ekstra tjukt blad spekka med ferie, grilling og mote.




P1010105

To søte blussande av kjærleik. Merk hjarta dei teiknar til oss. "Kjærlighet trenger ingen ord" var ein romantisk film frå tidleg 80- tal. Det vart også teater av den. Eg har sett teiknspråkversjonen av denne i Oslo i 1984 (?)  Mira Zuckerman hadde hovudrolla. eit sterkt stykke.  Utan samanlikning forøvrig....



P1010113                                             
                                         Tegnspråkpoesi i hagen


P1010115


Felles interesser: reising. Det er snart ikkje den stad på kloden dei ikkje har vore, saman , eller kvar for seg. Ask har alt vore fleire veker i USA, liten som han er.


 P1010118
Fleire sider om deira uvanlege kjærleik. Like barn leikar best, vert det sagt. Om dei ikkje høyrer likt, er dei likevel like. Begge likar utfordringar. Hønemora vart litt uroa då dottera annonserte ein høyrande kjærast, men etter å ha sett han i aksjon i dotter nummer 3 sin konfirmasjon, forsvann all uro som dogg i sola.  I kyrkja let han fingeren følgje verselinene etter som me song. Då smelta eg. Dette var kjærleik.

Som i kalenderane og postkorta med små dikt om "kjærligheter er.." Kan eg trygt sei at "kjærleiken er å la kjærasten får følgje med når me andre syng!"



P1010120

Hmm, her stod det mykje ei mor ikkje ville vite. Men min kjære svigerson forsikra meg at den kulørte pressa tek lett på sanninga.  Det einaste heilt sanne var bileta. Men, det var vel for å trøste meg han sa det.

Sant er det også at mobiltelefonen med SMS, og Pcèn har gitt døve eit nytt liv. Dette har verkeleg endra livet deira.  Dei er blitt likestilt når det gjeld kommunikasjon. Og sant er det at ho har arva bestefar Lars sin songstemme. Men det gjer ingenting. Han song med den stemme han hadde. Det skal ho og gjere.



P1010078

Her er resultatet av at ein haltdaling tek utfordringa å date den døve jenta frå vestlandet. Ikkje visste han kva han gjekk til... Ikkje visste han at ho var dobbel verdsmeister i Kung fu frå VM for døve...  Ikkje visste han at han skulle lære seg eit nytt språk i vaksen alder...

Dagens kviss: Kvar jobba Karen då me helst ikkje ville møte henne på jobben?

mandag 30. mai 2011

Barneplaging i suldal

For nokre veker sidan las eg i Suldalsposten eit stykke som eg ikkje har klart å leggje frå meg. Det var artikkelen  "Tøffe språk- tak"  skrive av Esther Moe.

Rådmannen har tatt tak i den dårlege språkopplæringa for grunnskuleungar i kommunen.  Ho vil sende framandspråklege elevar frå 5- klasse til ein innføringsklasse på Sand tre dagar i veka.  Formannskapet vart splitta i saka og den vart returnert til rådmannen.

Tone Mari sand (SV)  Roar Obrestad (Krf) og Hans Sæther (Ap) meiner at opplæringa ikkje er god nok.  Obrestad seier at det er barneplaging å la ungar sitje i eit klasserom utan å forstå kva som skjer.  Ja, det er verkeleg barneplaging!

Eg veit ikkje så myje om norskopplæringa for språklege minoritetar i suldal i dag, men då eg på 90- talet tok utdanning i norsk som andrespråk ved UIB fann eg ut at det stod dårleg til i Suldal. Det var ein del av vår oppgåve å finne ut korleis stoa var i vår heimkommune.

Der hadde dei fritak frå forskriftene om språkopplæring med ein merkeleg begrunnelse; "..dei skulle vere i ein langt løp."  Veiledaren min undra seg stort over at dei hadde fått eit fritak,.. og på det grunnlaget.   




I studiet vårt fekk me ein aha- oppleving gjennom stilen; "Medaljens bakside" Den var skrive av ei godt integrert jente med eit bra språk. Det vil sei eit godt overflatespråk.  Språket krasja mot det djupare underliggande språket.  Ho skreiv rett ut om ein medalje og hans bakside; Kva den eventuelt var laga av. Ho hadde ikkje fått med seg nyansane i språket, der me veit at medaljen sin bakside er ein bakdel.

Hans Erik Svennes (Frp) seier at grendeperspektivet er hans fremste perspektiv. Er det verkeleg viktigast at ungane går på skule ovanom Juvet, enn at dei lærer seg godt norsk?  Kva meiner moderpartiet om det?  Kva meinar veljarane om det? Vil dei ha ungar som snakkar dårleg norsk fordi dei måtte sitje i fleire år utan å skjøne kva som føregjekk på skulen?

Kan de tenkje dykk noko verre enn å sitje på skulen time etter time i fleire månadar utan å skjøne, berre ape etter dei andre ungane, før dei tilslutt får eit språk til å kommunisere med.  Den tida ein kasta vekk med å sitje utan å forstå, blir vanskeleg å ta att. Ein vil slite med å skjøne nyansar i språket, problemer med å skjøne vitsa; kort sagt alt som ikkje er reint informativt språk.

Det er ikkje snakk om å flytta elevane frå heimeskulen. Det er å la dei gå i ei samla gruppe nokre dagar i veka der dei får intensiv opplæring i sitt nye morsmål, og truleg i sitt eige morsmål, for det er viktig å ha ein base i eige morsmål for å lettare kunne ta inn eit nytt språk.


Dette seier opplæringslova om språkinnlæring:

§ 2-8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
    -   Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.
       Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
       Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
       Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. -

Tirsdag skal levekårsutvalet sjå på saka. La oss vone at dei vil borna det beste. Taparane i denne politiske kampen blir borna. Dei blir ei brikke på sjakkbrettet.

 La borna si rett til å snakke godt norsk på fleire plan, gå føre grendekranglar.

Dagens kviss: Kven meinte at det var dårleg integrering å ta elevane ut or heimeskulen for intensiv opplæring i norsk?

søndag 29. mai 2011

Eg har gjort eit innlegg!

Jaja , de som kjenner meg veit at eg ikkje har gjort eit innlegg. Helst har eg ikkje gjort ein skit. Eg har skrive eit innlegg, og eg har ikkje noko problem med å gjere det.


Å gjere - to do.
To do a translations, Are you doing science at school?  Go and do your hair. I `ll  do you next. I have a lot of correspondence to do.
På norsk treng me ikkje "gjere" alt dette. Me har andre måtar å oversette på. Og takk for det, ellers hadde språket vårt vore flatt og trist.


Ein som gjer ein låt.


Må me gjere alt me skal gjere?  Kan me ikkje heller syngje, eller skrive, eller kva me nå har gjort?  Det irriterer meg når eg høyrer folk gjere ein låt, eller gjere ein oversettelse. Dei kan heller synge ein låt, eller skrive ein oversettelse. Er det vanskeleg å skrive ein song istadenfor det sløve engelske "gjøre".

Som de ser av eksempla, er det i låtbransjern desse omgrepa yrer. Dei er prega av det store utland som dei helst vil bli ein del av. Der kjendisane går føre, kjem Ola og Kari etter. Kunne me ikkje heller gjere som "Vesle Kari vår så lita som ho går" og "Teleguten".  Der:  føre kom Kari lullands og lokkands, og etter kom teleguten diltands og hoppands på silkesokka.


                                         Dei gjorde ikkje denne visa, dei song og lokka.

lørdag 28. mai 2011

Ikkje skap deg!

Kva er det med skap? Me kan skape oss så mykje me vil, men det endar oftast i toskeskap. Rasmus Løland meinte at eit liv utan tullskap og leik ga lite liv. Klokskap kan bli til dårskap, som kan bli galskap kun med eit lite steg.  Å bruke bannskap og anna djevelskap i lederskap er ein dårleg eigenskap.  Hukommelsestap er ikkje bra innan vitenskap.  Vertskap og tenarskap i beredskap gir gode selskap. Utroskap og lidenskap gir råskap heller enn morskap.  Slektskap og venskap og gode bekjentskap gir felleskap.  Stakkar oss skapningar.

Me går inn i ekteskap med håp om å skape eit godt kompaniskap og felleskap.  Av og til endar det  istaden i fiendskap.  Me kan koma ut or skapet, eller bli verande der. Då er me ofte skapdrankarar. Dei går heller inn i skapet, enn å koma ut av det.

Korleis kjem ein seg ut or eit skap?. Det er ingen handtak på innsida, så ein må gjerrne ha hjelp. Oftast blir det dei næraste som kan hjelpe ein ut. Men dei næraste kan og vere med å stenge dei inne i skapet for godt. Jammen ikkje lett å skapa seg.

Eit skap som ikkjeg ir inntrykk av å vere anna enn eit skap.

Skap som tvetydig omgrep er nokså nytt. Før 1950 var eit skap eit skap, og ferdig med det. Nå blir skapet nytta som gøymestad for eigenskap ein ikkje vil avdekkje. Ein kan vere skapkristen, eller skapnerd.  Skaptrønderar er dei som eigentleg heiar på Rosenborg utan å ha dei  rette banda.

Korleis er det med deg? Er du innelåst i eit skap, eller er du på veg ut? Kanskje du aldri har vore inni noko anna enn eit vanleg klesskap?  Uansett  så bør me ikkje skapa oss meir.  Det er vår ute. Gakk ut or ditt lønnkammer og  ut i naturen. Der treng me ikkje skape oss, for det er allereie skapt. Og det er perfekt!

fredag 27. mai 2011

Har de sett Grete Pryz Kittelsen på Sand?

Eg har sett Grete Prytz Kittelsen på Sand. Eg såg henne på Kulturhuset. Ho er der ennå. Ikkje i eigen person, men tinga ho skapte er der. Me har ein vandrande utstilling med nokre av arbeida hennar.

Grete Prytz Kittelsen er eit stort namn. Ho var kalla skandinavia si designdronning. Ho døydde i 2010  De veit kanskje ikkje kven ho er, men sakene hennar har de heilt sikkert sett. Ho var stor innan emaljearbeid. Ho er gullsmeden som  laga vakre kvardagsvarer. Hennar skåler, tallerkenar, gryter, og så vidare, var lekre og tidlause bruksgjenstandar.


Copyright © Grete Prytz Kittelsen
Mix og match er samleobjekt i dag.


Grytene hennar Grete.

Kaffikjelar i fleire fargar.


Nydelige gryter, men dei vart ganske stygge etter ei tids bruk.

Alt skulle passe saman på kjøkkenet  i 60- åra


Ser det kjent ut?

Dette fatet vart seld for kr. 140.00 to år før ho døydde. Då kan me tenkje oss at det er meir verdt no.

Villaen i Planetveien 12 ble bygget i 1994, og var hjemmet til arkitekt Arne Korsmo og designer Grete Prytz Kittelsen. Det ligger ved Bånntjern på Vettakollen. FOTO: ADVOKAT TORBJØRN EK AS
Planetveien 12 der Grete Prytz kittelsen budde har vore omtala i det siste. Ho ville huset skulle vere husvære , men huset måtte ikkje endrast. No er det planar om å verne det.

ET LAVT LIV:
Sjølv om Grete Prytz kittelsen kom frå ei høg grein, hadde ho eit "lågt liv". Stova hennar var japanskinspirert.


Grete i si stove.

Utstillinga på Sand opna 7. mai og står fram til 29. mai.  Det nærmar seg slutten for utstillinga her, så har de ikkje sett den, nytt høve nå.  Etter 29. er det forseint. Kom og sjå, og kanskje ergre deg over at du kasta ei formue i sist opprydding.

Her kan de sjå ein filmsnutt av utstillinga:
http://nrk.no/design_og_handverk/design_og_stilhistorie/inspirasjon/1.6256020

Kvissen er over for denne gong. Er de interesserte i meir kviss, så skrik ut om det, og kva klokkeslett den eventuelt skal gå neste runde.

torsdag 26. mai 2011

Kvissoppdatering

Så kjem det endeleg ei kvissoppdatering frå bloggen. Den irriterande fredag den 13. øydela opplegget mitt, så eg måtte telje over alt på nytt.. Det var eit arbeid eg sytte med å gjere, for eg var helste sur på blogger.com som sletta innlegget mitt.

26. april        1681                                                    the librarian bitch
27. april         Akvariet i Berrgen                               Lutten
28. april         Parkinson sjukdom                             Han Innante
29. april        31. mai                                                Han Innante
02. mai         smultringutstikkar og smørjarn              Liv Jorunn
03. mai         Vigdis Bjørndal                                    Anne og Han Innante    delt seier!
04. mai         ask før eik gir steik                               Han Innante
05.mai          Rog. Hord. og sogn og Fj.                   Han Innante
06. mai         69 lesarar                                             Ingen vinnar          
09. mai         Herman Gmeiner 1949                         Anne og Han Innante    Delt seier!
10. mai        17 meter                                               Han Innante    
11. mai        iallefall to mnd                                       Ingen vinnar
12. mai        Lausungar                                             Han Innnante
16. mai         18. mai                                                Anne
18. mai        Du skulde vært her, kom til vaaren        Han Innanate
19. mai         rett, og plikt for nokre                           Anne
20. mai         1973                                                     Han Innante
23. mai         Karl Helgeland                                      Anne og Han Innante     Delt seier!
24. mai          Senger ombord  på skip                       Anne og han Innante      Delt seier!
25. mai          Lucien Vidie                                         Anne



Då er stillinga slik:

Han Innante           23
Anne                     14
the librarian bitch     6
Anette                     1
Lutten                      1
Liv Jorunn                1        
      

Dermed er kvissen over. Me har ein vinnar: Han Innante.

 Det har vore ein veldig spanande kviss denne gongen. Som de kan sjå har det vore konkurranse på kniven. Fire gonger har det vore delt seier. Då har Anne og Han Innante  lagt inn rette svar i same sekund. Fleire gonger har dei vore eit eller to sekund frå kvarandre med rette svar. Ein skulle mest tru dei driv med telepati.

Då gjenstår kun ein ting: premieutdeling!  Men i og med at  me ikkje veit kven Han Innante er, er det vanskeleg å dele ut premien. Kven som helst kan krevje den, berre dei er innante. Eg trur nå helst han innante er litt meir utante enn me er:)

Han Innante kom som ei kule inn i kvissen min og skremde vekk alle utanom Anne. Ho tok oppfordringa på strak arm. Anne ringde til og med forsvarsdepartementet for å få hjelp til å problematisere svaret.  Det likar me.

Dottera i heimen trudde ho var best ein dag,  men trur de ikkje han innante visste svaret då og og var før henne, endå ho sto ekstra tidleg opp for å lese bloggen.  Då fek ho til svar at ho måtte stå opp klokka 06 som han.  Då datt ho av lasset.

                 GRATULERER MED SEIEREN, HAN INNANTE!


Dagens kviss: Kven er Han Innante?

onsdag 25. mai 2011

Vær og Vilje

Eg vil og vil,
men får det ikkje til.
Klarer ikke stå,
klarer ikkje gå.
Eg bare vil og vil.



Mitt legeme er eit barometer. I desse dagar måler ein ikkje berre høgtrykk og lågtrykk,  men også osketrykk. Då er det ikkje rart at ein slit seg or senga og krekar seg rundt i huset.

Det finns vatnbaserte barometer, kvikksølvbaserte barometer, aneroidbarometer og menneskelige barometer. Sistnemnde type blir helst avfeia av vitenskapen etter at dei laga dei første barometer på 1600- talet.

Barometer fungerer slik at ved aukande trykk vil lufta i røyret trekkje seg saman og syg vatnet, eller kvikksølvet oppover.  Høgt trykk gir fint vær.  Lågt trykk gir dårleg vær. Sidan me består av mykje væske skulle det ikkje vere så ulogisk at kroppen vår reagerer på same måte. Eg er uansett like overraska kvar gong eg spår været.

Eg får vonde okler ved kommande  lågtrykk. Det kan bli varsla opptil 2 døgn fram i tid. Skiftande trykk er også særs plagsomt. Tordenvær gir trykk i hovudet. Dette er ein meir vanleg barometertype. Dei fleste kan merke tordenvær.

Er det fleire værmenn, eller damer her ute i verdensveven? Skulle vere kjekt å høyre korleis de kjenner trykket. Eg har opplevd at det er sol ute mens eg verkjer; 

Eg kan påstå at det blir dårleg vær 
mens alle ler. 
Så neste dag kan me vakna til regn.
                                              Då ler ingen av mitt tegn.


Eit primitivt kvikksølvbarometer.


Aneroidbarometer.

Dagens kviss: Kven fann opp Aneroidbarometeret?

tirsdag 24. mai 2011

å henge og slenge


Eg las i Stavanger aftenblad om dei som heng i hagen. Hengekøyer som heng i hagen. Då byrja eg å mimre. Om lange late solrike dagar på feriestaden Hiimsmoen.  I 15 år hadde eg lange late dagar i hengekøya. Hengekøya var knytt mellom to eldgamle pæretrær, frå Dr. Haave si tid. 

Det viste seg å vere umulig å oppdrive eit bilete av meg i hengekøya. Men årsaka er vel at eg var fotografen.  I mitt hovud var det stort sett sol dei åra, men fotoalbumet mitt viser noko anna. På mange av bileta er me iført regnklær, og me slenger oss slettes ikkje i køya.

Å leggje seg i ei hengekøye gjer noko med sjela. Ho får ro. I ei hengekøye kan ein liggje å sjå på himmelen, skyene og trærne, og tida finns ikkje. Det er god sjelebot og rett bruk av ferien. Då kjem ein opplagd tilbake på jobb.

Då 15 år var over og perla ikkje lenger var mi, hadde eg heller ikkje hengekøya lenger. Den høyrde liksom til der. Eg anskaffa meg ein Hammock. Det er ikkje heilt det same, men eg får litt av den same "stressless-feelingen".  Nå byrjar den og å dra på åra. Den har tak, og det er skifta ein gong. Den held stand ein sesong, eller to til. Men snart må eg bestemme meg for kva eg skal erstatte den med.



Slik skal ein henge og slenga seg i køya.



Perla vår med malingslitne vegger og to mål plen å slå. Me bytte rundt på uteplassane heile tida i desse åra. Me måla ein vegg til året og gjødsla lite. Slik fekk me tid til det gode liv.

               Der var plenen slått for i år. Litt høy blir det til dyra og  Søskenkjærleik i høysåtå.

Me fekk ofte bybesøk og det gjekk godt i dette svære huset. Merk teltet i bakgrunnen. Der stod teltet i alle år, heile somrane.

På Hiimsmoen var det både hestar, kattar og geiter. Rett over gjerdet gjekk kyrne. Og rett ned bakken til besteforeldra.


Dette er ein Hammock, eller hagegynge som den og vert kalla.


Rotting. Luxury Day Bed. Inkludert puter og solskjerm - netthandelen.no

Dette kallast "Daybed". Kanskje eg må skaffe meg ei slik når hammocken er utsleten?

Dagens kviss: Kva vart hengekøyene brukt til før?

mandag 23. mai 2011

Samanslåing.. igjen!

Stortingspolitikarane har diskutert. Dei har diskutert kommunesamanslåing.  Dette gjorde dei nyleg i møte med kommuneleiinga i Ryfylkekommunane.


Mange av politikarane ser på kommunesamanslåingstoget, og nyt synet av keisaren som dei trur har kledd seg i fine klær. Representantar frå AP, Frp og H vil ha nasjonal debatt om samanslåing og lovar å ha riset bak spegelen for motviljuge kommunar. Dei meinar det er betre å vere på hogget og hoppe i det, istaden for å bli risa inn.



Geir Pollestad frå SP har sett at keisaren ikkje har klær, og sagt klart frå om det.  Han  skjønar ikkje korleis riksveg 13 kan bli betre av at kommunane langs vegen slår seg saman. Halleluja!  Pollestad  har sett det same lyset som dei som møtte på Kulturhuset for å diskutere denne saka ei tid tilbake.

Pollestad meinar grensedebatten i Ryfylke er elitestyrt. Vidare trur han at dei økonomiske vinstane som Telemarksforskning har rekna ut er temmeleg teoretiske. Det same vart slått fast på Kulturhuset. Sverre Underbakke stilte spørsmål ved satsane Telemarksforskning brukte for å rekna seg fram til vinst ved samanslåing. For Suldal vart det ikkje stor vinst likevel, fordi me allereie er så store.

Denne saka kjem til å gå i lang tid. Politikarane vil ha oss til å tenkje stort. Men det har me i Suldal allereie gjort. Me gjorde det i 1965, då fire  kommunar slo seg saman og blei Rogalands største kommune.

Faren er at stortinget kan laga lover som seier at store kommunar kan ete opp dei små nett som i eventyra.

Ein variant til kommunesamanslåing er samkommunar. Då samarbeidar kommunane over grensene utan å slå seg saman. Det har me erfaring med her. Dr. Hellesen sa på kulturhusmøtet at dei hadde gode erfaringar med det.

Tormod Skeie sa det treffande på kulturhuset: "Fordi vi eingong i framtiden skal ha det vondt. Betyr det at me skal vondt allerede?"

Dagens kviss: Kven var primus motor bak storkommunen Suldal?

søndag 22. mai 2011

forsein i år og..

Naturen er visst ikkje heilt på lag med meg. Eg er glad i fruktbløminga i Hardanger. Eg har nytt synet fleire gonger, men no er det ein del år sidan.  I fire år no har eg tenkt meg dit, men mai er ein særs kort månad. Eg trur i grunnen den er over på ei veke. Bløminga varer heller ikkje så lenge.

Fleire år har konfirmasjonar komme i vegen.  Tre konfirmasjonar på rad eigentleg.  Eg tenkte at eg likevel skulle greie det, men så kom barnebarnet på besøk. Då går me heilt utor tida. Når eg greier å huke av ei helg og har fri.. så er bløminga over!

Moreller og tidligblømande plommer er over. Seine epler er 12 mai og sei siste er i full bløming 17. mai. Kjem det ei byge,er det over. Vell, den som lever får vel ein ny sjangse neste år!

Hardanger har vore arena for fruktdyrking sidan 1300- talet. Det var munkane som starta med det. Dei skulle vel ha altervin.  40 prosent av frukta i Noreg kjem frå  Hardanger. Dei dyrkar helst elper, plommer, moreller og pærer.


Aprikos1.jpg
Det er så nydelig, Alle de som er seine som eg, nyt synet av desse bileta.


Aprikos03_.jpg
Sjå, pollinering på gong.


Kan det bli finare?

Små trær og stor bløming
                             

             
                                             Nasjonal turistveg Hardanger


Kirsebærbløming i Japan

Eg kunne jo ha reist til Japan for å sjå på blømande kirsebær. Eg melde meg på ein japansk konkurranse om å vinne tur til bløminga. Men kanskje lika godt eg ikkje vann, med tanke på korleis det er i det området no.

lørdag 21. mai 2011

Mat i hagen

Våren kom som ei lette for folk i farne tider. Folk og fe hadde pint på maten, og alle var heller svake når det byrja å dryppe frå tokene.  Når våren kom med spirer, var både folk og fe snare til å få i seg denne næringa som skaut opp. Dei trong vitaminene og mineralene som var i det som grodde fram.

Nokon kvar kunne ha  hatt godt av det gode som veks i naturen. Men dei fleste av oss hiv innpå med vitamin- og mineralpiller.

Gå ut i din hage. Sjå kva som veks. Eg ser vitaminer og mineraler, meir enn me treng.  Kva ser du? Ser du ugras?  Om du gjer det, kan du trygt ete det. Det er sunt, og lugginga blir meir meiningsfull.

stornesle

Brennenesla er fin nå, men hugs å forvelle den før du hiv innpå. Forvelle vil sei å koke neslene opp i vatn, og så ha dei i kaldt vatn. Då forsvinn brenntrådane.  Brenneneslesuppe med kokte egg er ei vitaminbombe. Vårslappheita forsvinn som dugg for sola.  Den er like rik på vitaminer som spinaten. Den renser kroppen.  I eldre tider vov dei tekstil av nesla.  
                                                                     Neslesuppe: 
ca 200 g nesleskot/blad

1 liter buljong eller kjøttkraft

1 - 2 ss smør
2 ss kveitemjøl
salt, mjølk eller fløte.




Skvallderkål er godt til så mongt. Det er eigentleg medisin, innført til Noreg i middelalderen. Unge blad gir god og syrlig salat.  Som medisin dempar den betennelse, hjelper mot dårlige blærer og nyrer og god å bruke mot revmatisme.  Som regel har ein mykje meir i  hagen enn ein treng. Klarer ein ikkje lugge den vekk, er det smart å ete den opp.

Skvallerkålstuing

  • 4-5 never unge skvallerkålblader
  • 2 ss olivenolje
  • salt/urtesalt/soyasaus
  • 2 1/2 –3 dl melk
  • ca 2 ss maizenamel i 1 dl vann
  • reven muskat
Skyll bladene, og hakk dem fint. Surr bladene i olje sammen med det salte. Tilsett melken, og la det småkoke ca. 5 minutter. Rør maizennamelet ut i vannet, og tilsett dette. Gi det hele et kort oppkok, og smak til med reven muskat. Denne retten smaker godt tidlig på sommeren f.eks. sammen med røkelaks, eggerøre og flatbrød



Løpstikke
Løpstikke, eller kjærleiksurt er ikkje vill. Men i min hage veks den vilt. Den nyttast som grønnsak, urtetilsetning og legeplante. 



  • 75 g meierismør
  • 2 løk, grovhakket
  • 1 båt hvitløk, hakket
  • 1 kvast frisk løpstikke, blad og stilker, grovhakket
  • 500 g poteter, i terninger
  • 1 1/2 liter kjøtt- eller grønnsaksbuljong
  • Salt, pepper
  • 1/4 ts muskat, revet
  • 1 1/2 dl kremfløte
Slik gjør du det:
Smelt smøret i en kjele og la løk og hvitløk surre til det er mykt. Tilsett løpstikke og krydder, poteter og kraft. La alt småkoke 10-15 minutter. Mos suppen gjennom en sikt eller kjør den i en hurtigmikser. Hell alt tilbake i kjelen og gi suppen et oppkok. Rør inn fløten like før servering og smak til suppen med salt, pepper og ikke minst muskatnøtt.
Denne suppen blir enda bedre med godt brød og smør som tilbehør.

Av Løvetann kan ein lage salat. Ein kan torke og male røtene til kaffierstatning. Greit å vite i tilfelle krisetider. Eller ein kan lage vin av den.  Engsyra kan me bruke i salaten, i suppa, og me kan lage syrekaker.  Rabarbra er noko mange har i hagen utan å nytte. Den gir herlig saft, suppe og pai. Sevja i bjørka er herleg. Hugsar de kor godt det smaka når me var små? Me var avgarde med brusflaske, skar av ei grein og tredde flaska innpå. Så var det berre å vente, og så drikke. Heilt gratis.

Våren er ei herleg tid, og gir oss mykje godt å ete og å drikke.
Velbekomme!



fredag 20. mai 2011

Trø ikkje hardt på vegen

Ein skal fara fint med andre sin eigedom. Det har me lært frå me var små, men eg lærte noko nytt når eg las Suldalsposten lordag...

Ein skal ikkje køyre etter vegane kva tid me vil. Iallefall må me ikkje køyre etter vegane i vårløysinga. Då er det best å halde seg heime om ein veg mykje. Dette har ein mann frå halvøyna fått læra. Han fekk byggjevarer køyrd til eigedommen sin. Lasta vog ein del. Vegen tok skade av dette meinar teknisk avdeling i kommunen. No vil dei sende rekninga til hyttebyggjaren.

Hyttebyggjaren vil ikkje krangle, men er overraska over at vegane ikkje kunne nyttast heile året. Han meiner det burde vore opplyst om det, dersom dei suldalske vegar ikkje er bygde for heilårstransport.
 

                                                Du skal ikkje kjøre på vegen.
                                                   vegen må få ver i fred.
 Mållaust liv har og ei mening.
dette må me takk ta med. 
På Suldalsk veg og i dens hage
kan du sjølv ha lite kred.



Her har inkvan trødd hardt på vegen. 


Under kan de sjå ein melding få "fiks gata mi."  Er det denne meldinga, som stod på "fiks gata mi", Suldal kommune har sendt vidare? :

- "Bratt vei ned fra haugen/naustvik gård og til vintervik/naustvik. Veien er ikke kjørbar for "normale" personbiler. Veien har rast ut enkelte steder, store telehiv og meget dype hjulspor etter annlegstrafikk." 


Då må eg jammen sei at eg er glad over at eg ikkje fekk  rekning for utbetring av vegen opp til Prestaåsen i vinter. Den var forferdeleg, men me køyrde på den. Me øydela bilane våre, men me køyrde på den. Heldigvis ordna den seg sjølv då dei 20 til 30 centimeters krater med is tinte.

Vinter vedlikehald veg (Foto: Malin Kjellstadli Korsnes/NRK)

Det er vel slik i verda at ein presser folk som er under seg i systemet. Selskapet som overtok ansvar for vegane i Hordaland krev erstatning av Vegvesenet.  Dei meinar det var misvisande opplysningar i anbodspapira. Vegane var i dårligare stand enn dei trudde. Det var vel ikkje noko bombe.

Suldal kommune krev erstatning av folk som brukar. Det er vel ei slags vegtoll då. Så ver obs godtfolk, ellers kan de koma i uføre om der ikkje fer varsilt med vegane våre.



                                                 Døme på dårleg veg.


Ein mann syns kommunen var feige 
han køyrde med varer til leige
For det fekk han straff
for den vegen han traff
Var Suldal kommune si eige.

Her kan de legge inn klager på det meste om veg og vegstandard. Det er mykje raskare enn å ringe i dagesvis for å få noko gjort.  Fire minutt etter innrapportering er det sendt vidare til rett adressat:

Dagens kviss:  Kva tid er vegen som er omtala i Suldalsposten bygd?

torsdag 19. mai 2011

Hipp hipp hurra i sol og regn

17. mai blei sånn passelig. Som Aftenbladet sa det: sol og regn heile dagen på Sand. Paraply og regnklede var heile tida i nærleiken. Men, du og du, for eit flott bunadvær. Eg fraus ikkje ein prikk. 

Qi-Qi har bunad, så ho visste kva ho skulle ha på seg. Men Indiana bytta antrekk, frå skotsrutete kjole til sin rosa Chaneldrakt før ho var nøgd.

Eg var oppe på tider som bønder vanligvis står opp. Eg var lys vaken. Flaget og alt var klart. Eg hadde for første gong i mitt vaksne liv god tid ein syttendesmai- morgon. Så god tid at eg fekk sjå NRK. Så god tid at eg kunne følge oppfordringa deira og sende mms bilde inn til dei. Så god tid at eg verkeleg såg biletet.


     Liva si flotte 17.mai kake. Takka vere 4H prosjektet hennar, et eg kaker til alle tider.


Sjå der var kaka på NRK1


                                       Her er me klar som egg, iallefall eg.

På Sand har me oransjeruss. Det hevdar seg ujamt frå år til år. Dette året var av det aktive slaget.


Litt uvant var dagen også, for oss vanedyr. Det var intet tog som leda oss opp til Kulturhuset slik at me kunne høyre talen.  Men me blir vel vane med det og. Det var eit langt og fint barntog. Eg stod klar og skkulle foreviga mi dotter som gjekk framme i komiteavdelinga. Eg zoma inn og var klar til å trykke, men så forsvann heile toget. Eg brøler: "Kor blei di av?" Trur de ikkje dei tok seg ein tur bort til Neset.  Det stod jo i programmet, men eg rekna det for å vere slik trykkfeil som når  Lovraeidet blir plassert på Hamraeidet....


                                                    Her kjem toget

Musikkorpset vårt som me er så glad i.  Dei ligg på topp i haustinga av grasrotandelar i Suldal

                      Musikkorpset si fane. I bakgrunnen nok eit peik frå oransjerussen.

                                  Ein smilande representant for 17. mai komiteen.


Qi-Qi med si hardangerbunad, og med søljer på livet, likte å gå i tog. Som de ser går ho bokstavelig i tog.  (foto HHW)

Sjå fleire bilder:
Sol og regn hele dagen - Aftenbladet.no

Dagens kviss: Er det ei plikt eller ein rett å saluttere?