fredag 1. april 2011

April!!!!



I dag er dagen når me ikkje må ta noko for "god fisk". Dette utrykket speglar tilbake til farne tiders aprilspøkar. På 1500- talet ga dei inkvan aprilfisken. Denne spøken gjekk ut på å lista seg bak ryggen på folk og feste ein papirfisk på dei og let dei gå rundt med den på ryggen.  I norden går ikkje skikken lenger tilbake enn midten av 1600- talet.

Aprilsnarringa har utvikle seg gjennom tidene.  Dei siste åra er det media som står for dei mest oppfinnsomme oppslaga.  Mange hugsar med lengsel Suldalsposten sitt intervju med Korsvoll der han fortel om ei fantastisk god løysing på bruproblemet. Eg ergrar meg ennå over at det ikkje var sant!

Det luraste ein kan gjere denne dagen er å ikkje sjå tv, eller lese aviser, eller snakke med folk. så slepp du kanskje bli lurt.  Visste du forresten av VG av prinsipp aldri har aprilsnarring. Eller gjekk du på ein spøk nå?




1957 Svensk tv lanserte fargetv gjennom nylonstrømper. Ved å henge ei nylonstrømpe foran tv skjermen kunne svensk tv nå formidle sendinga i fargar. Svenskane gjekk 5 på.)

Samme år hadde BBC sitt seriøse program: Panorama, ein av dei mest vellykka spøkane. Dei synte eit program der sveitsiske bønder hausta spaghetti frå trær. Den milde våren hadde gitt ein rekordstor spaghettiavling. Folk ringde ned sentralbordet for å vite korleis dei kunne dyrke eigne spaghettitrær.

1998 Staten Alabama vedtar å endre verdien av den matematiske konstanten "Pi" til den meir bibelske verdien 3



2000 Avisa Nationen erta på seg bøndene når dei sa at dei ville bli pålagt å bidra til eit ulvefond for å sikre ei livskraftig ulvebestand

Men det hender at noko er sant den 1. april.  I 2005 lova Frokost tv (NRK) at den føste som kom ned til dei i Oslo, skulle få fri tv lisens og lottokupong. Dei stod klar med kamera og gåver, men ingen kom.


Spaghetti vokser på trær


Lurer på korleis folk reagerte på denne?

Nokre kloke ord av Mark Twain:
" April first: This is the day upon which we are reminded of what we are on the other 364"

Statkraft lurte oss godt:
http://www.youtube.com/watch?v=hgbtVR2Qrco

Dagens kviss: Kva er det Grandiosa serverer oss på pizzaen?

Har du ei god aprilsnarr, så del den med oss!!




12 kommentarer:

  1. Servert med ekte kjærlighet!!

    Har ein storebror som er 50 år idag, har nok ikkje vore like kjekt å vere født som aprilsnarr!! ;)

    SvarSlett
  2. Når du nemner fargefjernsyn, som me sa ein gong i tida, må eg vedstå at eg har vore minst like dum som svenskane. I beste laurdagsfamiliesendetid snurra dei rundt på ein fargesirkel, så vidt eg hugsar. Så sa dei at dersom folk skrudde av alle lysa i huset sitt bortsett frå eitt, ville me sjå fargar på skjermen. Som minsten i familien var det eg som måtte rundt og slå av lys. Naturlegvis var det eg som fekk kjeften fordi fargesirkelen forblei som før. Etter denne skjellsetjande opplevinga er eg blitt litt skeptisk og inneslutta, trur eg.

    Medan me er inne i televisjonsverda, kan eg fortelje om ein av mine eigne lurerier. Igjen er settinga forrige århundre: Eg fortalde tanta mi at me hadde fått fjernsyn. Utpå kvelden kom ho stimande, ivrig og nyfiken, for å sjå på vidunderet. For å seie det kort: Ho var ikkje av typen som likte å bli lurt. Etter denne hendinga fann eg ut at eg kan vere ein luring, og eg har stått bak nokre vellykka aprilsspøkar, men har etter rådføring av og til lete gode idear kun få leve på idéplanet.

    Men den undersjøiske tunellen trur eg burde gå frå spøk til alvor. Snakk om å kunne setje Suldal på kartet!

    SvarSlett
  3. the librarian bitch1. april 2011 kl. 10:24

    Eg hugsar at Nrk hadde sin farge-tv-spøk. Dersom alle skrudde av alle lys i heimane sine ville det komma fram fargar på tv'en. Me gjekk på. Heile Sauda var mørklagt hugsar eg. Og så kunne ein få billeg raudvin på polet og. Du måtte ha med deg eigen emballasje. Folk møtte opp med bøtter og spann. Den gjekk ingen i Sauda på, for då hadde me ikkje pol. Men spaghetti-hausten er nok den mest geniale

    SvarSlett
  4. Masse kjekke aprilsnarrhistorier her. Håper me får inn fleire før dagen er over.

    Eg er einig med Suldalsrypa at den undersjøiske tunellen burde blitt gjennomført.

    Og, me vil vita kva Suldalsrypa har lurt folk med i dag:)

    SvarSlett
  5. Og - me vil veta kva svaret var på dagen kviss ;)

    SvarSlett
  6. Ingen har svart rett. Svaret må dåkke hoste opp innan i morgon!

    SvarSlett
  7. Grandiosa Original (består av pizzakjøtt, ost, tomatsaus og paprika, 585g), og en hel pizza gir 1287 kcal.
    I bunnen benyttes soyaolje, og en betydelig del av fettet i pizzaen kommer fra osten og kjøttet.
    Fettinnhold er 7,5%.

    Det er 1,1 gram salt per 100 g i Grandiosa Classic, Spiser du en hel pizza blir saltinntak ganske høyt.

    Det som det er mest av i denne pizzaen, er hvitt hvetemel, dernest jarlsbergost. Disse to ingrediensene utgjør nær halvparten av hele pizzaen. Kjøttet du kanskje trodde var skinke, for det ser jo sånn ut, er blandet med hvetestivelsem, vann og soyaprotein. Det er mindre ennn 50 % kjøtt i kjøtte

    SvarSlett
  8. ???? Venter fortsatt spent på dommen!!!

    SvarSlett
  9. Haha... Trur meste denne kvissen var ein april spøk - eller kanskje ho ikkje veit svaret sjølv?? ;)

    SvarSlett
  10. Någe e d iallfall si hu ikkje gidde komma med svaret heller....

    SvarSlett