lørdag 18. juni 2011

Dagen er ikkje den same utan SP

Torsdag var det krise i heimen. Mor i heimen gjekk og venta. Ho venta på avisa. Eigentleg hadde ho venta sidan onsdag. Avisa skal kome ut då, men sidan ho les alt som står hadde ho fått med seg at neste utgåve kom torsdag.  Avisa me snakkar om, er Suldalposten. Avisa alle elskar å hate. Avisa alle har ei meining om, og som alle berre Må Ha.


Må ha den.. eg berre må ha den...


Rutinane i heimen blei rokka ved. Mor blei uroleg. Torsdag blei det fleire vender i postkassen. Inga avis. Tilslutt ransakar ho naboen sin postkasse for å sjå om avisa var kommen der. Unnskyld nabo, men postdamene har fleire gonger lagt avisa i feil postkasse...


Framleis ingen Suldalspost

Grunna ein feil hjå det stordske trykkeriet, fekk me ikkje avisa vår i Suldal. Avisa er komen på avveie, så dei måtte trykke opp nye. Fuglane veit kor dei avisene ligg...

Me fekk avisa fredag istaden for torsdag. Torsdag var ein dag seinare enn vanlig, på grunn av pinsa. Det var seint nok å få den torsdag, men fredag.....  Eg rista over heile meg, full av abstinensar.

Parkerte lesebriller

Suldalposten beklagar. Men er dei klar over at det ikkje er nok?  Gir de folk stoff dei blir avhengig av, så må leveransen vere der til rett tid...

Dagen er ikkje den same utan...



2 kommentarer:

  1. the librarian bitch18. juni 2011 kl. 12:49

    Så sant, men det blei meste i mesta laget å få ny avis to dar itte kverandre :-)

    SvarSlett