torsdag 23. juni 2011

Jonsok på Hiim

Me har i alle år feira St. Hans på Hiim, eller Jonsok som me seier. Då me var små var feiringa på Hiimsmoen. Raudekrossen sitt sanatorium feira Jonsok. Det var eit stort bål midt i beitet til Ola Hiim. Frå kjøkkenet kom dei med handkjerra full av gryter og spann. Det var pølser og brød. Og det beste av alt; iskrem i kjeks. 

Utpå kvelden sende Hiimsmo-drengen opp rakettane og me sprang som galne for å få tak i dei når dei datt ned.

Etter at sanatoriet vart nedlagt fortsette me feiringa. Utanom  Hiim, var det i Mo dei brant bål. Der var det dans og. Av og til brann det andre stadar og. Eg var eit år på Sand saman med tante Ragnhild og onkel Jostein. Det var gildt, men eg tykte det var meir liv i Mo enn der. I ungdomsåra ville me vere både her og der. Ofte for me til Mo utpå kvelden. Den lyse midtsommarsnatta.

Av og til måtte eg vere i byen, då det ikkje passa med arbeidsfri dagen etter. Då var det Vannasen som var staden. Det var i vannverksskogen på Auglend. Det kunne heller ikkje måle seg med heime. Så eg byrja å ordne meg ferie frå St. Hans.


Pøttaberget i velmaktsdagar. Her bada me om sommaren. Her leika me, og her feira me, og her brant me jonsokbål.

Av og til var det store ting som for på bålet. Eg og Lars Åge  hadde visst vikingane i tankane eit år.


Midt på 70-talet. Det er far, Ramona, mor, Marit med Silje, tante Valborg og Kari. Framme Anne , Per og Åge.


Det er flott med jonsokbål


Mykje røyk dette året. Den stig rett opp. Det er eit godt teikn;)


Erling, far, mor, eg, Maren er baby inntulla i teppe, Karen Helene, Kari og Kristin.

Oftast var det regn jonsokaftan. Far festa presenning mellom trea så me kunne sitje tort. Etter at trea velta blei det verre. Så kom redskapshuset opp og me byrja å bruke det til festen.  Dei gongene Nils Hiim kom bort med trekkspelet, vart det fest og dans på Hiim også.

Eit år brann me heksa med sopelimen.  Eg ofra ein gammelrosa genser for å gi heksa kler, men det trega eg fælt på etterpå.

Dette biletet viste seg å vere frå Karen sin 30 årsdag. Det såg eg først etter at eg hadde lasta det opp. Då hadde eg klyst såpass lenge med opplastinga at eg orka ikkje starte på nytt. Men mange av dei same folka går att på Jonsokaftan også.

Dette er også frå Karen si 30 års feiring. Men de får eit inntrykk kor fint me har det i reidskapshuset.   Søstrene har pep-talk.


DSC00072
Ha ei fin St. Hansaftan!

Dagen kviss: Kor mange blomsterslag skal plukkast og leggast under hovudputa denne natta? og kvifor?

5 kommentarer:

  1. Tror antalle blomster varierer litt . men, jeg har hørt at en tar 7 eller 9 urter/blomster og legge under hodeputa for å drømme om hvem en skal gifte seg med.

    SvarSlett
  2. 7 ulike sommerblomster må plukkast og legges under hodeputa...

    SvarSlett
  3. 7 forskjellige blomsterslag legges under hodeputa, og du vil da drømme om den du skal gifte deg med!

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Anonym, eg går ut frå det er samme person som har svart. Antalet er heilt rett 7, og ein drøymer om sin framtidige.
    Gratulerer som dagen vinnar!

    SvarSlett