onsdag 22. juni 2011

kraftrittet

19. juni klokka 12 gjekk startskotet for det aller første Kraftrittet. Suldal sykkelklubb sitt eige ritt. Med over 90 påmelde var det litt av ei rekkje som for ut frå start. 

Starten gjekk frå Ryggjatun. Så sykla dei fem og ei halv mil på asfalt, grus, over hompar og dumpar, frå Sand til Berge/ Vik og ned att til Sand. Frå Berge til Vik svingar traktorvegen seg nedover med ein helning på  21 grader.


Ved Ritlandsvatnet måtte dei kryssa stemmen. Nokre freste gjennom så vasspruten stod, andre tok det vel rolig. Mykje spanande å sjå her.



Eit kraftritt må sjølvsagt gå forbi ein kraftstasjon. Sand sin eigen kraftstasjon står  i Vetterdalen. Eg var spent på korleis det skulle gå med syklistane her, for det låg eit par centimeter tjukt gruslag på asfalten. 

På filmen som ligg nedst på sida kan de sjå korleis det såg ut. Arrangørane hadde sopa reint halve vegbanen. Det såg det spøkje ut for den syklisten som nytta høve til å passere ein konkurrent. Han kryssa over på de andre sida der grusen låg, med han heldt seg på hjul.



Syklistane vart som regel litt i stuss når dei kom hit. Her tek vegen slutt. El-verket har tatt ein spansk ein og fjerna eit kulturminne. Den gamle ferdavegen gjekk her. Me ser det nedst i bilete; det er nå ein bakke isådd gras. Graset er slått for at syklistane skulle finne fram. Nå som El-verket er avslørt, bør dei vel bli pålagd å gi oss kulturminnet tilbake.

Sidan El-verket har rasert den gamle ferdavegen her, har arrangøren vore så smart at vegskiltet kan lesast frå alle retningar, også om ein ligg i velt.

                          Her kjem Suldals sprekaste mann syklande: Ola Sandvik.

Vegen vidare; over brua, opp Apalbakkjen, Træ, forbi Jonsaløkkja og ned Snegåtå. 

Vinnarane vart : Andreas Nygård, Klepp 1.48.02 og Astrid E. Helgeland, Dalane 2.08.17

Denne er til Ola Sandvik. Den eldste, og som fullførte med glans!

Her er klippet frå Vetterdalen, ikkje Hiimsdalen som det står:

Kraftrittsida:

Dagens kviss: Kven var rittmester?

2 kommentarer:

  1. hans sæter var leiar (Suldal sykkelklubb), og Andreas Nygård frå klepp vant

    SvarSlett
  2. Bra Lutten.Du er dagens vinnar. Gratulerer!

    Rittmesteren er Sæther. Ein rittmester er leiaren av eit kavaleri. Kavaleri er soldatatar som slost frå hester, Elefantar, dromedarar eller liknande. Då syns eg leiaren av sykkelløpet måtte iallefall vere rittmester :)

    SvarSlett