fredag 30. september 2011

Daniel Moe til minne


I dag har ein viktig mann gått ut or tida. Daniel Moe døydde 25. september nær 90 år gammal. Eg har aldri visst om ei verd utan Daniel Moe. Eg har kjent han sidan før eg visste kva eg sjølv heitte. Det var vennskap mellom Hiim og Moe, så me treftes i selskap og besøk.

Frå eg var liten var eg med til Mo og sat på kjøkkenet og høyrde dei vaksne prata. Det er helst på kjøkkenet gode venner treffest, men eg har og vore i stova deira som gjest. Stova med det fine framskapet han laga. 

Daniel var bonde i Mo. Men han var mykje meir enn det. Han var ein ekte kulturbærar. Han var flink med hendene. Det er mange murar etter han rundt om. Treskurden hans er kjend. Sjå godt på stolane framme ved alterringen  neste gong du går i Sand kyrkje. Stolane er laga av Daniel Moe. 

Etter som åra gjekk, vart Daniel tunghøyrd. Det er vondt å vere sosial, og så bli tunghøyrd. Det vart tyngre for han å følgje med i samtalar rundt bordet. Men ein til ein samtale gjekk bra. Likevel skremde det han ikkje frå å ta del i det sosiale livet. Han kunne snakke med kven som helst, kva språk dei enn snakka. 

Han var av den gamle sorten som ikkje var prega av den kjappe tv stilen.  Per Inge Torkildsen sa, ein gong på ein revy, at det var kun i Ryfylke dei kunne følgje ein vits som varte meir enn eit halvt minutt. Daniel sine historier var aldri kjappe, dei varte meir enn eit halvt minutt.  Men dei var desto betre. 

Tok ein seg tid og sette seg ned  med Daniel var det som å opne ei Sareptas krukka. Han visste noko om det meste. Han fortalde soger og kunne steva. Etter han pensjonerte seg som bonde, gjekk han over i reiselivsbransjen. Han laga fenalår til Mo laksegard etter gamle måten. Han visste kva som skulle til for å få fram den beste smaken.


Slik er mine første minne frå Mo. Kvar gong far hadde eit ærend til Borghild og Daniel, maste eg om å få vere med.  (foto Soga om Sand)



Alltid eit lunt smil og ein god kommentar.

Daniel var aldri den som tok mest plass. Men han var så rolig og fin, og visste veldig mykje. Balansen i bygda blir omrykka. Ein viktig bærande bjelke i samfunnet er borte. Den vil me aldri få att.

Av sin eigen klokskap
kyte ingen,
men ver håv i hug.
Når du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje brått i beit.



Ein vis mann sa at folk lever så lenge dei vert minna. Då er det ikkje fare her. Me har alle mange gode minner etter Daniel. La oss halda dei i live.

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
eg veit eitt
som aldri døyr
dom om daudan kvar.





I godt lag på  Hiim. 

Liva sat til bords med dei vaksne i mor sitt selskap, mens eg og Anne varta opp. Etter ei stund kom Liva alvorlig inn på kjøkkenet og spurte oss:  "Kor gamle e di?"  Me lurte på kvifor ho spurte om det. Då seier ho: " Di seie di er mellom 80 og 90 år, men d e umuligt" 
 Denne gjengen  av bygderar var altfor ungdommelige til å vere så gamle tykte ho. Me sa oss einige i det.

I dag skal me følgje Daniel til grava. Fred over minnet!

Det er ingen kviss i dag.

3 kommentarer:

  1. Gilde bilder og gildt å lesa . Du er flink Liv. Eg gler meg over bloggen din.

    SvarSlett
  2. Takk for det, Marit. Det er godt å dele minner også

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett