tirsdag 20. september 2011

Miss Marple still going strong

Miss Marple var aktiv i mange år. Ho løyste dei mest uløyselige mysterier i små landsbyar i England. Landsbyar som stod i fare for utrydding om ikkje den geskjeftige Miss Marple hadde tatt saka. Seinare kunne me fylgje henne på Tv, først i svart- kvitt, seinare i fargar. Fasinerande og nysgjerrig var ho.

Den første Miss Marple

No ligg ho helst og støvar ned i bibliotek rundt om kring. Med eit hederlig unntak.Vår eiga Miss Marple er i full vigør. Ho løyser små, veldig små og større saker. Lurer du på kor du la jakka di, så kan ho sei kor ho ligg. Lurer du på kva som går på kino, kan ho sei deg kva som går.  Har du eit lånenummer, veit ho kven du er. Veit eg ikkje kven du er, kan ho jammen meg fortelje det, og om me er i slekt.

Ennå ei Miss Marple

Inni mellom alle dei små sakene har ho også løyst eit større mysterium. Ho har løyst eit 12 år gammalt kinesisk mysterium! Slå den!

Miss Marple sin nysgjerrighet, hennar gode kontaktnett og den uvurderlige Facebook ga svaret.  Er du nysgjerrig nå?

Ein bibliotekar frå trøndelag var på Sand for å sjå på bowlingbanen vår. Dei skulle og lage seg ein slik liten 3 banehall. Seinare hadde han vore i kontakt med ein kinesisk radiostasjon som viste han nokre bilete. Han fekk kopi, tok med seg heim, for han lurte på om det var ei vestlandsbunad på bilete. Så sende han det til sin  nykjende bibliotekarkollega på Sand.

Miss Marple ikkje berre kjende bunaden. Ho kjende den som var ikledd bunaden også. Det var vår eiga Julie Ege. Ho sende svaret til kollegaen i trøndelag som kontakta kineserane att.

Det viste seg at ein mann hadde kjøpt ei kasse med bilete på grunn av rammene. Men så hekta han seg opp i at det såg ut som om det var samme folka på alle bileta. Så han vart nysgjerrig på kven dei var.

I 12 år spurte og grov han. Spurte utenlandske gjester, sende det til radio og tv kanalar utan hell. Han fekk beskjed om å ta det med ro. Dette var dødfødt.

                                                 Vår eiga Miss Marple

Etter 12 år kjem så vår eiga Miss Marple og løyser saka. Det viser seg at Julie Ege si dotter Joanna bur i Kina. ho hadde sett sakene sine på lager. Då ho skulle henta dei var alt vekke.  Ho var lei seg for ho hadde berre få bilete frå barndommen då heimen deira brann då ho var ung.

No fekk ho kassen med bilete att takka vere ein iherdig kineser og vår eiga Miss Marple.
NRK  hadde eit større innslag om denne saka utan at detektivane i Noreg blei nemnde med namn. Men vår Miss Marple har fått takkebrev og gåve frå radiostasjonen som engasjerte seg i saka.

           Miss Marple fekk fint takkebrev frå Chinese Radio International, CRI

Og gåve..

Pakka fint inn...

Med ei svinfine lommebok inni

Hurra for Miss Marple!

NRK frå 27. august:
http://www.facebook.com/l.php?u=http%3A%2F%2Fwww.nrk.no%2Fnett-tv%2Findeks%2F275395%2F&h=CAQAfRH9SAQBS7ZNjPxE9wOV4EiXyZHviFFUk3S6L4F2R2w

Dagens kviss: Kor mange har spelt Miss Marple på film og TV?

5 kommentarer:

  1. 7stk speler den vaksne Miss Marple, og 2stk som den unge Miss Marple

    SvarSlett
  2. the librarian bitch20. september 2011 kl. 08:11

    Kan vel berre bukka og neia eg og takka for fine ord :-)
    Miss Marple har vore spela av fleire. Min personlege favoritt tok du ikkje med: Joan Hickson! Agatha Christie sa sjølv ein gong, og då var Joan Hickson relativt ung, at ho ville ha henne som Miss Marple ein dag. Her saksa eg itt frå wikipedia og dei istar opp 7 stk:
    "Hun bor i St. Mary Mead, en typisk gammeldags engelsk landsby. Flere av bøkene foregår der. Hun har blitt spilt av Margaret Rutherford, Angela Lansbury, Dulcie Gray, Helen Hayes, Joan Hickson, Geraldine McEwan og Julia McKenzie på film og fjernsyn, og er en av Agatha Christies mest kjente figurer."

    SvarSlett
  3. Stilig historie!

    SvarSlett
  4. Rett til begge to, men Anne var først ute . Gratulerer som dagens vinnar!

    Me ventar i spenning på fleire løyste mysterier frå Miss Marple:)

    SvarSlett
  5. the librarian bitch20. september 2011 kl. 19:37

    Å jøye meg!!!

    SvarSlett