torsdag 22. september 2011

The Salem Witch Trials

22 september 1692 vart dei siste 8 heksene hengde opp etter halsen til dei døydde. Da var 26 mennesker døydde i det som har gått over i historia som den verste heksejakta i verda. 185 personar vart tiltalt, men kun 19 vart drepne. Då var folk i Salem utsletne av prosessane og protesterte mot meir dreping. 6 døydde i fangeskapet og mange vart skada for livet etter dette.

Det byrja med at ein person skulle tiltalas for hekseri, og enda som den verste heksejakta i historia.

Det var i Europa dei var best på heksejakt. Så jakta på hekser i Salem var eit  av få tilfeller i den nye verda. Boka "Heksehammaren" la føringane for jakta på hekseri og trolldom.  Denne boka var ei tid den mest selde boka i Europa, i tillegg til Bibelen.


Korleis finne ei heks, eller trollkar.  Sitat frå boka: " Når en kvinne tenker alene, tenker hun ondt"

Dette var historia om fjøra som vart til fem høns. I Salem i Massachusetts budde engelske kalvinistar. Dei var sterkt truande og hadde reist over til Amerika som Guds utvalde folk for å byggje eit nytt Jerusalem. For utviklinga i England gjekk i feil retning tykte dei.

Då heksejakta tok til budde det 600 mennesker i Salem. Det heile starta i huset til svovelpredikanten Samuel Parris. Han var nyutnemnd som kyrkja sin leiar og tala mykje om satan sitt nærver. Så blei dottera, Elizabeth, og niesa, Abigail, sjuke. Doktor vart tilkalla og diagnostiserte dette til forhekselse.

Parris skjøna at satan hadde inntatt bygda hans. Og då starta jakta. Jentene kunne peike ut indianarkvinna Tituba som skuldig. Ho var slavetenar hjå familien Parris. Verdas mest kjende heks overlevde skuldingane fordi ho tilstod raskt. Dei som nekta var tiltala og henretta.

Ann Putnam var hovudvitne i saka.

Panikken tok  bygda. Fleire jenter fekk same sympom som Elisabeth og Abigail. Nye forheksingar førde til fleire hekseskuldningar. 12 år gamle Ann Putman peika ut fleire, noko som resulterte i 50 arresterte i nabobygda.

Livet vart utrygt. Kranglete var dei før prosessen, og verre vart dei under. Kven var heks? Kven er sur på meg og vil skulde meg for hekseri? Kampen på liv og død snudde opp ned på livet i Salem. Dei kunne ikkje stole på kvarandre lenger.

Den farlege peikefingeren.

Denne saka viser kor lett det er å hause saker opp. Peikefingeren kan vere farlig.  Kan dette skje igjen? Utan tvil. Under rette tilhøve kan det alltid bli ei "heksejakt" i ei eller anna form.

Rune Blix Hagen har skreve meir om dette:
http://ansatte.uit.no/rha003/salem.html

Dagens kviss: Kva anfall fekk jentene?

4 kommentarer:

  1. Utrop, oppkast, besvimelse og delirum av ukontrollerte kroppsbevegelse... Grand -Mal anfall,dvs. epilepsi..Spennende lesning!! Elsker sånn

    SvarSlett
  2. the librarian bitch22. september 2011 kl. 09:56

    Men jenter; es dykkar eige Norgeshistorie. Det skjedde mykje i byen kor eg har røtene mine.
    Dronning Sonja opna/innvia eit minnesmerke i sommar.
    http://m.nrk.no/m/artikkel.jsp?art_id=17639289

    Domen er best kjent fra hekseprosessene i Finnmark på 1600-tallet, da omkring 63 kvinner og jenter og 2 menn mellom 1621 og 1663 ble anklaget og deretter henrettet for forsverging, forgjøring av folk, fe og eiendom, hamskifte, å ha andre guder, dans på Domen og utukt med Satan. Av 132 personer som var anklaget for trolldom i hele Finnmark ble 76 av dem anklaget i Vardø.

    SvarSlett
  3. Eg ser her at mine to innnlegg denne dagen har forsvunnet. Det var når google Crome tok kvelden. Eg trudde det var komme ut. Då er det sikkert mykje anna også som har forsvunnet ut med google. Grr!

    Eg hadde eit langt innlegg til tlb som svar på prossessane i finnmark. Søren og :(

    Ja Anne du vann. Det var epileptiske anfall!

    SvarSlett