tirsdag 27. september 2011

Sand post mortem?

Ferje, eller ikkje ferje, er ikke lenger eit spørsmål.
Brua vil true seg fram tilslutt. Me kan meine kva me vil om det. Det alle er einige i, er at Sand sentrum skal overleve etter bruopning. Eg har hatt mange blogginnlegg om dette. Mange med idear til overlevelsesstrategiar som er nytta andre stadar. Til dømes Route 66, der dei klarte å laga turistveg av den nedlagde ruta. Men klarte me å ta den ideen? Nei, me klarte det kunststykket å la turistvegen gå utenom den gamle verdskjente  turistvegen: Stavanger- Røldal- Hardanger- Bergen. Turistvegen blir leia inn på den nye brua.

Denne kringla viser veg vekk frå sentrum.

Leiaren i Sandsgruppa tar det med ro. Sandsgruppa meiner " Sand sentrum vil stå vel så sterkt som i dag, når ferja forsvinn. Men  noko må gjerast."  Dette blir utdjupa med mange gode idear.  Dette er bra. Iniativ skal berømmast. Men dei fleste ideane er slett ikkje nye. Det er det same som er prøvd ialle år.

"Eit unikt, levande sentrum. Det skal kompensere for tapet av ferjereisande." Kven er det som i alle år ikkje har klart å einast om like opningstider? Dersom dette var kvisspørsmålet, ville svaret vore Sandsgruppa.Etter stengetid er sentrum som ein by der menneska er utdøydde. Ein og annan slengar med hund, ellers er det helst ferjeventande folk som går og ruslar.

Ellers er det forslag om tilretteleggging av "Turistdestinasjon Sand" som går ut over private; utbygging av vika der ferja legg til, og Nordenden der all trafikk på død og liv skal fram.  Begge ideane går ut over bebuarane og grunneigarane mot sjøen.

"Eit ferjefritt Sand gir oss ein sjanse til å sjå sentrum med nye auger." Dette var eit ekte skattkammer-uttrykk. La oss håpe det ikkje renn for mange millionar kroner ut med kloakken. Me har jo fått til noko unikt i sentrum; ein dyr asfaltpark!



Leiaren for Sandsgruppa slappar av sjølv om ferja sluttar å gå. Merk linselusa i bakgrunnen (foto SP)

Sandsgruppa vil samle alle krefter for å skape eit mest mogleg attraktivt sentrum. Her får de framlagt første forslaget:
-Dette er forslaget frå dotter nummer 4  Ho er ung, og veit kva som skal til for å få dei unge si interesse for Strandstaden. "Det me treng," seier ho, "er eit skilt slik som dei har i Hollywood. Skiltet skal stå på Fiskebergåsen og vise veg for alle dei som køyrer forbi på hi sida. Då vil det skje som i USA; folk vil valfarte til staden."

I Hollywood er dei plaga av hordane med turistar som brøyter seg gjennom hagar for å komma fram til skiltet. Her slepp me å tenke på det problemet, og me vil avlaste dei i Nordenden. Kommunen har alt laga veg eit godt stykke på fram. Og bubilane kan stå der brakkeriggen stod.



Slik ser det ut i Hollywood....



Sjå for dykk Sand i store bokstavar høgt opp i Fiskebergåsen..



Skiltet kunne stå her. Då ville det vere kort veg for turistane å gå. Men plassert på andre sida ville bilistane sjå det, og snu ;)



Turistane kan gå over denne fine og dyre brua.



Rull dykk ned på denne bloggen, så kan de sjå kva turistar skriv om Sand; Båtparadis er konklusjonen. Så då har me inkvan som kjem til Sand post bru!

Dagen kviss: Kva har Sandsgruppa og næringsforeininga vedtatt å kjøpe inn, for å få eit levande sentrum?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch27. september 2011 kl. 09:34

    Ja, kva var no det igjen? Nye benker, trur eg. Ikkje at eg trur at det hjelper.
    Ein kan seia mykje om Sand sentrum. Eg var med på nokre av møta til kunstlosen, det såkalla Ny Giv-prosjektet. Det blei hyrt inn mange dyre forståsegpåarar som med fine bilete viste kva dei syns om Sand. Kva som møtte dei når dei steig av ferga. Eit offentleg toalett og eit ilandstigningsområde som ofte ser ut som ein utedass. Full av søppel og rot og gamle kontainarar. Dette blei påpeika av fleire og burde vore ei enkel sak. Feiekost og høgtrykkspylar burde vore i jevnlig bruk og dersom alle ikkje klarte det, så fekk det bli ei kommunal oppgåve som "grunneigarane" i området måtte betala ekstra for. Det nytter ikkje å sminka ein gris.

    SvarSlett
  2. Dei har kjøpt 10 sitte einingar til utplassering i sentrum

    SvarSlett
  3. Godt innlegg,TLB. "Det enkle er ofte det beste seiest," det ofte på tv for tida. Byar og tettstadar med respekt for seg sjølv har reinhaldarar som "feiar" over gatene tidleg om morgonen. Treng ikkje Ny giv`arar for å forstå at det hjelper.

    Det va likevel Anne som hadde lese seg til rett svar, sjølv om Tlb var innom det. Presist 10 sitteeiningar er vedteke innkjøpt. Gratulerer som dagens vinnar, Anne!

    SvarSlett
  4. Kvifor skal folk komme til Sand framfor andre plassar? Ei ferje har vel eigentleg aldri vore grunn god nok, trass i Løland-sitat som har gitt turen stor meirverdi?

    Me reiser vel der me ventar å finne noko som skil dei frå andre stader, som til Sogndalstrand, Hå, julemarknad i Egersund, festival i Vikedal, litteraturfestival i Sauda... for å nemne noko frå vårt eige fylke.

    Kva kan ein så finne på på Sand? Dersom ein samlar lokale og nasjonale ressursar, kan Barnekultursenteret bli ein realitet - nett på Sand. Eit slikt senter vil kunne trekkje både fastbuande og tilreisande vaksne og ungar til Sand for både eit breidt spekter av aktivitetar, alt frå leik til systematisk forskning. Senteret kan vitalisere gata/sentrum og gi interessante arbeidsplassar. Grip ein ikkje sjansen på Sand, er det nok andre som stel idéen.......

    SvarSlett