fredag 23. september 2011

Uår

Me har hatt to lange og harde vintrar. Me har også hatt to biringe somrar. Denne sommaren var ekstrem.  Det har regna heile tida.

Bøndene måtte venta lenge på førsteslåtten. Nokre fekk ikkje slå andreslåtten, for ikkje snakke om håen. Vått og våtare har det vore. Vått gras gir ikkje næring. Utan næring, ikkje dyr. Utan dyr, ingen mat.


Vannskadd åker (Foto: Eivind Aabakken/NRK)
Her hadde det nok høva best å dyrka ris.


Om ein har dyrka grønsaker, korn, eller poteter, har det vore likt. Då tenkjer eg at eg er glad eg lever i 2011, og ikkje i 1811


Overfloden?

Bøndene våre må kanskje selge unna dyr, fordi dei får hausta inn for lite for. Dei kan kjøpe for, men det blir dyrt. For det er for-mangel i heile landet. Mange gardar blir ikkje drevne. Det er med å skape for-mangel.

Men me kan alltid importere varer frå utlandet. Både for og mat kan me kjøpe. Dermed slepp me unna svolt. Hadde dette vore i gamle dagar hadde me gått tunge tider i møte. Tider med striskjorte, vassgraut og barkebrød. Dette slepp me heldigvis.

Vassgraut

Men i takksemd for det, bør me tenkje over at det er faktisk mange som har tunge tider i verda. Mange land har hungersnaud. Mange land har eit politisk system som gir hungersnaud. Mange land har krig som gir hungersnaud. Mange land har så lite nedbør at det gir hungersnaud.


For lite vatn er like gale som for mykje vatn. 

Me er heldige som slepp å leve på vatn og brød.

Dagens kviss: Kva betyr striskjorte og havrelefse?

7 kommentarer:

  1. Det er et uttrykk me bruke etter fks. jul med mykje god mat og brukt masse penger. Det betyr at nå er det slutt på søsinga/overfloden, og me e tilbake i kvardagen!!

    SvarSlett
  2. Henta frå sprakrad.no:

    STRISKJORTA OG HAVRELEFSA
    Når jula er slutt, blir det striskjorta og havrelefsa for dei fleste av oss, dvs. vi tek til med kvardagsstrev og kvardagskost att.
    Striskjorte er det same som strieskjorte, altså skjorte av strie (ubleika grovt lerret). Havrelefsa var kvardagskost før. Lefse til festmat vart baka av finare mjøl.
    Vi veit ikkje når uttrykket vart brukt første gongen, men det finst både i A.O. Vinjes og i Garborgs skrifter.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch23. september 2011 kl. 08:10

    Kan og legga til at ei striskjorte gjerne måtte "gåast inn" av tenaren. Ei striskjorte var som namnet seier stri, ho klødde fælt på innsia. Herren i huset ville ikkje gå med slikt for Linfibrane kunne vera stikkete, men skjorter vovne av fiber frå nesle var enda verre og var vel alternativet vanlege folk hadde.

    SvarSlett
  4. the librarian bitch23. september 2011 kl. 08:11

    Kan jo lesa litt her og
    http://www.sove.vgs.no/Skolen/Nyheter/Tema-Striskjorte-og-havrelefse-23.september

    SvarSlett
  5. Dåkke e gode. Trur begge må gå til topps i dag. Eg er velvillig i dag;)
    Likte godt at TLB hadde med at tenaren måtte gå inn skjorta.
    Gratulerer!

    SvarSlett
  6. Hvis eg har telt rett på fingrane nå, e det berre 1 usselt poeng mellom meg og TLB! (16 og 17 poeng) (då har eg rekna meg som vinnar i går, haha)

    SÅ hadde ikkje du vore så snille idag Liv, hadde me logge likt!!!!

    SvarSlett