torsdag 24. februar 2011

Mattismesse, det dryp frå tokene


I dag er det Mattismesse. Det er til minne om Mattias, den trettande apostelen. Han kom inn istaden for Judas Iskariot som vart tatt ut etter ein uheldig handel.

Det er også den gamle skotårsdagen. Den vart skoten inn den  24. slik at Mattismesse kvart fjerde år kom på 25 februar. Mattias var ein feira mann. Han har messe om hausten også. då til haustjamndøger. Dette blei endra i år 1700 etter innføring av gregoriansk kalender.

Denne dagen blir også kalla  Laupardagen fordi det byrja å laupe ( dryppe) Torsdag den 17. var den første "lauparsdagen" på Sand. Sola skein og sola tok tak. Isen på vegen byrja å smelte, vegen blei våt. Herlig vårstemning. Så, året tjuvstarta litt på primstaven.


Merkedag for veiret:

Er dagen kald blir veiret vamare og omvent.
Mattis bryter is, er det ingen is, så gjør han is. 


Gamal overtru:

På Mattismesse hadde ingen plikt til å hjelpe folk som var uheldige og datt gjennom isen.
        
Det var gammal skikk å leike "mattis" denne dagen, for nå var været mildt nok til at ungane kunne leike ute.

.30dblkors.jpg (2644 bytes)
Mattismesse på primstaven

Dagens kviss: Kor mange ungar blei fødde i Noreg frå 18/2 1700 til 1/3 1700?



5 kommentarer:

  1. Ingen.
    I år 1700 blei den gregorianske kalenderen innført i Norge, og dette blei gjort ved at en først sløyfet datoene mellom 18.februar og 1.mars.

    SvarSlett
  2. I Danmark og Norge brukte vi den julianske kalender til søndag 18. februar 1700. Da «hoppet» kalenderen til mandag 1. mars, som var første dato etter at den gregorianske kalender var innført.

    Men, sjølv om mange dager vart borte, kan det jo likevel ha blitt født ungar her desse 2 dagane!;)

    SvarSlett
  3. heilt rett Tord, Gratulerer!

    De to dagane var tryllet vekk,Anne. 18. gjekk til midnatt og et sekund etter var det 1. mars, så dei som vart fødde då vart ført inn i kirkebokas etter ny dato.
    Alltid lika kjekt å stille det spørsmålet :)

    SvarSlett
  4. Jamen tenk hvis nåken var født 18 februar FØR midnatt, så vart jo datoen 18 februar??
    (e det detta så kalles kverulering;))

    Men, eg forstår pointet i spørsmålet, men er kje enig!haha

    SvarSlett
  5. hehe, De som var fødde 18. kl 2 min på 12 var fødde 18. De som blei fødde 1 min over 12 blei fødde 1. mars.!! Eg spurte om frå 18 og til 1. då meinte eg mellom dei to datoane. kunne presisert med "fra midnatt". men tord tog an, så då var ikkje spørsmålet heilt på jordet ;)


    så sa bedehusfolket på Jæren også når de vart påminna om at Jesus drakk vin. ja, me vett d,men me liga d isje ;)

    SvarSlett